Digg_Totland_foto_MariusKnutsen.jpg
Foto: Marius Knutsen

Digg

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet, Salen
Vaksen
150
Kjøp billettar

Kreativ, men enkel og god kvardagsmat kan av og til vere ei utfordring. Søndag 11. mars kan du la deg inspirere av forfattar og kokk Anders Totland i Aasen-tunet. Han får også ei utfordring av Lene Havåg frå Framtiden i våre hender.

– Dette blir søndagskos med godt samvit. Anders Totland er ein god formidlar, og er kreativ både med ord og mat. Publikum får gode tips til lekre rettar og redusert matsvinn på same tid. Betre blir det ikkje, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Aasen-tunet.

Anders Totland samtalar med Lene Havåg om boka Digg, og diskar samstundes opp med tortillalefser på steiketakke. Oppskrifta er henta frå boka, og Totland vil fortelje om blant anna matsvinn, restemat og datostempling. Publikum får også smakebitar på focaccia med paprikadip og aïoli. Lene Havåg frå Framtiden i våre hender Søre Sunnmøre utfordrar Totland til å lage deilige rettar av restemat basert på ei av oppskriftene hans.

Anders Totland er forfattar, kokk og journalist. Han debuterte i 2015 med boka Vampyrane i Eplehagen, og har sidan gitt ut ungdomsromanane Engel i snøen og Så lenge ingen ser oss. Boka Digg kom ut i fjor. Totland arbeider til dagleg i lokalavisa Sunnhordland, driv eigen blogg og held foredrag om emnet matauk.

Lene Havåg er kokk og driv bloggen Norgesmatfat.no. Ho og familien hennar har no eit felles prosjekt som går ut på å leve på norsk mat i eitt år.

Framtiden i våre hender er Norges største miljøvernorganisasjon med over 28 000 medlemmar. Organisasjonen arbeider for etisk forsvarleg og miljøvenleg forbruk, og ei rettferdig fordeling av ressursane på jorda.