Gunnhild Øyehaug, Kaisa Aglen, Tom Roger Aadland, Olav R. Øyehaug og Øystein Orten.
Gunnhild Øyehaug, Kaisa Aglen, Tom Roger Aadland, Olav R. Øyehaug og Øystein Orten.Foto: Magne Sandnes, Benedikte Skarvik, Arash Taheri, Rolf M. Aagaard og Odd Goksøyr.

Boknatta med Dylan på nynorsk

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
VaksenStudent
200100
Kjøp billettar

Tom Roger Aadland syng Bob Dylan på nynorsk, og forfattarane Kaisa Aglen, Øystein Orten, Gunnhild Øyehaug og Olav Øyehaug les frå og snakkar om dei nyaste bøkene sine.

Dylan-omsetjar Tom Roger Aadland har fått ekstra merksemd etter at Bob Dylan fekk Nobelprisen i litteratur. Torsdag 10. november kjem han til Boknatta i Ivar Aasen-tunet. Her er han i godt selskap med forfattarane Kaisa Aglen, Øystein Orten, Gunnhild Øyehaug og Olav Øyehaug.

Tom Roger Aadland har vorte skamrost av kritikarane for Blondt i blondt, som kom ut i haust. Fredrik Wandrup i Dagbladet skriv «Suveren nynorsk utgave av Bob Dylan-klassiker. De avanserte tekstene er gjendiktet med utrolig fin hånd, så uanstrengt at man skulle tro nynorsk var Dylans naturlige morsmål. En triumf både for Dylan som komponist - og for Aadland som fortolker».

Til Boknatta kjem også fire aktuelle forfattarar som alle har røtene sine på Sunnmøre. Kaisa Aglen frå Volda debuterte med Kvar i kroppen sit ingenting i 2012. Mellom krig, som kom ut no i haust, er den andre boka hennar.

Øystein Orten frå Hareid skriv både lyrikk, romanar og dokumentarar. Han kjem til Aasen-tunet med Brevet til Rosalin, som er ein brevroman om skuld og soning.

Olav Øyehaug frå Ørsta har gitt ut tre bøker med forteljingar. Botnen er den siste, som kom ut i 2016.

Gunnhild Øyehaug har gitt ut både dikt, noveller om romanar, i tillegg til at ho står bak filmmanuset til Kvinner i for store herreskjorter, som er basert på debutromanen hennar Vente, blinke. Den nyaste utgivinga hennar er novellesamlinga Draumeskrivar.

Alle samtalane blir leia av litteraturkritikar Sindre Hovdenakk.

Tom Roger Aadlands omsetjing av Bob Dylans femti år gamle mesterverk Blonde on Blonde, rockens første dobbeltalbum, sørgar for at songar som «Just Like a Woman» og «Sad-Eyed Lady of the Lowlands» har vorte gjendikta til nynorsk, og linjer som «Shakespeare he’s in the alley» og «The Persian drunkard he follows me» har vorte flytta til norske forhold. Aadland blir omtala som ein av Noregs beste tekstforfattarar og har, i tillegg til å omsethe Bob Dylan også skrive dei fleste tekstene på Hellbillies si nyaste plate. 

Butikken har gode tilbod, forfattarane signerer bøker til den som ønskjer og kafeen serverer heimelaga graskarsuppe og held ope til kl. 24.00.