Njord Svendsen: Takketale ved utdeling av Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar

Medietimen under Dei nynorske festspela, 24. juni 2011

Hjarteleg takk til juryen!
 
Hjarteleg takk til Øyvind Vågnes som fann på å nominere meg til denne prisen!
Hjarteleg takk til alle som har lese det eg har skrive!
Hjarteleg takk til dei mange rause og inspirerande kollegaene eg har hatt i Bergens Tidende - og eg vil spesielt takke tre av dei: Christina Pletten, Roar Christiansen og Asbjørn Kristoffersen.
Hjarteleg takk til Olivia, den ustanseleg inspirerande dottera mi.
 
Og sist og mest - hjarteleg takk til Teresa Grøtan, som i tillegg til å vere mi gode kone, er min viktigaste faglege støtte- og medspelar.
 
I år er det, som sikkert mange har fått med seg, eit par uvanlege omstende rundt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar. For det første: Prisvinnaren er ikkje journalist. For det andre: Prisvinnarenvarrett nok journalist, men han hadde ikkje jobb. Det vil seie, han hadde jobb, men likevel ikkje.
 
Eg var altså ein av desse mellombelse medarbeidarane, ein vikar, ein laushund på kontrakt etter kontrakt etter kontrakt. Når eg no får ein journalistpris, vil eg derfor delen prisen med alle andre som har jobb utan jobb, som er journalistar, som står på, som kanskje ikkje er journalistar lenger, men som kanskje kunne vunne journalistprisar om ikkje arbeidsgivarane deira var så redde for at dei skulle få rettar som arbeidstakarar.
 
Det å vere mellombels tilsett er å leve under press.
 
Det å vere journalist - fast som laus - er å leve under press. Jo, direktørar lever også under press. Ein direktør eg kjenner var så pressa at han måtte be journalistane i redaksjonen om å fryse lønningane sine for å redde budsjettet. Det gjorde journalistane. Etterpå, etter at budsjettet var redda og ei passeleg mengde medarbeidarar sendt på dør, var direktøren så pressa at han måtte ta imot ein bonus tilsvarande ei god årsløn for dei tilsette. Det å vere journalist er av og til å leve under press frå ein ukultur der moral er eit underordna fenomen.
 
Det å skrive nynorsk er å leve under press.
 
Dette siste gjeld så visst ikkje berre journalistar. Men journalistar har eit ekstra stort ansvar for å stå imot dette presset. Det er eit samfunnsoppdrag godt som noko: Å stå imot presset handlar om å ta vare på språkleg, kulturelt og demokratisk mangfald.
 
Korleis gjer ein det?
 
Eg prøver å gjere det med å skrive, så godt eg kan, på det skriftspråket som er mitt. Eg er ikkje med i noko sekt. Eg er er berre ein som skriv norsk. Norsk i ei av to former eg lærte på norsk skule av norske lærarar. Norsk i ei av to jamstilte former slått fast ved lov for fleire generasjonar  sidan.
 
Kall det grautmål, kall det sidemål, kall det spynorsk, kall det kva du vil - eg skriv det eg vil.
 
Eg vil at alle skal skrive det dei vil, på sitt språk - også etter dei er ferdige med ungdomsskulen, vidaregåande, etter at dei kanskje flyttar til ein annan stad og blir minoritet og kjem under press. Etter at dei har blitt ingeniørar, tannlegar, lærarar, sveisarar eller journalistar. Minoritar må stå imot press. For majoritetar har ein tendens til å forveksle demokrati med fleirtalstyranni. Eg bur i ein by der den mektigaste kulturpolitikaren er kjent for å ha sett fyr på nynorske ordlister (ja, i tillegg til at han har ei statue av Ronald Reagen på pulten). Denne politikaren er ei påminning om kor viktig det er å stå imot presset.
 
Det å vere journalist er å ha eit stort ansvar. Det å vere journalist er å ha eit ansvar for passe på at minoritetar ikkje mister retten til å eksistere, ikkje mister vernet mot overivrige majoritetar. Dette ansvaret gjeld til og med hovudstadsjournalistar.
 
Eg kjem til å halde fram med å skrive det eg vil, med glede, heilt uavhengig av underskriftskampanjar mot sidemål og politikarar som tenner bokbål.
 
Det å vere samfunnsborgar er å stå imot presset.Egskriv det eg vil.
 
Til slutt vil eg lese ein liten petit, ein slags tidsdiagnose frå siste oppløpssida i mi tid i Bergens Tidende.
 
DUR OG MÅL: Vi lever i ein tidsalder der mål har blitt eit dominerande mål. Berre spør ein gjennomsnittleg tilsett i ein gjennomsnittleg etat i vår vesle stat, eller i mediebransjen, eller i kva bransje som helst.  
 Ein kan seie mykje om mål, for eksempel at det rimar på kål. Og nål. Og bål. Det finst mål slik vi kjenner det frå fotball, handball, landhockey og andre populære sportsgreiner.  
 Men dersom målet er større mål enn som så, må målet vere meir målretta. For mål er så mangt. Milliliter, for eksempel. Og Ohm. Og endepunkt.  
 Når ein ikkje når målet, kan det i vår tidsalder ha samanheng med dårleg måling. Målet må derfor vere å alltid setje opp klare mål, med hovudmål, delmål, leddmål og slimål. Hugs for all del å etablere målbare mål for gjennomføring av all måling. Dette gjeld både høge mål og lågmål.  
 Skal du verkeleg kvalitetssikre mål i dag, og det må vere eit mål, må du også ha mål om å måle målbare mål for gjennomføring av om måling er tilstrekkeleg godt målt og kanskje vurdere ei måling for å måle dette.  
 Moralen er, søk etter mål (må ikkje forvekslast med søksmål), dropp spørsmål. «Å leva det er i arbeid, mot rikare mål å trå», som det heiter i songen. Ein skulle kanskje tru den gjekk i mål, men den går pussig nok i dur.  
 
Takk!