Reidar Djupedal-samlinga

Kulturhistorikaren, språkforskaren og Aasen-kjennaren Reidar Djupedal (1921-89) si omfattande samling er gitt i gåve til Ivar Aasen-tunet. Ved avslutta prosjektperiode 1.10.2005 for registreringsarbeidet var rundt 19 400 band registrerte. Saman med vel 15 200 uregistrerte band utgjer samlinga i alt 34 600 band. Samlinga inneheld bøker, særprent, småtrykk og periodika innan ulike fagområde, men med vekt på språk- og litteraturvitskap, på minst 15 språk; hovudsakleg norsk (nynorsk og bokmål), dansk, svensk, islandsk, færøysk og frisisk. I tillegg kjem 22 kartongar med avisklipp samla av Djupedal.
 
Ved opninga av Ivar Aasen-tunet 22.6.2000 gav Djupedal-familien ei samling på 218 originalmanuskript etter Ivar Aasen. Nasjonalbiblioteket har kopi av alle desse dokumenta. 
 
Rundt 8 600 band Djupedal-samlinga er no registrerte i BIBSYS-basen . Dette vil i hovudsak seie faglitteratur som biografiar, språk- og litteraturvitskap (norsk, dansk og svensk), historie, folkeminne, religion, kyrkjehistorie og lokalhistorisk litteratur frå Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og fleire andre fylke.

Rapport frå arbeidet med Djupedal-samlinga står i Årsmelding 2005 , sjå vedlegg 5, side 54.

[Sist oppdatert 13.05.2008]