Tale B. Øyehaug og Vebjørn Øvereng er klare til animasjonsverkstad.
Tale B. Øyehaug og Vebjørn Øvereng er klare til animasjonsverkstad.Foto: Aasen-tunet

Animasjonsverkstad

Når:
-

Frå måndag 18. til fredag 22. juli kan born frå sju år og oppover skape sin eigen animasjonsfilm i Ivar Aasen-tunet ved hjelp av figurar og bilete dei lagar og vel ut sjølve.

Borna får lage historia si i figurar og bilete som dei legg dei i ein animasjonsboks. Så tek dei bilete for bilete, som til slutt vert sett saman til ein animasjonsfilm på Ipad. Borna får sjølve styre korleis dei vil lage filmen og tunassistentane hjelper dei som treng. Verkstaden høver best for born i alderen 7 år og oppover.

Temaveker er ein del av det nye sommarprogrammet i Aasen-tunet i år. Seinare veker er det temaveker om arkitektur og blomar, i tillegg til at Lurivar har si eiga veke i slutten av juli.

– Fram til fredag 12. august inviterer vi også til faste vekeprogram, med barnebokstund i utstillinga og songstund og eventyrstund for born i gamlemuseet. For dei vaksne har vi mellom anna foredrag og bokkafé med høgtlesing av aktuell litteratur for vaksne, seier tunassistent Tale Burgess Øyehaug.

Aasen-tunet har ope kvar dag i sommar, og kafeen serverer enkle smårettar, pannekaker og is. I butikken finn du eit stort utval nynorske bøker for vaksne og born og svært mange varer som du ikkje finn andre stader, til dømes ein serie turprodukt med Ivar Aasen-ordtak.