Anton Aure-samlinga

Delar av Norsk boksamling, gjerne kalla Anton Aure-samlinga, er deponert i Aasen-tunet av Det Norske Samlaget: om lag 5 000 band med bøker og skrifter utgitt etter 1935, og 2 200 årgangar av 147 ulike aviser, blad og tidsskrift frå perioden 1877-1972 samla av læraren, boksamlaren og bibliografen Anton Aure (1884-1924), supplert av Nasjonalbiblioteket fram til 1979.

Oversikt over aviser, blad og tidsskrift i Aure-samlinga A-K

Oversikt over aviser, blad og tidsskrift i Aure-samlinga L-Å

Aviser, blad og tidsskrift er i innbundne årgangar og blir ikkje lånte ut, men må brukast i Aasen-tunet sitt bibliotek. Dersom ein ønskjer å sjå avisene på mikrofilm, kan ein søkje i BIBSYS Ask på tittel og få oversikt over andre bibliotek som har dei aktuelle årgangane som mikrofilm.