Ivar Aasen-samlinga

Ivar Aasen (1813-96) bygde opp ei svært innhaldsrik boksamling på 2400 titlar som utgjer 28 hyllemeter. Interessene hans femnde vidt, frå tradisjonskunst og engelsk humor til språkvitskaplege avhandlingar.
 
Heile samlinga blei registrert hausten 1945 av universitetsbibliotekar Kaare Haukaas og lista blei gitt ut som trykt katalog i 1946 med tittelen Lista yver Ivar Aasen-boksamlingi. Alle bøkene er no ein del av basisutstillinga og er berre tilgjengelege for bruk etter særskild avtale. Ein del tidsskriftårgangar, aviser og lause trykk av typen teaterprogram ligg i gjenstandsmagasinet.
 
Vi har alle førsteutgåvene av Aasens bøker (peikar til BIBSYS). Boksamlinga hans - inkludert Aasens eksemplar av eigne verk - er førebels ikkje registrert i nokon database.
 
I tillegg har vi 225 gjenstandar som har tilhøyrt Ivar Aasen. Fleire av dei er utstilte i basisutstillinga.