
Temautstilling: Nynorsk vinyl
- Når:
- Kvar:
- Aasen-tunet, basisutstillinga
Vaksen | Familie | Barn | Student | Honnør | Gruppe |
100 | 220 | 50 | 40 | 70 | 70 |
Platesamlar Arild Torvund Olsen er primus motor bak ei ny temautstilling om nynorsk musikk på vinyl.
Marie Lovise Widnes er ein av pionerane i soga om musikk på nynorsk, og skreiv historie då ho spelte inn 12 songar på to dagar for plateselskapet Philips i 1957. Sidan har fleire artistar kome til, og ein har fått utgivingar i dei fleste sjangrar. Arild Torvund Olsen har etter fleire års omhugsam leiting fått ei forvitneleg samling plater som blir stilte ut i Aasen-tunet. Han deler raust av kunnskapen sin gjennom ein ny utstillingskatalog, og publikum kan både sjå og lytte til ein video der samlaren fortel.
– I dag finst det eit stort utval av plater med tekstar på nynorsk, med alt frå akustiske viser til progressiv svartmetall. Det er interessant å sjå korleis dette mangfaldet har vakse fram, seier Torvund Olsen.
Målet med utstillinga er å vise fram nokre av dei som har gjort dei nynorske platene til viktige kulturberarar. Artistane, pionerane, tekstforfattarane, plateselskapa og institusjonane – saman har dei skapt og spreidd songskatten i rillene.