Arkiv for norsk målreising

Eigar: Det Norske Samlaget
Dette arkivet blei bygt opp av Peder E. Hovdan(1874-1965) som ein del av arbeidet hans med statistisk dokumentasjon av framveksten av nynorsk skriftkultur. Arkivet utgjer ein stor protokoll ordna etter kommune og 153 kassettar med avisklipp, hovudsakleg frå perioden ca 1908 - ca 1955. 
Frå hausten 2005 er arkivet deponert i Aasen-tunet.

Om Peder E. Hovdan: I Ottar Grepstad sitt forord til Nynorsk faktabok 2005 (Nynorsk kultursentrum 2005) og i nettleksikonet allkunne.no