Grepstad, Ottar: På sporet av ein ny tankebane

Helsingstale ved opninga av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Høgskulen i Volda onsdag 30. mars 2005.

Gode statsråd, ordførar, rektor,

Dette er ein rar dag. Det rare ved denne dagen er at ingen har bedt om han. Viss det er noko vi nynorskbrukarar har lært og levt etter, så er det at ingen ting kjem av seg sjølv. Kvar einaste ny institusjon, kvart einaste tiltak på eit nytt område for nynorsk, kvar ei krone har vi snakka og skrive og ringt og eposta oss til. Mykje har gitt resultat fordi der var nokon som insisterte på å halde fram, og det sjølv når det mørkt såg ut. Og mykje blei ikkje slik det kunne ha blitt fordi ein gjorde som sjåførane på ein modellbilbane: Ein køyrde beint fram og blei mektig forundra då svingen kom.

Mange nye tankebanar har likevel vore utvikla som offensive språk- og kulturpolitiske strategiar til nynorskbrukarane sitt beste. Mest alt dette har vore tenkt innanfor dei nynorske sirklane. Vi har ikkje akkurat vore bortskjemde med at andre har vore i forkant, og spesielt ikkje, må eg vedgå, aller minst at statsrådar frå Høgre festar eit slikt grep om røynda. Visst er det slik at mangt skal ordnast når tre parti i éi regjering skal semjast i ei sak, likeins når ei slik mindretalsregjering ikkje berre skal ha rett, men også skal få rett i form av eit fleirtalsvedtak i Stortinget. Det var éi regjering som handla, og det var eit stortingsfleirtal som slutta seg til planane om å styrkje nynorskens plass i opplæringa.
 
I fjor vår som elles var det mykje snakk om åtak på nynorsken. I dag bør vi heller snakke om åtaket på fordommane. Ideen om eit slikt senter var både eit åtak mot fordommar som i tiår har fått lov til å rotfeste seg i skulekvardagen, og mot fordommar om kven som kan tenkje nytt når det røyner på. Det nye senteret har også sjansen til å pense nokre av dei fordommane som herjar i den språkdelte norske kulturen inn i andre og bokstaveleg talt målretta tankebanar.

Nynorsk kultursentrum ser fram til at den nye institusjonen tenkjer stort og praktisk og lever i konstant frykt for ikkje å vere nok til nytte for dei som treng det mest. Berre då kan denne institusjonen bli det både elevar og lærarar treng.

For oss har det vore viktig at den nye naboen vår blir eit handlekraftig senter for alt som gjeld nynorsk i skulen. I ein språkdelt kultur som den norske er der mange samanhengar mellom dei to målformene, og situasjonen for hovudmål kan ikkje utan vidare lausrivast frå situasjonen for sidemål. Den tankebanen må likevel ikkje få føre oss bort frå det fundamentet som nynorskbrukarane sjølve representerer. Difor framheva vi dei nynorske hovudmålselevane særskilt då statsråden i fjor vinter baud inn til møte og blant anna bad om synspunkt på ideen om å etablere eit nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.

Nynorsk kultursentrum har dokumentert at kvar tredje nynorskbrukar i skulen skiftar hovudmål. Truleg skiftar dei fleste av desse ein gong før dei fyller 20 år. Dette kan og må senteret gjere noko med. Men sjølv om 40 prosent av alle norske kommunar har nynorskelevar i skulane sine, veit vi også at jamt fleire av desse nynorskbrukarane går på skule på Vestlandet, og at mykje av flyttestraumane på Vestlandet går i retning av dei regionane der nynorsken er mindre brukt. Dette kan senteret gjere lite med på eiga hand, men slike fakta minner oss om at livet til tider er meir enn pedagogikk.

Etter at Stortinget i fjor vår slutta seg til dei fleste synspunkta frå regjeringa i kulturmeldinga, er det no offisiell norsk politikk at nynorsk skriftkultur skal styrkjast systematisk i åra fram til Nynorsk kultursentrum byd inn til 200-årsjubileum for Ivar Aasen i 2013. Dette senteret er det første handfaste uttrykket for den satsinga. Vi som held til på nynorsksida i den språkdelte norske kulturen har planane klare for kva som bør bli det neste. I morgon går det tjukke brev frå Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum til både Kultur- og kyrkjedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet med søknad om midlar til det som bør bli neste steg på vegen: eit allment leksikon på nynorsk på Internett. Om nokre få veker kjem det meir. Sant å seie trur vi at ideen om eit slikt digitalt oppslagsverk er like god og like brukarretta som den eitt år unge ideen frå politisk leiing i Utdannings- og forskingsdepartementet om dette senteret. Det einaste vi manglar no, er ein statsråd eller to som følgjer også våre tankebanar til endes.

Inntil vi er komne dit helsar eg på vegner av Nynorsk kultursentrum og dei
500 000 som har brukt tenestene våre til no: Hjarteleg til lykke og takk for denne handfaste viljen til språk!

Direktør Ottar Grepstad, Nynorsk kultursentrum