Foto_KVL_2016_utsnitt.jpg
Foto: Åge André Breivik

Barnelitterær formidlingsfest

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
Vaksen
450

Torsdag 27.oktober blir den nynorske barnelitteraturen feira i Ivar Aasen-tunet med ein inspirerande og lærerik formidlingsfest. Seminaret er retta mot lærarar på 3.-7. trinn, bibliotekarar, kulturarbeidarar og formidlarar. 450 kr pr. deltakar inkl. lunsj og forfriskingar.

– Målet er at dei som kjem skal få ei god oversikt over den nye, nynorske barnelitteraturen og forstå kor viktig det er at born får høyre og lese bøker på det skriftspråket dei sjølve skriv, seier prosjektleiar Liv Astrid Skåre Langnes i Ivar Aasen-tunet. – Vi ønskjer å gi kunnskap om dei gode nynorske barnebøkene og inspirasjon til å bruke bøkene i undervising, leik og læring.

Foredragshaldarane har eit smittande engasjement og høg kompetanse om barns lesing av nynorske barnebøker.

På programmet finn vi mellom anna forfattar Bente Bratlund, lærebokforfattar og pedagog Erik Lissner og formidlar Trond Strand, samt tilsette frå Ivar Aasen-tunet og Nynorsksenteret.

Last ned programmet her

Det blir både utstilling og sal av nynorske barnebøker. Du kan melde deg på i denne lenkja.