Karl Seglem, Edvard Hoem, Solveig Mette Tjeltveit og Tormod Haugland.
Karl Seglem, Edvard Hoem, Solveig Mette Tjeltveit og Tormod Haugland.Foto: Oddleiv Apneseth, Tove K. Breistein, Finn Ståle Felberg

Boknatt med jazz

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
VaksenStudentGruppe
200100150 (medl. av jazzklubben)
Kjøp billettar

Edvard Hoem, Solveig Mette Tjeltveit, Tormod Haugland. Programleiar: Sindre Hovdenakk. Karl Seglems akustiske kvartett. Spesialpris for medlemmer i jazzklubben: kr 150

Karl Seglems akustiske kvartett skal saman med tre forfattarar møte publikum i Ivar Aasen-tunet under årets boknatt torsdag 19. november. Dei røynde forfattarane Edvard Hoem og Tormod Haugland, og lyrikkdebutanten Solveig Mette Tjeltveit kjem alle med bøker denne hausten.

Edvard Hoem kjem med oppfølgjaren til publikumssuksessen Slåttekar i himmelen, som handlar om hans eigen oldefar og utvandringa til Amerika. Bror din på prærien er rykande fersk når Hoem møter publikum under boknatta.

Forfattar og essayist Tormod Haugland har hausta strålande kritikkar for bøkene sine. Romanen Mørk materie viser ifølgje forlaget forfattaren på sitt beste, sjølv hevdar Haugland i intervju med Bergens Tidende at boka er ein nesten umogleg kjærleiksroman.

Solveig Mette Tjeltveit debuterer med diktsamlinga Noo gode gnu. Songar for menneske og dyr. – I Aasen-tunet får vi høyre Tjeltveit lese dikt til musikk av Karl Seglem og musikarane hans. Som arrangør er det givande å få til slike koplingar, og det er berre å gle seg, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

Karl Seglem feirar i år 30 år som musikar, og spelar i Ivar Aasen-tunet kvelden før jubileumskonserten på Nasjonal jazzscene i Oslo. Karl Seglems akustiske kvartett gir publikum melodiøs jazz og Seglem spelar sjølv både tenorsaksofon og bukkehorn. Han har med seg Andreas Ulvo på flygel, Sigurd Hole på kontrabass og Jonas H. Sjøvaag på trommer.

Programleiar for kvelden er Sindre Hovdenakk, til dagleg redaktør i Prosa, Tidsskrift for sakprosa, og litteraturmeldar i VG.

Det blir sjølvsagt høve til å få bøkene signerte av forfattarane og både kafeen og butikken har gode tilbod. Jubileumsutstillinga «Den leiken den ville han sjå», som mellom anna Edvard Hoem er ein del av, er også open under boknatta.

Som tidlegare annonsert har forfattar Synnøve Macody Lund meldt avbod.

 

Arrangementet er eit samarbeid med Jazzklubben Volda Ørsta. 

Billettpris kr 150 for medlemer av Jazzklubben (bestilling på telefon 70047570)