Bok og bakverk Kvinnedagen nett.jpg
Foto: Aasen-tunet

Bok og bakverk: Kvinnedagen

Når:
Kvar:
Kafeen, Ivar Aasen-tunet
Vaksen
GRATIS

På slutten av 1800-talet kom dei første kvinnelege nynorskforfattarane. Kven kom etter? Bibliotekar Siri Beate Gjerde vil presentere fleire kvinnelege forfattarar, lese frå det dei skreiv og snakke litt om kva grunnlag desse kvinnene skapte for ettertida.

Bok og bakverk er eit gratis arrangement som er ope for alle. Bibliotekaren presenterer aktuell litteratur og i kafeen kan du nyte kaffi og fersk bakst.

Neste gong, 10. mai, vil direktør Per Magnus F. Sandsmark og bibliotekar Siri Beate Gjerde syne fram nynorsk barne- og ungdomslitteratur med skeive hovudpersonar. Arrangementet er i samarbeid med Bygdepride. Les meir