Velkomen til Ivar Aasen-tunet

Ivar Aasen-tunet er eit av få språkmuseum i Norden og gir born og vaksne gode opplevingar av språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk.

Museumsbesøk for alle sansar

Utstillingane opnar for fleire sansar, med installasjonar om språk og kultur som du både kan sjå, høyre og ta på. Kunnskapsrike omvisarar tek deg med i utstillinga og gir deg forteljingar til undring og ettertanke.

Festspela 2021

Opplev teater, litteratur, musikk og kunst i Ørsta og Volda under Festspela 10. juni —13. juni.

Opningstider

Tysdag—fredag kl. 12—16, søndag kl. 12—16

Her finn du oss

Aasentunet

Indrehovdevegen 176
6160 HOVDEBYGDA

Arrangement

Få oversikt over alle arrangementa våre

Aktuelt

Endeleg festspel!

Nynorsk kultursentrum gler seg stort over å endeleg kunne invitere publikum til Festspela 2021! 10.–13. juni blir det 36 arrangement i Aasentunet og andre stader i Ørsta og Volda.

Les meir

Boksamtale: «Sjå i nåde til oss»

I livet slår lagnaden vilkårslaust følgje. Forfattarane Olaug Nilssen og Laura Djupvik utforskar tilhøva for både eigenverd og tillit til kvarandre når dagane krev meir enn vi maktar. Søndag 30. mai blir det boksamtale i Aasentunet.

Les meir

Gratulerer med grunnlovsdagen!

Nynorsk kultursentrum feirar 17. mai med denne helsinga på nynorsk, bokmål, nordsamisk, sørsamisk, lulesamisk, kvensk, romanes og romani, illustrert av Jens K. Styve.

Les meir

Neste arrangement

18junifredag
Konsert

Perleskum

Tid:fredag, 18. juni 202119:00 - 20:30 / Ivar Aasen-tunet
05augusttorsdag
Foto av Reidar Djupedal

Utsett! Reidar Djupedal-feiring i Aasentunet

Tid:torsdag, 5. august 202119:00 - 20:00 / Salen, Aasentunet

Smittevern

Nynorsk kultursentrum arbeider for å ta vare på tryggleiken til gjester og tilsette ved Aasentunet, og vi følgjer dei nasjonale smittevernråda.

Hugs handvask/handspriting før, under og etter besøket.
Hald minst ein meter avstand til andre under besøket.
Video- og lydinstallasjonar er stengde, og vi oppmodar gjestar om å ikkje ta på gjenstandar.
Gjester som deltek på omvising eller andre arrangement, må registrere seg med rett namn, e-postadresse og telefonnummer for å sikre ev. smittesporing.
Bruk helst alternativ til kollektivtransport til og frå Aasentunet.
Max 10 personar samstundes i utstillinga — maks 30 i butikken/kaféen.
Med omsyn til gjeldande reglement for lokaler med fastmonterte sete har salen vår halv kapasitet, det vil seie 55 plassar
Personar som er smitta av korona, som sit i karantene, eller som har symptom på luftvegsinfeksjon (til dømes feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand), skal ikkje besøkje museet eller vere på arbeid. 
Vi oppmodar alle gjester til å halde seg oppdaterte på gjeldande nasjonale råd og retningslinjer, då desse kan endre seg.

Museumsbutikken på nett

Handlenett.no kan du kjøpe gåver og bøker til deg og dine.

Ivar Aasen-boksar
frå kr 169,-

Babysmekke
«Ny norsk verdsborgar»
kr 89,-

Sportstopp –
Mellom bakkar og berg
kr 299,-

Meld deg på nyheitsbrevet og hald deg oppdatert på det som skjer i Ivar Aasen-tunet!

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk