Anne Oterholm: Det er for ambisiøst!

Tekstgåve til Noregs Mållag ved opningshøgtida for Dei Nynorske Festspela 21. juni 2006

Kven skulle kunne lage ei gåve i tekst?
 
Ei gåve til ein heil stabel med nynorskbrukarar. Eg veit at stabelen vert representert av Noregs Mållag, men likevel? Dei er jo mange, mange mange brukarar … Kor mange er dei, eigentleg? Femhundretusen? Sekshundretusen? Eg veit ikkje. Eg vil ikkje ein gong freiste å finne det ut. Eg har rota meg inn i ein variant av filmen Mission Impossible, og av alle imbesile ting; det vart gjort frivillig; eg har sagt ja, sjølv om eg veit at det er umogeleg. Skal tru om det ville vere mogeleg å seie at eg berre har valt meg ut nokre få eksempelbrukarar ettersom eg ikkje vil skjere alle over ein kam? På ein middels fotballkamp kjem det to-tre hundre, så lenge det ikkje er ein eliteseriekamp. På ei middels diktopplesing kjem det tretti, uansett om det er ei eliteserieopplesing. Eg kan velje eit tal ein stad imellom. Kva med ei gåve til hundre nynorskbrukarar?
 
Eg veit at det ikkje er det som var oppdraget … Blomar? Blomar er bra. Kvifor var det ingen som bad meg ta med meg blomar?
 
Eller ein liten bit av den romanen eg skriv for tida. Eg kunne ha funne ei side som hadde passa inn. Det er ikkje meir vanskeleg enn at det går an å omsetje frå bokmål til nynorsk. Eller frå dansk til norsk som mor mi ville sagt. Då eg voks opp, sa mor mi til meg, syster og bror min, de snakkar ikkje norsk, de. Gjer me ikkje, sa me? Nei, sa ho. To av oss var fødde i USA, kanskje ho meinte me snakka engelsk? Men nei det var ikkje engelsk; det var dansk. Ho var frå Sotra. Heile slekta mi budde på Vestlandet. Det var berre nokre få av oss som voks opp rett utanfor Oslo, og eg kjende ingen andre enn oss tre som voks opp med Norsk Barneblad ogFrendelaus.
 
Ei gåve må vere noko ein trur mottakaren vert glad for å få, og som han eller ho helst ikkje har på førehand. Ei gåve skal vere til mottakaren og ikkje til gjevaren. Dersom ein kjenner mottakaren, risikerer ein å gje noko som dei andre som kjenner han eller ho også gjev. Spørsmålet for meg er: Dersom han eller ho er sekshundre tusen munnar, og  i desse,  sekshundretusen tunger, eller ei såkalla babels forvirring, korleis legg eg opp strategien? Av ein eller annan grunn hugsar eg korleis dei andre ungane erta då eg kom til å seie at eg berre skulle sippe opp jakka … sippe opp … ingenting som heiter … ingenting som heiter … trillande latter … ingenting som heiter … ikkje sei sipp opp … det er ikkje norsk, nei det er ikkje norsk; det er engelsk, ikkje faen om det er engelsk! Ordet finst ikkje, skreik dei. Samstundes fekk me fleire nynorske barnebøker frå onkel Nils og tante Agnes, Onkel Nils budde lenge i Ulvik og var ven med Olav H. Hauge, som eg aldri hadde høyrt om, men eg gret og gret og gret medan eg lasFrendelausfor tiande gong.
 
Korleis, korleis skal eg finne ei passande gåve …
 
I Amerika snakka eg engelsk eller stril, i Drøbak snakka eg dansk, og på ungdomsskulen fekk eg irettesetjing då eg ikkje skreiv fulle setningar. Då den irettesetjinga kom, vart eg rasande. Kvifor kom ho? Skjøna dei kanskje ikkje kva eg skreiv? Kverulantar! Alle seier at nynorsk er så poetisk. Eg skreiv den første romanen min på nynorsk, utan at han var spesielt poetisk. Minimalistisk, kanskje. Poetisk, nei? Han vart rett nok omsett til bokmål før han vart utgjeven, ikkje fordi nynorsken var dårleg, trur eg, ein smule arkaisk rett nok, men forlaget tok den nynorske versjonen, og sa at det måtte vere som eg ville. Nynorsk var ikkje heilt mitt mål, av og til mest som å skrive på fransk, tenkte eg ein augneblink. Eg har studert fransk nokre år. Ein distanse. Ein distanse som gjer noko mogeleg som elles ikkje ville vore mogeleg. Og rett skal vere rett, forlaget gret ikkje då eg valde dansk i staden for nynorsk. 
 
Bror min seier at det nesten ikkje er eit einaste ord som har endra seg frå då me var i union med Danmark og fram til no. Han har vore på eit foredrag på Sigrid Undset-dagene og sett ein mann illustrere fråsegna med truverdige døme. Min reaksjon på bror min sine fråsegner er irrasjonell, eg vert kontrær, eg kjenner at eg vil insistere på at det må vere mogeleg å skrive halve setningar utan at folk skal meine at det er vanskeleg å forstå. Når sant skal seiast, når sjølv bror min, som er av same ulla som meg, seier at me skriv dansk, så spyr eg. Slår eg. Skrik eg.
 
Sjølvsagt veit eg kva dette handlar om. Eg har faktisk amerikansk pass ved sida av mitt norske, og ikkje dansk, for er ein fødd i USA, får ein pass. Det er ikkje som i Noreg. Du kan vere så inn i granskauen fødd her utan at det spelar noka som helst rolle. I Noreg er ein litt selektiv når det gjeld mangfaldet. Om du har ein engelsk pappa og ei fransk mor som begge har budd i Noreg i minst tjue år, og du er adoptert frå Kina, kva er du til dømes då? I alle fall ikkje norsk. Truleg engelsk. Eg vil tru engelsk. Og eg er ennå ikkje komen så langt at eg har sagt kva dette handlar om. Eg vert irrasjonell når eg byrjar å tenkje på mål og målføre og språkpolitikk. Måletermeg. Mitt mål ermeg. Og difor vert eg så forbanna når nokon argumenterer for nynorsk med å peike på kor poetisk dette språket er. Den latente poesien i nynorsken, snakkar folk om. Kan så vere at det er aktuelt å snakke om poesien i nynorsk! Men eg er ikkje forskjellsfeminist heller, om eg er aldri så mykje feminist. Ei kvinne skal ikkje ha politiske embete eller posisjonar i samfunnet fordi me treng mjuke og kvinnelege verdiar. Ei kvinne skal delta på alle nivå fordi det er naturleg at ho gjer det, og nokre av dei kvinnene som tek del vil eg ha rett til å kalle idiotar. Andre vil eg halde fram som særleg kloke. Kanskje finst det fleire kvinner enn menn med mjuke og kvinnelege verdiar, kva veit eg, men det spelar inga rolle for meg i høve til spørsmål om ei kvinne skal ha same tilgang til makt og posisjonar som ein mann. Heller ikkje spelar det noka rolle om nynorsken er meir eller mindre poetisk enn bokmålet. Hadde nynorsken vore den verst tenkjelege forma for poetiske uttrykk, ville eg ikkje brydd meg. Språket er han eller ho som snakkar. Språk er identitet. Mitt språk er meg. Språket er det eg er, og seinare gjer det meg til den eg vert.
 
Eit minoritetsspråk har ikkje same vilkår som eit majoritetsspråk. Dei som har makt ser ikkje dei strukturelle skilnadene mellom eit minoritetsspråk og eit majoritetsspråk, fordi dei sjølv snakkar majoritetsspråket. Dei ser ikkje at om det ikkje finst nok lærebøker og ulik litteratur på til dømes minoritetsspråket nynorsk, så har ikkje nynorskbrukaren noko å bruke. Eller om dei ser dette, ser dei ikkje like tydeleg at det kjem til å koste. Kroner og øre. Dette er ei gåve. Eg veit ikkje om det er ei gåve, eg veit ikkje om nynorskbrukaren vil ha ei gåve frå ein danskspråkleg amerikanar. Ho seier i alle fall: Heng dei som vil gjere nynorskbrukaren til ein poetisk dinosaur! Heng dei som ikkje ser skilnaden for brukarane til eit majoritetsspråk og eit minoritetsspråk. Etterpå teier ho.