Vestad, Jon Peder: Grønland - det gløymde landet

Innleiing på arrangement om Grønland, Ivar Aasen-tunet søndag 8. februar 2004

For nokre år sia oppdaga eg at eg hadde nok bonuspoeng frå flyreiser til at eg kunne flyge til ein plass på Grønland som heitte Kangerlussuaq. Desse poenga kunne jo brukast til å reise ein stad eg aldri ville ha komme til elles! Eg fann Kangerlussuaq på eit kart, Søndre Strømfjord heiter plassen på dansk. Gjekk det an å ta buss derifrå ut til kysten? Klimaet var visst godt der, ja, det kunne vere over tjue varmegradar der! Eg vart skikkeleg nysgjerrig på Grønland, og begynte å samle informasjon og heldt fram med å få flypoeng. Ordninga med bonuspoeng vart lagt om, den aktuelle flyruta til Grønland vart lagt ned, men tanken på Grønland vart likevel ikkje lagt vekk.

Eit reisestipend Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) ga meg i 2003 gjorde reisedrømmen muleg. Det var Grønland bak brosjyrane og rykta eg ønskte å sjå, og derfor valde eg bort både dei norrøne minna i sør og hovudstaden Nuuk. Eg las om og frå Grønland i bøker, på nettstader og i nettaviser. I tankane har eg vore fleire veker (minst!) på Grønland. 
Dette skulle vere ein tur som ga meg ny kunnskap og nye opplevingar, og gjere meg i stand til å formidle noko som eg ikkje hadde kunna utan turen. Eg ville sjå korleis det grønlandske samfunnet verkeleg er. Eg tenkte at nokon i Noreg bør vete litt om Grønland, og eg kunne vere ein av dei. Inntrykket eg hadde av Grønland var grunt, og eg oppdaga kjapt at eg var utan den enklaste kunnskap om dette nabolandet: Finst det vegar der? Og skog? No veit eg svara. 

Førebuinga var mye meir enn halve reisa. Omtrent dagleg las eg nyheiter frå radio- og fjernsynsstasjonen KNR på www.knr.gl (og gjer det ennå), nokre månader fekk eg gratisabonnement på pdf-utgåva av den eine av dei to avisene på Grønland, eg las reisehandbøker og på nettet las eg offentleg informasjon og mye anna. Eg fann ut at det var rimelegare å kjøpe ein pakketur enn å snikre i hop ei reise sjølv, og valde ein billigtur.

Sjølve reisa kosta ca. 13000 kroner, og for det fekk eg flyturen frå Kastrup til Kangerlussuaq, lokalfly ut til Sisimiut (Holsteinsborg) på vestkysten, hurtigrutetur opp til Ilulissat (Jakobshavn) og fly derifrå ned til Kangerlussuaq. All overnatting var inkludert, men mat måtte eg ordne med sjølv. Dessutan måtte eg jo komme meg til og frå Kastrup. Det er eigentleg ikkje så dyrt på Grønland for ein som er van med norske prisar, men det kostar å vere turist! Pengane flyg når ein er med på båttur til isfjella, tek rutebåt til ei lita bygd eller kjøper med seg suvenirar. Stipendsummen på 19000 kroner dekte det meste av utlegga mine.

Grønland er rekna som ein del av den nordiske familien. Det er ein eigen del av det danske riksfellesskapet, og har eiga riksforsamling og regjering, det såkalla Hjemmestyret. Grønland har ikkje så mye sjølvstyre som Færøyane, og det danske språket er mye synlegare på Grønland enn hos færingane. Folket på Grønland blir kalla grønlendarar, ikkje eskimoar. Ordet 'inuit' blir brukt noko, men mest som fellesnamn for dei som snakkar ein variant av inuitspråket på Grønland, i Nord-Canada og Alaska.

Grønland er på over to millionar kvadratkilometer, og vel 400 000 kvadratkilometer er isfritt. Noreg er på 385 000 kvadratkilometer med Svalbard og Jan Mayen, 324 000 utan. Mesteparten av dei isfrie områda er folketomme, og i alt har Grønland rundt 57 000 innbyggjarar. Tolv prosent av desse er utlendingar. I Danmark bur det visst 12000 som er fødde på Grønland. Om lag ti tusen bur i bygder med mellom ein og nokre hundre innbyggjarar, resten bur i byane, som dermed er små sett med norske auge. I førre hundreåret dreiv dei danske styresmaktene ein knallhard sentraliseringspolitikk, og samla flest muleg i byar og større bygder. Ein grunn er at det på denne måten ville vere enklare å gje grønlendarane tilgang til ulike gode som vi reknar som sjølvsagte i moderne velferdssamfunn. I dag er Grønland delt inn i atten kommunar, og også her er det snakk om kommunesamanslåingar. Ingen av kommunane er bundne saman av vegar, så på Grønland reiser folk med rutebåt, fly og helikopter, og med slede når isen tillet det. 

Det finst to hovudflyplassar på Grønland, ein heilt i sør, nær dei norrøne områda, og ein på vestkysten, innafor Sisimiut. Og det var hit til Kangerlussuaq eg flaug frå Kastrup. Dette er ei flyplassbygd, bygd opp rundt ein militærbase USA hadde der. Kangerlussuaq hører til Sisimiut kommune, og skal ein til Sisimiut, kan ein gå i åtte-ti dagar, eller ta fly. Valet er enkelt! Men det er snakk om å byggje ein veg på eit par hundre kilometer ut til kommunesenteret. Sisimiut by har ca. 5500 innbyggjarar og er neststørst i landet, og i alt bur det over 6000  i denne kommunen. Hovudstaden Nuuk (Godthåb) har vel 14000. Sisimiut ligg knapt 100 km nord for polarsirkelen og i denne byen finn vi Royal Greenlandic, den store rekefabrikken, Knud Rasmussenip højskolia (folkehøgskule) og andre viktige institusjonar. Folk bur i blokker eller små hus, dei fleste måla i sterke fargar. Rundt husa står det hundesledar, snøskuterar, terrengbilar, båtar, tørkestativ for fisk og mye anna.  Rundt byen er det høge fjell med blåbær og jaktterreng, og reinjakta var i gang da eg besøkte byen. I Sisimiut bada eg i eit utadørs basseng - på Grønland er det berre Nuuk som har innadørsbasseng - medan lufta heldt ein grei temperatur på rundt ti grader! Der i byen åt eg moskuskjøt på kinarestaurant, og kjøpte det som skal vere den fyrste grønlandske krimromanen. Han var skriven på dansk, såklart! Om lag ti prosent av folket på Grønland er danskar, og dei sit i mange av dei viktigaste stillingane.

Den nordiske velferdsstaten er lett å sjå kjenne att på Grønland, butikkane inneheld dei same varene som danske, dei unge går likeeins kledd som unge i Hvidovre og Kviteseid. Ja, eg vart overraska over kor nordisk og heimekjent mye på Grønland var. Mye kunne verke som heime - skulebygningane, mye av infrastrukturen, stilla på biblioteket, oppslaga om bingo osv. Sjølv om folketalet på Grønland er lite, og byane er små sett med norske forhold, så har dei mange av dei same tilboda som byane våre. Ein finn kafear, dataforretningar, klesbutikkar, bensinstasjonar - mange har bilar, men eg såg berre éin garasje -, drosjer, gatekjøkken osv. Jamt over ber husa preg av at klimaet er verhardt, og dei er små. Sisimiut er den nordlegaste isfrie hamna, og det er den sørlegaste byen der ein bruker grønlandshundar som trekkhundar. Hundane står over alt, og kattar må haldast innomhus. Da eg valde reisemål, ville eg sjå ein "normal" by attåt isfjellbyen Ilulissat, som eg skjønte at eg burde få med meg. Men det kan hende at Sisimiut er meir på solsida enn dei fleste, kanskje alle, grønlandske byar. 

Sisimiut var ikkje som eg hadde venta. Byen var rotete bygd opp, husa verka tilfeldig plasserte i terrenget, og det var mye rusk i gatene og i naturen. Eg hadde trudd at det var noko meir ordentleg slik sett. Dei sosiale problema var synlege, men likevel ikkje så synlege som eg hadde venta. Sjølv om grønlendarane verka snille og greie, er det mye meir vald, mishandling, rusmisbruk og anna elende på Grønland enn hos oss. Det er faktisk ti til tjue gonger meir alvorleg kriminalitet på Grønland enn i Danmark. Ei av årsakene er arbeidsløysa, som er på ca. ti prosent i byane, og truleg høgare i bygdene. Rusmisbruk er ein annan faktor. Da eg og reisefølgjet mitt skulle ete søndagsmiddag i Ilulissat, vart vi forstyrra av intense, fulle grønlendarar, og vi fekk tilrop av fulle folk på gata midt på dagen. Det er visst verre slik sett på austkysten, der det bur knapt 4000 fordelt på to enorme kommunar.

Frå Sisimiut drog eg med "hurtigruta" opp til Ilulissat. Vi har jo avstandar og avkrokar i Noreg, men dei er ingenting mot dei grønlandske. Det var rart å stå på dekk og sjå innover snautt, goldt fastland og vete at ingen budde der, ingen. Det kan finnast fangstfolk der, og i feriar og helgar dreg visst mange attende til bygdene dei vart tvangsflytta frå.

Byen Ilulissat har noko over 4000 innbyggjarar, og kommunen er større enn Danmark i flate. Dette er sjølve turistmagneten på Grønland. Grunnen er fyrst og fremst alle isfjella som duppar i fjorden rundt byen. Det var fantastisk å sjå dei - eg hadde aldri trudd at isfjell skulle gjere slikt inntrykk på meg. Vi hørte det braka i isfjella når isklumpar datt ned i sjøen, og det eksploderte forsiktig i munnen nå vi fekk suge på is frå isbitar. I Ilulissat var veret såpass godt at eg kunne gå i shorts, og myggen var berre litt plagsam. Det var verre med alle bikkjene over alt!

I Ilulissat er det fleire hotell og turistkontor, og byen er van med turistar. Eg skjønner godt at folk dreg dit. Klimaet er godt om somrane, og det er mye å ta seg til med - om ein har pengar, iallfall. Eg veit ikkje om alle familiar har båt, men det kunne verke slik, og når dei for ut med båtane sine, skjedde det med full gass. Dei la seg til i passe avstand frå isfjella og fiska litt, eller drog til ei vik på nistetur. Eg fekk inntrykk av at livet der var dels som hos oss, med daglege, vanlege gjeremål og fritidsinteresser, og så noko heilt ulikt - naturen vart brukt meir aktivt til matauk enn hos oss. Elles såg eg at fleire hadde vinterhagar med blomster og sikkert andre vekster, og i Sisimiut såg eg at folk dyrka potetar og andre grønsaker i kasser og bytter. Dei tok sikkert inn kassene når det vart for kaldt!

Sisimiut og Ilulissat er velfungerande "storbyar", men det var likevel noko slite og uferdig over dei. Fiskeri er den viktigaste næringa i desse byane, ein del driv med fangst, og lengst sør på Grønland er sauehald vanleg. Der blir det også dyrka grønsaker, og nokre få stader finst det noko som kan likne skog. Trea kan visst bli opp til ni meter høge, men eg har ennå ikkje sett noko bilde av ein ekte grønlandsk skog. Landet satsar elles på turisme, utan heilt å klare å trekkje til seg så mange som det er kapasitet til. Vi var berre to på pakketuren eg var med på, den andre var dansk. Nesten ni av ti turistar på Grønland kjem frå Danmark.  

Korkje Ilulissat eller Sisismiut har noka avis, men det finst nokre meldingsblad som kjem ut kvar månad eller så. Båe stader er det nærradio og -tv, og elles er oppslagstavler viktige for å spreie offentleg informasjon. I dette gedigne landet finst det berre to aviser, båe blir gitt ut i Nuuk og verkar absolutt som vaktbikkjer i samfunnet. A.G. er den eldste avisa, og kjem to gonger i veka. Sermitsiaq kjem berre ein gong, og er den største. Om eg ikkje hugsar feil, så ligg opplagstalet på mellom 5000 og 7000 for desse to avisene. Det er låge tal ut frå folketalet, og det verka heller ikkje som grønlendarar flest var særleg til avislesarar - eg såg få som setet seg ned med avisa. Båe desse avisene er fullstendig tospråklege, og det vil seie at alle artiklar og lesarbrev blir trykte på både grønlandsk og dansk. Lokale media, særleg lokalaviser, manglar som debattarena.

Kva gjer så grønlendarane for å halde seg orientert? Jau, dei les oppslag. På oppslagstavlene heng det informasjon om eigarlause båtar, om tildeling av jaktløyve, om idrettsarrangement og slikt. Diskusjon blir det derimot lite av på slike tavler, i beste fall skjer det attmed.
 
Eg sa at butikkane førte det same som hos oss. Nå var jo eg der om sommaren, da frakteskip kjem med forsyningar jamleg, så eg veit ikkje kva slags varer som kan mangle om vinteren. Nesten alt er importert, bortsett frå fisk og kjøtt som dei skaffar sjølve. I kvar grønlandsk by finst noko som heiter Brædtet, og der kjem fiskarar og fangstfolk og sel dagens fangst. Da eg var i Ilulissat kom det ein kar og slengde ein nyslakta sel på bordet, og han var tydeleg kry over fangsten. Eg spurde ein kar om når han åt sel sist, og han svarte at det var dagen før, og så la han til at han var lei sel. Ein annan stad hørte eg ein grønlendar fortelje at eine sonen var allergisk mot kvalkjøtt, så han lurte på om dei hadde noko anna&

Dette skjedde på restaurant i ei bygd med vel 50 menneske! Der, i Rodebay, sto tida ganske stille. Folk hadde god tid, nokre tok seg ein morgonøl til arbeidet, andre sat i sola og prata. I heia bak husa heiv dei søppelet sitt, og utafor dei små husa låg det dosekker - det finst ikkje jordsmonn til å grave ned røyr og leidningar. Og vegar fanst ikkje der i bygda. Olje sørgde for oppvarming, og rutebåten kom med varer til butikken. I denne vesle bygda låg husa hulter til bulter ved ei naturleg hamn. Det fanst fiskemottak, butikk, postkontor, oljeanlegg, sørviskontor, kommunekontor, ein knøttliten brannstasjon, eit falleferdig forsamlingshus, ein kyrkjegard med plastblomster på gravene, og den nemnde restauranten. Dei turistane som har råd til det, kan betale 850 danske kroner for ein dagstur dit frå Ilulissat. Med rutebåten kostar det 440 tur-retur. Rodebay ligg 23 kilometer frå Ilulissat, så bygdefolket kan bruke slede om vinteren for å komme seg til byen.

 Kangerlussuaq var ei helt anna slags bygd. Her blir mange kurs og møte lagde, og i dei gamle kasernane var det kafear, treningssenter, overnattingsstader osv. Dersom ein skal til Grønland, bør ein ikkje nøye seg med Kangerlussuaq. Vel kan ein sjå reinsdyr og moskusar der, og det gjorde eg, det er visst godt fiske der og mulegheit til å drive med jakt, men det er likevel eit samfunn som ikkje viser ein korleis Grønland er. Mye av det eg såg, kunne eg nok ha lese meg til. Det er likevel noko anna å oppleve det sjølv. Eg har møtt ein journalist i KNR som kunne fortelje at han dekte heile Nordvest-Grønland og Aust-Grønland frå kontoret i Ilulissat, og det var ikkje kvart år han kom seg austpå fordi det var så dyrt å reise. Og eg har hørt grønlandsk nærradio, med same typen musikk og programstil som heime. I Rodebay fekk eg kaffi av ei som arbeidde på sørviskontoret i bygda, eit hus der bygdefolket kunne gå for å dusje eller vaske klede. Eg ante ikkje at noko slikt finst, og eg visste heller ikkje at den grønlandske blåbæra er knøttlita og søt!

Grønland har mye bra å by på. Dit reiser eg gjerne attende, og har de 20 000 kroner på lur, må dei gjerne gå til ein grønlandstur! Nokon bør reise utafor allfarveg også.

Ivar Aasen-tunet, 6. februar 2004
Jon Peder Vestad