Zara og dei.jpg

Familiedag: Juleverkstad: Zara og dei – filmvising og høgtlesing

Når:
Kvar:
Salen, Ivar Aasen-tunet
VaksenBarn
7575
Kjøp billettar

Den tradisjonelle familiedagen i desember i Ivar Aasen-tunet er alltid godt besøkt. I år kan gjestane sjå barnekunstutstillinga med utgangspunkt i boka Zara og dei: Gorillahjerne til middag, som fleire barnehagar i regionen har bidrege til. I tillegg får vi besøk av Elisabeth Moseng, sjølvaste illustratøren bak bileta i boka.

Ho vil snakke med barna om zombiar, teikne saman med barna, lese boka og vise animasjonsfilmen. Dette blir ein spennande dag med eit tema som fengjer. Museet og utstillinga er open for alle betalande gjestar og kafeen serverer julegodt og anna mat.

Opplegget denne dagen passar for barn i alderen 4 til 9 år.