Bjørn Sortland festspediktar i 2011

Bjørn Sortland festspediktar i 2011

Forfattaren Bjørn Sortland frå Bømlo i Sunnhordland blir festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2011. Han er den attande forfattaren som får denne æra. Dei nynorske festspela 2011 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 23. til søndag 26. juni, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.

Bjørn Sortland er fødd i 1968, og han debuterte i 1992 med boka Det er ikkje natta. Han har seinare gitt ut om lag 40 bøker, dei fleste for barn og unge, men han skriv også bøker for vaksne. Sortland har markert seg internasjonalt, og bøkene hans er omsette til mange språk og har kome ut i svært mange land, mellom anna Tyskland, USA og Taiwan. Bjørn Sortland skriv bøker både på nynorsk og bokmål. Langt dei fleste er på nynorsk, og det er naturleg nok desse det blir lagt vekt på under Dei nynorske festspela. Forfattarskapen som heilskap blir det òg sett lys på.
           
Kunstformidling
Sortland har gjennom heile forfattarskapen arbeidd med kunstformidling på ulike vis. Allereie året etter debuten samarbeidde han med biletkunstnaren Lars Elling om boka Raudt, blått og litt gultder vi får vere med jenta Oda på kunstmuseum og møte mange av dei store biletkunstnarane. I den førebels siste boka Alt det som er, blir verk av den nederlandske biletkunstnaren Paul Dikker formidla. Boka blir omtala som både storslått og vakker, og er noko så uvanleg som ei biletbok for ungdom. Ho passar godt for vaksne òg, blir det peika på.
           
Prislønt
Bjørn Sortland skriv for mange ulike målgrupper og han er svært produktiv. Han er ein forfattar som har stor respekt for lesarane sine, også dei aller minste. Han er kjend for ein lett og humoristisk stil, samstundes som han tek born og unge på alvor. Eit godt og gjennomarbeidd språk er også karakteristisk for bøkene hans, som kjem ut på forlaget Aschehoug.
Sortland har fått mange prisar, både nasjonale og internasjonale, mellom dei siste er Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok 2008 for Alle har eit sultent hjerte.
           
Unike festspel
Rasmus Løland var ein av dei første norske forfattarane som såg verda frå borna sitt perspektiv. I 2011 er det 150 år sidan han vart fødd, og det vil vi markere under Dei nynorske festspela ved nettopp å ha ein barne- og ungdomsbokforfattar som festspelforfattar.
 
Kva festspeldiktaren skal gjere under Dei nynorske festspela neste år, blir fastlagt utover hausten og vinteren. Publikum skal nok få både det dei ventar og noko som overraskar. Festspela blir ganske ulike frå år til år med så ulike festspeldiktarar, seier programansvarleg Åshild Widerøe. Forfattarskapen til Bjørn Sortland spenner så vidt at publikum i alle målgrupper nok skal få møte festspeldiktaren på fleire arrangement, seier Widerøe, som også lovar noko flunkande nytt og nyskrive frå Sortland til Festspela.
 
Heimesida til Bjørn Sortland.
           
Festspeldiktarar 19942011
1994    Kjartan Fløgstad
1995    Halldis Moren Vesaas
1996    Paal-Helge Haugen
1997    Ragnar Hovland
1998    Jon Fosse
1999    Åse-Marie Nesse
2000    Rune Belsvik
2001    Brit Bildøen
2002    Einar Økland
2003    Marie Takvam
2004    Frode Grytten
2005    Edvard Hoem
2006    Olaug Nilssen
2007    Erna Osland
2008    Lars Amund Vaage
2009    Tove Bakke
2010    Rønnaug Kleiva
2011    Bjørn Sortland
 
(5.8.2010)