Hans Ross

(Dikt, 1903)

(På 70-årsdagen.)


Av Ivar Mortensson-Egnund


Heiders-gubben
eg helsar i laget.
Sytti-års-sellen
sæle eg ynskjer.
Heil deg hæve,
målfrode hovding!
Kvat i kveldseta
kulten sitje!


Hæv du hadde
heiman-fylgja,
sat sjølv-trygg
i kunnskaps-sessen.
Fljote folen
førde deg vide
i framande land
hjaa gilde frendar.


Heldt du hesten,
med hug leika,
tottest lura-ljod
ljome i bergom.
Fagert det lét
frå fjell-stoga.
Lenge du lydde
på utgamle lundar.


Trudde du tagna
var tone-straumen,
berre leivder livde
i lyden vår no.
Men klåre klangen
kom deg for øyro
full-friskt og fagert
frå folke-tunga.


Du lærde oss lyde
kor leiken han gjekk;
og endå brann elden
i åre-stoga.
Du kløyvde med øksi
tyri-kubbar,
logande ljoske
du kveikte for lyden.


Det bråna i bakkom,
bekkjer risla,
vårsong vekte
voner i bringa.
Såg du det skirne
og samle seg alt
til stor-elv saman
med sylvklårt vatn.


Strålande sol
og sylvklårt vatn,
eld på åren
eig me i Norig,
malmrikt mål
og merg-faste gutar.
So vil me syngje
for deg vår song.


(1903)
 
 

Frå Ivar Mortensson-Egnund: På ymse gjerdom. Songane åt Savalguten. 2. utgåva med eit tillegg. Oslo: Det Norske Samlaget 1929. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad