Bok og bakverk Norsk roeyndom.jpg
Foto: bokomslag Samlaget / Aasen-tunet

Bok og bakverk: Norsk røyndom

Når:
Kvar:
Kafeen, Ivar Aasen-tunet
Vaksen
GRATIS

Samlaget sin nye serie Norsk røyndom er utgangspunktet for vårens første Bok og bakverk i Aasen-tunet.

– Norsk røyndom er ein engasjerande og lettlesen bokserie med eit spennande blikk på korleis vi alle lever saman, og kva som pregar Noreg nett no. Denne torsdagen blir det mange slags påfyll, seier programansvarleg i Ivar Aasen-tunet Olav Øyehaug Opsvik.

Serien frå Samlaget inneheld opne og ærlege essay frå menneske i samtida. Forteljingane har noko å lære oss alle, der dei skildrar alt frå botnlaus sorg til sann glede. I boka Mot normalt får du høyre om Bjørn Hatterud sitt liv som funksjonshemma og homofil. Somaliske Mona Ibrahim Ahmed har i boka Brev til Noreg fortalt om livet sitt som somalisk flyktning, og at ho etter ti pliktoppfyllande år i landet ikkje får statsborgarskap. I Matmakt på butikken viser Siri Helle oss at vala vi gjer i matbutikken er styrte frå vi går inn døra til vi betaler.

Bibliotekar Siri Beate Gjerde vil fortelje litt om serien, presentere forfattarane og lese frå eit utval av bøkene. I kafeen kan du kjøpe kaffi og fersk bakst.

Neste gong, 8. mars, handlar det om dei første kvinnelege nynorskforfattarane og kven som kom etter. Les meir