Ein ven burte

(Minneord, Rasmus Steinsvik, 1929)

(Rasmus Steinsvik 1863-1913)

Av Ivar Mortensson-Egnund

Eg gjeng leitar og leitar. 
       Men eg tykkjest ikkje finne den som eg leitar etter.
       Han er ikkje på sessen sin.
       Der var han då å finne i 25 år.
       Han er ikkje i heimen sin.
       Der var han då å finne millom barnekrullen, når han hadde ei stund fri. 
       Der tottest honom unalegt vera.
       Han er ikkje på sjuke-sengi.
       Der var han då å finne, når ein fåfengt hadde spurt alle andre stader.
       Eller er han faren ut på reis? Er han faren ut "med skreppa", ut på vide Norigs land, der var då den store heimen hans? Men eg hev ikkje set honom ved mi dør, og den gjekk han då aldri framum, når han var på reis. I 30 år gjekk han då ikkje framum mi dør.
       Eller er det på langreis han er teken ut?
       Det var ein stad han hygde seg. Det var eit fylgje han lika vel. Det var pilgrims-fylgjet som fer gjenom verdi, det var den stille flokken av martyrar som lid alt og toler alt for sannings sak, herkjempur som strid til dei stupar, manndomsmenn som stend til dei somnar og sig i grav.

                            *

       Ja, ei røyst svara: han er somna. 
       Og sjå no stend eg nær ei opi grav.
       Var det her eg skulde finne deg! Eg vilde so gjerne endå ein gong sjå dei gode augo dine. Eg vilde so gjerne endå ein gong høyre det milde mælet ditt. Eg vilde so gjerne endå ein gong kjenne den fredfulle dåmen din.
       Var det her eg skulde finne deg, sovande! Var det her huset ditt var? 
       Kvi vaknar du ikkje, kvi svarar du ikkje? Me var då so gode vener, me løynde ingen ting for kvarandre, me trudde so vel um kvarandre. Kvi svarar du ikkje?

                            *

       Han er ikkje der. Han er ikkje der. Men eg gjeng leitar og leitar.
       I gravi er huset hans, hamen, men ikkje hugen. Det er hugen eg vilde finne. 
       Eg gjeng leitar og leitar. Eg gjeng leitar etter hugen din.
       Drøymande leitar eg. Sovande ser eg og høyrer. 
       Der som skuggar flyg yver heide, dei lange leider, dei skume dalar, dei bratte fjell, dei stride elvar, dei høge bruer, dei tronge portar. I hulde heimar, i hildrings land, i helheim leikar hugar.
       Og skuggar flyg yver heide, sume med hast, dei fleste med uro, nokre med fred.
       Dei stansar på vegen. Kloke hovud dryfter det som hendt var på jord; harde hausar spottar sitt samvit, giren logar, men inkje noko brenn.
       Eg gjeng leitar og leitar. Men ingen stad millom bleike skuggar finn eg den hugen eg søkjer.
       Alle hev nok med sitt eige. Alle talar. Ingen svarar. 
       Ingen lyder. Ingen høyrer ein gullfager, tåre-blank tone, som ljodar so lint gjenom lunden:

            "Vil du berge deg sjølv, 
            skal du misse di sjæl.
            Vil du vinne di sjæl, 
            skal du våge deg sjølv."

       Ingen lyder etter kløkke tonar, berre ein liten flokk småborn i lunden. 
       "Segje meg, de fagre småborni i lunden, segje meg kvar den gamle pilgrims-vegen gjeng!"
       Dei svarar alle som ein:
       "Høyrer du fuglesongen tonar, då e r du på vegen. For fuglane er det som syng:

            "Vil du berge deg sjølv, 
            skal du misse di sjæl. 
            Vil du vinne di sjæl, 
            skal du våge deg sjølv."

       "Men segje meg, de fagre småborni med blomar på fang: kva er det som omar og ljomar langt burte, og likevel skjelv kvart eit lauvsblad i lunden?"
       "Å det som omar og ljomar langt burte og likevel nær, det er Himmerikes klokkur, dei er det som dunar so Helheimen skjelv."
       "Kva segjer då Himmerikes klokkur?"

            "Ikkje kvar den,
            som Herre! ropar
            kjem til Himmerikes land. 
            Men kvar den som gjer 
            viljen til Faren,
            kjem til Himmerikes land."

       Kven er det som smiler imot meg midt i barnekrullen? Eg skygner for augo. Kjenner eg deg? Kjenner eg deg?
       Var det den hugen som eg leita etter? 
       Var det her han er å finne, i båneflokkar med blomar på fang?
       Eg skilar ikkje meir, eg gjeng som i draum. Men eg høyrer det omar og ljomar, langt burte og likevel so nær. Eg høyrer klokkune syng:

            "Ikkje kvar den,
            som Herre! ropar
            kjem til Himmerikes land. 
            Men kvar den som gjer 
            viljen til Faren
            kjem til Himmerikes land."

                         *

       I ljose båneflokken var det han hadde sin hugnad.

            Veik er båne-hug.
            Men han veit kva han vil. 
            Og utan at nokon vert bån 
            høyrer han ikkje tonen 
            frå Himmerikes land.


Frå Ivar Mortensson-Egnund: På ymse gjerdom. Songane åt Savalguten. 2. utgåva med eit tillegg. Oslo: Det Norske Samlaget 1929. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad