Arne Garborg

Arne Garborg, leiande nynorsk forfattar frå siste del av 1800-talet. Romanar, dikt og essay av Garborg er framleis kanoniske verk. Han introduserte filosofiske, litterære og religiøse idear gjennom omfattande skribentverksemd, og han grunnla fleire aviser.

Arne Garborg
Arne Garborg
Arne Garborg var fødd i Time på Jæren 25. januar 1851 og døydde i Asker 14. januar 1924. Han var odelsgut. Faren var periodevis sinnslidande, og barndomen var prega av farens depresjonar og tunge religiøsitet. Garborg søkte utdanning, gjennom lærarkurs, seinare lærarseminar i Holt (1870). Han drog til Kristiania i 1873 og tok studenteksamen i 1875.
Garborg skreiv heilt frå skuledagane og debuterte med Smaastubber af Alf Buestreng (1873). Gjennombrotet kom med Bondestudentar (1883), som skildrar temaet sitt med ein karakteristisk kombinasjon av økonomisk og sosial realisme og moralsk patos. Mandfolk (1886) er naturalistisk inspirert, og Hjaa ho Mor (1890) har same preget. Mot slutten av dette tiåret utviklar Garborg epistelforma i Kolbotnbrev (bokform i 1890), som fortel om flyttinga til Tynset i 1887 og ekteskapet med Hulda Bergersen.Eit overgangsverk til ein meir psykologisk stil er Trætte Mænd (1890). Samtidig henta Garborg tematikken frå barndomens Jæren og skreiv meisterverk som Fred (1892), diktsyklusen Haugtussa (1895), skodespelet Læraren (1896) og den prosalyriske Den burtkomne Faderen (1899). Det viktigaste verket etter hundreårsskiftet er Knudaheibrev (1904), skrivne på hytta hans på Jæren. Frå 1897 budde han på Labråten i Asker vinterstid og i Knudaheio om sommaren. Etter at han slutta å skrive fiksjonsverk, arbeidde han med omsetjingar og sakprosa.

Diktaren
Arne Garborg var uvanleg var for nye idear og straumdrag, og han greidde å bruke dei i diktinga si. Han skapte mønsterverk innanfor fleire ulike sjangrar og fleire periodar. Romanane Bondestudentar, Trætte Mænd og Fred er dei viktigaste episke verka. Med desse tre bøkene leverte Garborg eit klassisk realistisk, eit premodernistisk-dekandent og eit naturalistisk og karnevalistisk verk, i tre ulike periodar.

Diktsyklusen Haugtussa (med framhaldet I helheim) er eit lyrisk hovudverk i norsk litteratur og det fremste dømet på den fornya interessa for lyrikk i 1890-åra. Det føyer seg inn i dei episke diktsyklusane frå Draumkvedet til Paal-Helge Haugens Anne. Innanfor sakprosa leverte Garborg mønstergyldige essay som Hanna Winsnes' Kogebog eller epistlane i brevbøkene. Læraren (1896) er eit drama som framleis vert framført, sjølv om dramaforma er den han bruker minst. Det særskilde er altså den store breidda i bruken av litterære former og at han lukkast med så mange av dei.

Målmannen
Språkspørsmålet var viktig for Garborg på fleire nivå. Eksistensielt greip han målsaka som livsoppgåve då han glei ut av den tradisjonelle religionen på slutten av 1870-åra. I Den Nynorske Sprog- og Nationalitetsbevægelse (1877) lanserte han den såkalla tonasjonslæra, nemleg at dansk(-norsk) og norsk utgjer to ulike nasjonar som er i strid. Verket gjorde han til ein sentral aktør i landsmålsrørsla, der han utførte mykje organisatorisk arbeid. Han grunnla avisa Fedraheimen i 1877 og stod sentralt i skipinga av tidsskriftet Syn og Segn i 1894 og avisa Den 17de Mai i 1904. Saman med Hulda Garborg la han grunnlaget for skipinga av Det Norske Teateret i 1913, og han argumenterte for landsgymnasa.


Frå Jan Inge Sørbø: "Arne Garborg", Allkunne.no, sist oppdatert 10.3.2008 [lesedato 26.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

Tekstar om Arne Garborg
Peter Hognestad: Om Arne Garborg. 1921
Ivar Mortensson-Egnund: Garborgs religiøse programm. 1924
Ivar Mortensson-Egnund: Minnetale. 1924
Steinar Schjøtt: Helsing til Garborg på 60-aarsdagen hans. 1911
 
Nettstader om Arne og Hulda Garborg
Nasjonalt Garborgsenter
"Nasjonalt Garborgsenter er ein nasjonal formidlingsarena for å fremja interessa for Arne og Hulda Garborg og deira tankar og visjonar." Senteret ligg sentralt til i Bryne, i Time kommune, og opna i 2012.
 
 
Temautstilling om Askerkretsen
Utstilling om det intellektuelle og kunstnarlege miljøet kring Arne og Hulda Garborg på Labråten i Asker mellom 1897 og 1924. Laga av Nynorsk kultursentrum i 2001.

Databasesøk med Arne Garborg som emne
Dokumentasjonsprosjektet - Arne Garborg
Her finn ein Skriftir i samling I-VII (1921-22-utgåva) med hovudverka til Garborg, og nokre andre verk, dels i andre utgåver enn i samleverket. Tekstar som er tilgjengelege her, vil førebels ikkje bli lagde inn i vårt Nettbibliotek.

Dagbøker 1905-1923, I-VI
Bokutgåva 1924-1927 i fulltekst. 

Arne Garborg i bokhylla.no
Nasjonalbiblioteket sitt digitaliseringsprosjekt.