Aasen-tunet 16 juni 2011-1.jpg
Foto: Aasen-tunet

Apokryfane – for første gong på nynorsk

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
Vaksen
GRATIS

Bibelselskapets nye omsetjing av apokryfane, eller dei deuterokanoniske bøkene, lanserast på Ivar Aasen-tunet.

Professor, bibelomsetjar og tidlegare forlagssjef i Bibelselskapet, Anders Aschim, held foredraget Apokryfene i nynorsk oversettelse. Det blir også innlegg ved pater Ole Martin Stamnestrø om bakgrunnen til desse bibelske bøkene og dosent Jan Ove Ulstein vil halde eit innlegg frå stilistens ståstad, der han mellom anna vil snakke om stil og flytande språk.

Arrangør er Katolsk forum i regi av Vår Frue kyrkje, den katolske kyrka i Ålesund. Det er sett opp messe i Volda kyrkje kl. 14.