Israel Potter.

[Del 1 av 13]
 
(Utdrag etter Israel Potter, his fifty years of exile.)
 
           
Den, som vil sjaa eit einslegt og romantisk Landskap, kann koma til Berkshire i Massachusetts i Nordamerika. Her er Bakkelende med Skog og Eng, og ein og annan Potetaaker innimillom. Folk finst her litet av, det er mest berre Hestar og Kyr, som held til der. Men endaa kann ein heile Aaret igjenom merka paa Røykflokarne, som langsamt stig upp djupt inne i Skogarne, at dei halville Kolbrennararne strævar med Arbeidet sitt, og naar Vaaren tek til, so kann ein sjaa paa den lette Eimen, som krullar seg, at daa hev dei teket paa med aa laga Sukker av Valbjørki.
           
I gamle Dagar var det ikkje so stuslegt der. Dei fyrste Nybyggjararne søkte hit, daa dei likad seg betre uppe i Høgdi, endaa det var magert, enn nede i Dalarne, som var mykje rikare, men ufriske og vaatlendte og skoddefulle, fyrr dei vart uppdyrkad. Men smaatt um Senn tok Folket til aa draga seg nedetter og flutte ned i Dalarne, og no ser dei gamle Smaabyarne uppe i Høgdi undarlege ut. Ein skulde tru, at det hadde herjat anten Pest elder Ufred der. Her og kvar finn ein eit einslegt Hus. Timbret i desse gamle Bygningarne er so sterkt, at dei stend imot baade Regn og Vind, og dei er rent graa og grøne etter Regnet og er paa Leten just som Landskapet. I kvart Hus er der ei uhorveleg Skorsteins-Pipe av Graastein, som stikk upp midt paa Taket liksom eit Taarn. Ein ser andre Merke og etter dei gamle Nybyggjararne. Daa der var Nøgdi av Stein uppe i Fjellet, sette dei upp Gjerde liksom høge og digre Murar, so ein skulde tru det var Jutular, som hadde sett dei upp. Ein kann sjaa, at det var godt Grjot i Revolutions-Mennerne. Endaa den Dag idag fær ein dei beste Murararne fraa desse Fjellbygderne.
           
Her var Israel Potter fødd. Daa han gjætte Far sins Sauder i Fjelli i Ny-England, tenkte han visst minst paa, at det skulde koma ein Dag, daa dei skulde jaga han halve det gamle England rundt som ein Upprørar og Røming, og at han skulde koma fraa den reine Fjell-Lufti i Heimlandet sitt ned i den tjukke Skodda i London, og at han, som var barnefødd utmed den klaare og reine Housatons-Straumen skulde liva beste Manndoms-Alderen sin som ein stakars Tiggar utmed Tems-Elvi.
           
Israel Potter kom tidleg paa Vidvangen. Daa han var 18 Aar, huglagde han ei Bondegjenta i Grannelaget, men Faren totte ikkje ho var høvelegt Gifte fyr han, og daa dei slett ikkje kunne koma ihop, raadde den stakars Guten seg til aa smetta seg av og finna ein annan Heim og andre Vener. Ein Sundag Morgon, daa alt Folket var i Kyrkja, lagde han alle Tølerne sine i eit Knyte, og um Kvelden stal han seg av. Det var midt i Juli Maanad. Israel lagde seg under eit Tre i Skogen og biad paa Morgonen. Daa han vaknad og høyrde Trei susad so vekjømelegt yver Hovudet paa seg, skalv kvar den Taag i Hjartat hans, og Taarurne strøymde ned etter Kinnerne paa han. Men han tenkte paa, kor hard Faren var, og korleids han var sviken i Kjærleiks-Draumarne sine, og dermed tok han Knytet og lagde av Garde.
           
Israel fekk seg Tenest paa tri Maanar ein Stad, og til Løn skulde han hava eit Stykkje Jord, men daa dei tri Maanarne var ute, vart han snytt og laut faa seg Tenest ein annan Stad. Her lagde han seg upp nokre Pengar, og sidan slo han seg paa Skytteri. Der var flust med Daadyr og Bjor, og det var ikkje lenge, fyrr han hadde mykje Skinn aa selja. So kaupte han seg Jord, bygde seg ei Hytta, og paa tvo Aar rudde han upp eit stort Stykkje, og kvar Veter var han paa Skytteri. Daa dei tvo Aari var gjengne, selde han Jordi si og tok til aa handla med Indianararne, og daa han hadde tent mange Pengar, fekk han Hug paa aa sjaa att Kjærasten og Foreldri sine, som han ikkje hadde høyrt fraa paa tri Aar. Foreldri vart baade glade og forundrad, daa dei saag han, for dei trudde han var daud; men Faren vilde ikkje fira daa helder. Daa raadde Israel seg til aa fara til Sjøs; for so er det: Ein usæl Mann, som er veiklyndt, vil helst liva i ei Hytta i Skogen, men er han djerv, tyr han seg helst til Havet. Storhavet vaskar yver so mykje av Sorg og Klagur, og i denne Endeløysa av Rædsel kjem Sorgi og Suti til den einskilde Mannen reint burt liksom ein Drope Vatn.
           
Israel vandrad paa sin Fot til Providence, Rhode Island, og fekk Hyre med ein Slupp, som skulde gaa med ei Kalk-Ladning til Antillarne. Tie Dagar etter dei siglde ut, vart det varmelaust i Skipet, og det var Uraad aa sløkkja. Det var nettupp so vidt Mannskapet fekk Tid til aa fara i Baaten, og so dreiv dei umkring i tvo Dagar. Endeleg kom dei um Bord paa eit hollandsk Skip, som skulde til Europa. Israel gjekk og grunded paa, korleids det saag ut i Holland, og um det let seg gjera aa veida Daadyr og Bjor der, men so møtte dei ein amerikansk Brigg, og der kom han um Bord, var i Afrika, og sidan vart han Kvalfangar i Ishavet, men so tok han til aa lengta heim til dei gamle Fjelli og Kjærasten sin. Men daa han kom heim, hadde ho gift seg med ein annan. Daa tok Israel til aa slita og træla med Jordarbeid til aa døyva Sorgi; men no høvde det so heppeleg til, at der lagad seg til store Hendingar, som var sterke nok til aa lækja han fyr den vonlause Kjærleiken hans.
           
Det var i 1774. Der hadde lenge voret Usemja millom England og Nybygderne, og no var det visst, at det vilde koma til Ufred. I alle Byarne i Ny-England skipad dei Kompanier av Friviljuge, som heldt seg reiduge til aa draga ut. Israel gjekk inn i Regimentet til Oberst John Patterson. Det bar ihop fyrste Gongen ved Leksington 18de April 1775, og det kom Tidend um detta til Berkshire den 20de ved Middagstider. Israel gjekk nett ved Plogen; han hadde endaa eit Stykkje att aa pløgja; det gjorde han fraa seg, tok Skreppa paa Ryggen og Byrsa paa Aksli og gjekk til Boston med Regimentet hans Patterson. Regimentet laag i fleire Dagar ikkje langt fraa Charleston i Massachusetts. Den 17de Juni vart 1000 Mann utsende til aa hersetja Bunker-Hill. Dei tok paa med aa setja upp ein Skanse etter Soleglad, og daa Soli spratt, var Skansen ferdug. Dei engelske Grenaderarne svivyrde Fienden og gjekk fram til Storm, langsamt og rolegt, men dei amerikanske Bønderne var dugande Skyttarar og var ikkje vande til aa kasta burt Krutet sitt faafengt, og Byrsurne deira gjorde snart ljost i dei engelske Raderne. Amerikanarne skaut snart upp Munitionen sin, og daa bar det ihop til Slaasting. Av Amerikanarne var det ikkje ein av tjuge, som hadde Bajonet paa Byrsa. Berrhovdad og med uppbrette Ermar for desse kjempesterke Bønderne fram og slo um seg til høgre og vinstre og rudde seg Veg gjenom Grenaderarne. Best dei slost, fekk Israel med ein Gong sjaa ein Kaarde, som sigtad etter Beini hans. Han trudde det var ein fallen Fiende, som vilde stinga endaa ein Gong, og slo til Kaaren med Byrse-Kolven, men den Handi som heldt Kaaren, var stivnad i Dauden. I same Blinken sigtad ein annan Kaarde etter Hovudet hans, men Engelsmannen stupte fyr eit Slag av ein av Kameratarne hans Israel. Men Israel slapp ikkje beinheil fraa dette fæle Slaget. Han fekk fire Saar, eit i Olbogen, eit i Brystet, ei Kula i Halsen og ei i Foten ved Okla. Han kom paa Hospitalet i Cambridge, vart lækt og vende snart att til Regimentet sitt.
                                               
( Meir).