00 Forord

MED 351 TABELLAR OG 45 FIGURAR på 785 sider er Nynorsk faktabok 2005 den mest omfattande statistiske dokumentasjonen av norsk skriftkultur som nokon gong har vore laga.

 
Arbeidet har teke mange år. I januar 1997 vedtok representantar for 17 nynorske institusjonar, organisasjonar og forretningsføretak å opprette Nynorsk Forum. Målet er å samordne kompetanse og ressursar, utveksle erfaringar, drive organisasjonsutvikling  - og utvikle ei nynorsk faktabok. Dei første drøftingane om dette hadde Det Norske Samlaget teke initiativet til hausten 1995.
 
Sidan den tid har forumet vore i arbeid med jamlege møte. I 2005 er desse nitten institusjonane og organisasjonane med: Bondeungdomslaget i Oslo, Dag og Tid, Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Ivar Aasen-instituttet, Kringkastingsringen, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Norsk Barneblad, Norsk Målungdom, Norsk Ordbok, Norsk Plan, Norske Lagsbruk, Nynorsk kultursentrum, Nynorsk mediesenter, Nynorsk pressekontor og Riksfondet for nynorsk presse.
 
Forarbeidet: 1998-utgåva
Nynorsk faktabok 1998 låg føre i april 1998 med 133 tabellar og annan dokumentasjon på til saman 377 sider. Arbeidet hadde teke til i oktober 1997 og var blitt finansiert av Nynorsk Forum med støtte frå Kulturdepartementet. Den kulturpolitiske tanken var å setje tal på nynorsken og på den måten gjere noko handfast for å dokumentere denne skriftkulturens rolle i Noreg.
 
Mellom 1905 og eit stykke ut i 1950-åra hadde målrørsla hatt sitt statistiske einmannsbyrå i læraren Peder Elenius Hovdan. Dokumentasjonsarbeidet hans er framifrå, men av forståelege grunnar ikkje uttømmande. Mest kjend blei han for dei såkalla målkarta sine frå 1908, 1920 og 1948, der han med den topografiske polemikkens snert fargela eit nynorsk Noreg i kraftig vekst. I tillegg skreiv han årsrapportar både her og der, og to bøker. Målet til Hovdan var tydeleg å skrive den store historia om utbreiinga av den nynorske skriftkulturen. Så langt kom han aldri. Då raset frå toppane tok til etter 1945, var han dessutan blitt såpass aldrande at han måtte gi seg på det. Difor er skriftene hans ei historie om den store framgangen som sluttar i peripetien, i det dramatiske vendepunktet då det tok til å rase nedover att etter 1945.
 
Kor dramatisk det var, det som då hende, bør diskuterast.
 
Hovdan hadde lært målfolk å telje og talfeste sigrane sine. Nederlaga og vonbrota blei bokstaveleg talt borte. Noko av dette finst i ulike skrifter frå 1960- og 70-åra, men mykje blei aldri kartlagt. I dag kan ein del av dette berre bli synleg etter tidkrevjande arkivstudiar. Offentleg statistikk fanga stort sett ikkje opp den språkdelte norske kulturen i meir systematiske former før 1930-åra. Heile tida har det vore til og frå, og difor er det på svært få område at offentleg statistikk kan dokumentere desse språklege utviklingstrekka. Den dag i dag er det lite av dette som kjem med i tabellane frå Statistisk sentralbyrå, og i dei historiske statistikkane er mange detaljar og nyansar blitt borte. Difor inneheld denne faktaboka også mykje materiale frå tidlegare utgåver av Statistisk Årbok og frå annan eldre offentleg statistikk.
 
Ei kartlegging av utviklinga og posisjonane til den nynorske skriftkulturen er i seg sjølv eit tilskot til den elles nokså mangelfulle norske kulturstatistikken. Kulturinformasjon ordna etter målform gir innsikter i ulike sider av den språkdelte norske kulturen.
 
Grunnlaget: 2005-utgåva
Nynorsk faktabok 1998 blir ikkje siste utgåva, stod det i innleiinga den gongen: "Det vil dukke opp gode idear til fleire område der det trengst dokumentasjon, og behova for dokumentasjon vil også endre seg." Statistisk informasjon bør vere jamleg oppdatert for at den skal vere til nytte over tid. Planen var difor å lage nye årlege utgåver. Slik gjekk det ikkje; vegen frå tabellane enda i Ivar Aasen-tunet. No er det ikkje lenger nokon veg utanom.
 
2005-utgåva inneheld så godt som alt statistisk materiale frå 1998-utgåva. Berre eit par misvisande oppsett og tabellar som gav lite informasjon, er tekne ut, saman med mykje av det verbale tilleggsstoffet. Noko av dette var for førebels til at det forsvarer ein plass i vidare utgåver, anna er teke ut fordi det blir utvikla vidare i andre samanhengar. Den annalistiske framstillinga av historia om nynorsk skriftkultur er likevel med og no i sterkt utvida utgåve med eit mykje lengre tidsspenn.
 
I den nye utgåva har eg fått med ein del materiale som ikkje var kjent for meg i 1998. Noko av det gir verdfull historisk informasjon som nok har vore lite kjend til no. Så langt det har vore mogleg, er også statistisk informasjon frå nyare studiar, artiklar m.m. teke med. Den største skilnaden frå 1998 er likevel at det no finst mykje informasjon på Internett som nokså enkelt kan hentast inn og sorterast.
 
Både på den eine og den andre måten er dermed denne utgåva dobbelt så stor som den førebels utgåva frå 1998. Dette inneber at mange fleire sider ved den nynorske skriftkulturen no er dokumenterte, og fleire nyansar kjem fram i stoff som tidlegare har vore kjent. Ein god del av det nye stoffet har vore publisert i avhandlingar, artiklar, ulike nettpublikasjonar frå Nynorsk kultursentrum og i mine eigne årstalar. Mykje har likevel aldri vore publisert før. I alt blir 120 tabellar og 34 figurar publiserte for første gong i Nynorsk faktabok 2005. Mange andre tabellar er dessutan oppdaterte med informasjon som berre til dels eller ikkje i det heile har vore publisert før.
 
Orden og sjanger
Opplysningar frå mange hundre skriftlege, digitale og munnlege kjelder er sette saman i denne boka. Komplette og oppdaterte kjeldeopplysningar er samla i kapittel 20, og det blir vist til desse kjeldene frå kvar tabell. 
 
Nynorsk faktabok 2005 har altfor mange tusen tal til at variasjonane, skilnadene og endringane kan fangast i nokre få setningar av éin person. Eg har prøvt å samanfatte ein del tendensar i innleiingane til kvart kapittel, men nokon uttømmande analyse av utviklinga i den nynorske skriftkulturen høyrer likevel ikkje heime her. Ved at alle detaljar blir presenterte i tabells form, kan kvar og ein dessutan gjere sine eigne analysar og utvikle vidare innsikter. Nynorsk faktabok 2005 er først og fremst ein samla dokumentasjon som andre no kan dra vekslar på etter behov.
 
Under kvart kapittel står først ein eller fleire hovudtabellar med dei nyaste tala og dei viktigaste tendensane. Desse er utheva i innhaldslista. Etter desse tabellane og figurane er dei andre tabellane med få unntak ordna kronologisk eter første år tabellen gir opplysningar om.
 
I ein del høve er informasjon frå fleire tabellar kombinerte til nye, men den som ønskjer det, kan gjere mykje meir ut av dette. Framstillinga er med nokre få unntak avgrensa til elementære statistiske presentasjonar som ikkje krev særskilde kunnskapar i statistikk.
 
Det finst undersøkingar også om undersøkingar. Desse har vist at mange er lite fortrulege med talfesting av kulturlivet i nøkterne tabellar og at kunnskapen om statistikk har sine hol. Det er blant anna ønskjeleg med meir tilgjengeleg presentasjon i form av figurar og diagram. 1998-utgåva hadde inkje slikt, og 2005-utgåva har ein del. Særleg ein del lengre historiske linjer er henta ut i eigne figurar. Den som har tid og lyst, kan lage mange informative - og sikkert like mange forvirrande - grafiske framstillingar av stoffet i boka. Framleis er redigeringa av boka prega av at tiltrua til den overordna verbale kommentaren vel så sterk som trua på at figurar kan forklare verda.
 
Også tabellen er ein sjanger. Det er fort gjort å oppdage at skilnaden mellom den klare og den kaotiske tabellen er stor. Det tek lang tid å finne fram til dei redaksjonelle grepa som fungerer. I mange tilfelle har eg bygt opp tabellar frå store mengder kjelder som gir enkeltopplysningar. Ofte har eg omforma eksisterande materiale og forma tabellane etter dei malane som er brukte i denne boka. Når det ein del stader under tabellane står at dei er publiserte første gongen her, er grunnen ofte at materialet faktisk er upublisert, men det kan også vere fordi stoffet er blitt redigert på ein annan måte enn i førelegget. Så finst det nok også døme på nye tabellar som er overleste med informasjon.
 
Så langt råd er, byggjer tabellane og opplysningane på primærkjelder. Også primærkjelder må etterprøvast. Då kan det vise seg å vere småfeil både i Statistisk Årbok og i offentlege dokument av typen stortingsmeldingar. Alle slike merknader er tekne med under avsnitta om kjeldekritikk i kvart kapittel.
 
Den som arbeider med tal, gjer før eller seinare feil. Det gjeld nok også denne publikasjonen, og redaksjonen takkar for alle som ser slike feil og som seier frå om kva dei har sett. Mange har alt hjelpt til med å minke faren for numeriske tabbar. Andre har raust stilt materiale til rådvelde. Fremst i køen av desse sjenerøse hjelparane står Ottar Hellevik med stoff frå Norsk Monitor og Lars S. Vikør med data som enno ikkje var publiserte då denne boka gjekk i trykken.
 
Medarbeidarane mine i Ivar Aasen-tunet gjorde det sytelaust å la tala herje medan drifta gjekk sin gang. Ordet takk er eit lite ord, men rommar alt.
 
Jamleg oppdatering fram til neste utgåve i 2009
Nynorsk faktabok 2005 blir rekna som grunnlaget for vidare dokumentasjon. Det inneber at boka inneheld ein del stoff som truleg ikkje blir teke med i seinare utgåver. Dei seinare utgåvene vil då innehalde informasjon om kvar slikt materiale er å finne.
 
Nynorsk faktabok 2005 ligg føre som papirutgåve og i digital format på www.aasentunet.no. Neste samla utgåva blir Nynorsk faktabok 2009, planlagd for utgiving i august 2009.
 
Fram til utgangen av 2008 blir Nynorsk faktabok 2005 oppdatert jamleg med nye tabellar og figurar på www.aasentunet.no. Den som kjøper den trykte utgåva og registrerer seg hos Nynorsk kultursentrum, får både tilbod om å få tilsendt oppdatert stoff og nytt materiale via e-post, og førehandsinformasjon om neste utgåve.
 
Trass i all god hjelp er det så mange detaljar i dette stoffet at det skal godt gjerast at ikkje noko blir feil eller at noko som burde ha vore med, blir utelate. Det ansvaret skriv eg sjølv under på. Med hjelp frå lesarane burde så Nynorsk faktabok 2009 bli endå meir innhaldsrik, informativ og påliteleg - på færre sider.
 
Ivar Aasen-tunet, 31. august 2005

Ottar Grepstad
 

Teiknforklaring og merknader

ENG  Engelsk
NN  Landsmål, nynorsk
BM  Dansk-norsk, bokmål
RM   Riksmål
SAM   Samisk
  Opplysningar kan ikkje skaffast
-   Opplysningar ligg ikkje føre
Tom celle Null, eller i enkelte tilfelle: opplysningar er ikkje kjende
Akk.  Akkumulert
Kum.  Kumulativ
Publisert  Første publisering i same redigering
Sist oppdatert Siste redaksjonelle endring

 
Prosenttal står som regel i kursiv der det også er absolutte tal i tabellen, men ikkje når prosentteiknet er brukt. Prosenttal har desimalar som regel berre når talgrunnlaget er stort nok.
 
Kronesummar er i løpande kroner viss ikkje anna er sagt. På www.ssb.no har Statistisk sentralbyrå laga ein prisindekskalkulator som gjer det lett å rekne om til kroneverdien i dag eller på eit anna tidspunkt.