Avisklipparkiv

I tillegg til Hovdans Arkiv for norsk målreising inneheld samlingane også andre klipparkiv. Samla vil desse arkiva dekkje det meste av tida frå om lag 1908. Dei er anten ordna kronologisk, etter person eller etter emne:

Noregs Mållags avisklipparkiv 19832005
155 kassettar og permar. Papirarkivet blei avslutta våren 2005 og erstatta med digital klippteneste frå iFoqus, og frå november 2006 Retriever.

Ivar Aasen-året 1996

Vi har heile arkivet, medrekna avisklipp 1994-96.

Arkiv frå Jens Kåre Engeset
 
Vi har fått eit arkiv med avisklipp om Ivar Aasen-tunets historie 1990-2000; ti store permar, ordna kronologisk. 

Reidar Djupedal sitt klipparkiv
22 kasser mottekne sommaren 2002, førebels ikkje ordna og registrert.

Artikkelarkivet
Like sidan opninga av Aasen-tunet i juni 2000 har vi brukt avisklipp i aktualitetshylla i utstillinga. Vi prioriterer artiklar om profilerte nynorskbrukarar: forfattarar, journalistar, sentrale tillitsfolk eller tilsette i nynorskinstitusjonar, andre nynorskbrukande kulturpersonar, og andre utvalde landsfemnande institusjonar og organisasjonar som bruker nynorsk. Pr. 1.1.2009 var det 6340 utklipp i dette arkivet, fordelt på 820 personar, institusjonar og organisasjonar.

Spørsmål om arkiva kan rettast til dokumentasjonsleiar eller bibliotekleiar.