Aasta Hansteen

(Biografi, 1916)

Av Anton Aure

Aasta Hansteen
I utlandi var det alt tidleg fleire kvinnor som skreiv bøker, og sume av dei hev jamvel vorte namnkjende i fleire land. Men her heime i Norig var det fyrst kring 1850 at ei kvinna vaaga seg fram i bokheimen. Det var Camilla Collet, syster til Henrik Wergeland, som kom med fyrste boki si, "Amtmandens døtre", og med denne boki vann ho seg med ein gong eit namn i den dansk-norske bokheimen. Ho var den fyrste bokskrivande kvinna i Norig; men sidan kom fleire etter.

Det varde heller ikkje so lenge, fyrr det kom ei kvinna som gjorde ein liten freistnad i den nynorske bokheimen. I 1862 sende Aasta Hansteen ut ei liti bok som heitte "Skrift og umsskrift i landsmaalet". Namnet hennar stod ikkje paa boki, so ho vart ikkje mykje kjend med dette arbeidet, og ho kom heller ikkje til aa gjeva ut fleire bøker paa nynorsk. Det vart berre med denne vesle freistnaden; men sidan det er fyrste gongen at ei kvinna gjev ut ei bok paa nynorsk, er det likevel ei so forvitneleg hending for oss norskmaalsfolk at me gjerne vil minnast baade boki og bokskrivaren. Det var elles ei av dei aller fyrste bøkene paa nynorsk maal. Ivar Aasen hadde gjeve ut fire bøker, Vinje ei og Eirik Sommer og Axel Arbo kvar si liti bok. Det var alt som var kome paa nynorsk fyre den tid. Difor hev Aasta Hansteen sitt sjølvgjevne rom i den norske maalreisingssoga, endaa boki hennar i seg sjølv hadde lite verd.

Det var ikkje som bokskrivar ho skulde vinna seg eit namn i Norig; men likevel er det ei sermerkeleg hending at ho skreiv ei bok paa norsk maal og var so heilnorsk i all si ferd; for ho høyrde til ei av dei finaste danske embættsætter i Norig, og mor hennar var dansk- fødd.

Aasta Hansteen [1] vart fødd i Oslo den 10de desember 1824. Far hennar var den vidkjende astronomen Christopher Hansteen, som var professor ved den norske allskulen. I 1830 gav stortinget pengar til eit nytt observatorium paa Drammensvegen, og tri aar etter flutte professor Hansteen dit. Her hjaa honom samlast det mange av dei fremste i den flokken som heldt paa den danske kulturen i Norig. Det var ein flokk av dei mest aristokratiske og konservative folk i landet. I ein slik heim var Aasta uppvaksi; og i sovorne livshøve livde ho i ungdomsaari. Men ho skilde seg alt tidleg ut og vilde hava sin eigen vilje.

Sovorne livshøve var reint umogelege for ei kvinna, etter hennar meining; ho tykte ho fann ingi nøring for sitt aandelege liv. Ho vilde framum alt vera eit heilt sjølvstendigt menneskje, endaa um ho berre var ein kvinna. Det var difor so heilt rimelegt at ho ogso vilde hava eit fullnorskt Norig, og kom til aa staa imot Welhaven og dei andre "danomanane" som vanka i huset hjaa far hennar.

Ho kjende sterk trong til aa vinna fram til noko med sitt eige arbeid, og so slo ho seg fyrst paa maalarkunsten. Ho lærde hjaa Gørbits i Oslo, og sidan for ho til utlandet og vilde læra meir. Fyrst var ho daa i Kjøpenhamn, men sidan for ho til Düsseldorf i Tyskland. Her var ho tri aar og maala mange bilæte. Sume av desse fekk ho selja i Tyskland.

Daa ho kom heimatt, maala ho m. a. eit bilæte av far sin, og det finst no paa "Nationalgalleriet", den store maalarstykkesamlingi i Oslo. Ho hadde ogso fenge bilæte fram paa det samfolkelege kunstsjaaet i Paris i 1855, og sidan kosta ho sjølv paa seg ei ferd til Paris for aa læra meir. I 1860 maala ho eit bilæte som ho kalla "Grubleren", og dette fekk Henrik Ibsen tak i. Men ho vann ikkje fram paa denne vegen; ho magta ikkje aa tolka sine syner og kjenslor godt nok med maalarkosten.

Daa vilde ho freista seg i bokheimen, og so tok ho til aa skriva dikt paa nynorsk. I maalformi fylgde ho Ivar Aasen heilt, og ho skreiv ei heil rad med sovorne dikt frametter til 1870. Sume av dei vart prenta i ymse blad som t. d. "Dølen" og "Ferdamannen", men mange let ho liggja uprenta alt til ho vart gamall.

I 1862 gav ho so ut den vesle boki: "Skrift og umskrift i landsmaalet" som fyrr er nemnd. Men i den boki er det ikkje mange av hennar eigne arbeid, det er mest umskrifter: stykke or "Arne" av Bjørnson, eventyr etter Asbjørnsen og dikt etter Wergeland, Welhaven, A. Munch, Jørgen Moe og Bjørnson. Av bokskrivaren sjølv er der tri dikt: "Visa um harpa", "Til Sverike" og "Til Danmark". Sist i boki hev ho so ein liten kjøkemeistertale. Alt dette er innlegg for norskdomssaki, som so heilt aatte hugen hennar.

Nokre aar etterpaa, i 1867, bar ho fram i "Ferdamannen" tanken um ei fullnorsk lesebok, og ho etla seg til aa gjeva ut ei sovori bok, um folk vilde ha ho. Men ho var nok for tidleg ute, og det vart ingenting av det.

Sidan kom ho ikkje til aa skriva noko paa nynorsk, for det var andre ting som daa tok heile hennar hug. Men daa ho var meir enn 80 aar gamall, samla ho 25 av dei norske dikti sine og sende til "Syn og segn". Dei vart daa prenta i februarheftet av denne tidskrifti i 1908. Det er dikt av ymse slag og ymist verde. Mange av dei er stridsdikt eller varme innlegg for norskdomen; men ho slær au stundom paa dei finaste strengjer og fær fram mjukare tonar. I "Ei visa um tvau hjarto" er endaa ei liti soga um usæl elsk. Det er daa likt til at jamvel Aasta Hansteen, den fæle mannfolkhataren, kunde skriva um elskhug i ungdomsaari.

Etter 1870 ofra ho seg heilt for kvinnesaki; det vart hennar livssak. Kvinna si frigjering baade aandeleg og politisk, det var det maal ho sette seg fyre aa arbeida for. Ho var ei eldsjæl, og med heile sin glødande eldhug kasta ho seg inn i striden. Det var eit fælt vaagespel den gongen, og Aasta Hansteen fekk til fullnads kjenna det. Ho fekk laatten utyver seg, og det reint hagla med spott og vanvyrdnad ned yver henne. Gunnar Heiberg hev skildra henne i spelstykket "Tante Ulrikke", og naar me les det, kann me faa ein liten tanke um kva ho maatte ganga igjenom. Det var vel ofte som ho segjer i dette vesle diktet:

 

"Du sette meg midt i elden,
aa Gud, og sagde: No stadna
og tru at eg bergar deg.
So stod eg midt i elden
og logen brende meg svare:
Aa Gud! - mun du berga meg?

No stend eg midt i elden
og kenner eldtunga sleikja,
og trur: "Du bergar meg."

Meir enn ein gong kjendest det visst som ho stod midt i elden. Men ho vyrde det ikkje.

Ho saag kvinnesaki fraa ein gudeleg synsstad. Alt i mange av dikti hennar hadde det gjenge ein varm gudeleg understraum, og i den fyrste boki ho skreiv um kvinnesaki kjem dette gudelege grunn draget endaa klaarare fram. Ho kalla boki: "Kvin den skapt i Guds billede", og i dette namnet finn ein grunntanken i alt hennar arbeid. Naar kvinna liksom mannen var skapt i Guds bilæte, so skulde ho ogso vera jamgod med mannen i alle høve og hava same rett som mannen til aa liva i fridom og raada seg sjølv.

Seinare gav ho ut ei onnor bok, "Kristi kirke i det nittende aarhundrede". I denne boki skreiv ho um kvinna og kyrkja og vender seg serleg mot dei ortodokse teologane som vilde "herske i religionens navn".

Men det vart ikkje berre i skrift ho arbeidde for kvinnesaki; ho tok ogso samstundes til aa halda fyredrag, og ho var den fyrste kvinna som heldt fyredrag i Norig. Ho tala baade i Oslo og i Trondheim og sidan i Kjøbenhavn. Men allstad vart ho møtt med hædande laatt og forfylgjing. Raaskap fann ho nøgdi av kvar ho kom, baade millom "fine" og "simple" folk.

Tilslutt vart daa motburden for strid for henne, og so for ho til Amerika i 1880. Ho segjer sjølv i eit brev til Henrik Ibsen, at ho hadde vilja freista aa velta steinen fraa den gravi der kvinna som menneskje og som aand laag gravlagd; men ho hadde forlyft seg, for steinen laag fast som eit fjell.

Korleis ho hadde det i dei aatte aari ho var i Amerika, hev ho fortalt lite um. Men heime i Norig hadde mangt vorte onnorleis. Det var kome nye folk som stridde for kvinnesaki, og desse hadde jamvel fenge igang tidskrifti "Nylænde" [2] som skulde strida for denne saki. Daa Aasta Hansteen fekk sjaa dette, skyna ho at det hadde Ijosna noko for hjartesaki hennar heime i Norig, og so snudde ho heimatt i 1888.

Sidan budde ho heime og stod i striden som fyrr. Ho fekk nok enno kjenna spotten og motburden stundom, men ho hadde større mod enn nokon gong fyrr. Verst var "vikagutane", som forfylgde henne so ho ofte laut verja seg med paraplyen. Men at ho no hadde vunne seg stor vyrdnad, synte seg paa 80-aarsdagen hennar i 1904.

Daa var det stor fest, og mest alle blad nemnde henne.

I 1907 vart ho sjuk, og 13de april 1908 døydde ho. Ho vart gravlagd paa "Vaar frelsars gravlund", og tvo aar etterpaa vart det reist ein minnestein paa gravi hennar med ei byste av henne som Gustav Vigeland hev hogge ut.


Notar:

[1] Ho var døypt Asta, men skreiv seg alltid Aasta.
[2] "Nylænde" vart styrt av Gina Krogh. Dei som vil fylgja med i arbeidet for kvinnesaki lyt halda dette tidsskriftet. Dei fleste upplysningar til dette stykke hev eg derifraa.



Frå Anton Aure: Kvinnor i den nynorske bokheimen. Stutte livsskildringar. Kristiania: Nikolai Olsens Prenteverk 1916. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad