I bruk

Sitat

Nynorsk kyrkjespråk er frukt av vesentlege omveltingar i det norske samfunnet rundt midten av 1800-talet. […] Gjennomslaget for eit nytt kyrkjespråk kom når folk frå allmugen fekk utdanning og posisjonar som tidlegare hadde vore reserverte for ein avgrensa og sjølvrekrutterande embetsstand.
Per Halse,Gudsord og folkemål, 2009, s. 479
 
Det var inkje indrekyrkjeleg organ som såg trongen og skriftfesta eit norsk landsmål basert på talemåla. Men i tilknyting til den generelle målreisinga på 1800-talet peika mange på at barnelærdomen laut gjerast heimslegare og meir norsk for den grunnleggjande opplæringa. Etter kvart tok fleire og fleire til orde for at forkynninga burde møte nordmennene på deira eige mål også i gudstenestelivet.
Per Halse,Gudsord og folkemål, 2009, s. 481 f
 
Andre juledag i 1884 er ein av desse dagane som i ettertid blir som eit kulturhistorisk prisme. Denne dagen syng Høydalsmo kyrkjelyd i Telemark salmen ”No koma Guds englar” under høgmessa i kyrkja. Det har dei ikkje lov til. I 1884 heiter kyrkjeministeren i Noreg Elias Blix, men i 1884 har ingen lov til å syngje salmar av kyrkjeministeren i norske kyrkjer.
Ottar Grepstad,Viljen til språk, 2006, s. 106
 
Eg heve aldri kjendt meg so glad og byrg av Maalet mitt, som naar eg fekk i denne siste utkomne Samlagsboki ”Nokre Salmar”, nei, den synest eg er makalaus. […] Den Dagjen eg fær høyre Kyrkje-song og Preike paa dette Maalet, for at den Dagjen maa koma, derom kann vel inkji vera Tvil.
”Ei Gjente”, ”Fraa Vinje”, Fedraheimen 19.1.1884
 
Efter Opfordring af Menighedslemmer har jeg en enkelt Gang i afvigte Julehøitid til en Prøve tilladt at nogle af Salmerne i Samlagets sidste Samling (to Julesalmer og en Nyaarssalme) benyttedes ved Kirketjenesten; Menigheden deltog med stort Liv i Sangen, og der hørtes et stærkt Ønske udtalt om Tilladelse til at benytte Samlingen ogsaa fremtidig.
Sokneprest Søndre P. Sønnichsen om salmesong i Høydalsmo kyrkje 26. desember 1884 i rapport til Kirkedepartementet 24.1.1885
 
I some Skular brukar me den vesle Salmeboki, som hev kome fraa ”Det norske Samlag” aa lærer Borni sume av Salmarne. I Jole song me norske Salmar i Kyrkja or den Boki, og Folk sagde, at dei totte det var vent og gjekk godt.
Torkel Ofteli ”Fraa Høydalsmo”, Fedraheimen 28.3.1885
 
I Høidalsmos og Laardals Kirker blev i Julen 1884 Salmer sungne i Folkemaal til stor Glæde for mange i Forsamlingen; Præsten tiltroede sig desværre ikke at forkynde Evangeliet i Tilhørernes norske Sprog, hvad der skulde gjort Stunden endnu høitidligere.
Sokneprest Søndre P. Sønnichsen i kallsboka 16.5.1885, sitert etter Per Halse,Gudsord og folkemål, 2009, s. 490
 
Vi finder i Dr. Blix’s originale Salmer en Inderlighed og Varme, en digterisk Inspiration, en Fylde og Dybde i Tanken, et hellig Enfold og en Folkelighed i Udtrykket, som høilig tiltaler os.
Lårdal kyrkjelyd i søknad til Kyrkjedepartementet 16.1.1892 om godkjenning av salmane
 
Den 4. mars 1892 gav kyrkjeminister Wilhelm Andreas Wexelsen ”Menighedens Husfædre” lov til å avgjere om kyrkjelydane skulle bruke Blix-salmane eller ikkje. Her var dei to kyrkjelydane Skage og Ranum i Overhalla i Nord-Trøndelag først ute med å gjere slike vedtak. På denne tida hadde soknepresten i Overhalla permisjon. Han var kyrkjeminister.
Ottar Grepstad,Viljen til språk, 2006, s. 121 f.
 
I gravferda etter Aasen vart marskalkstavarne borne av Blix og Belsheim, og dei to salmane som vart sungne, var av Blix.
Kjell Venås,Ivar Aasen og Universitetet, 2000, s. 86
 
Da [Mally] Lammers song fedrelandssalmen, triulla tårene nedover kinnet til Bjørnstjerne Bjørnson.
Ingvald Forfang om olsokkonsert i Nidarosdomen i 1897, Norsk Tidend 6.3.1952
 
Kan ein faa salmarne sungne i ungdomslagi og i heimarne, vil dei snart finna veg til kyrkja. Og det vil hava meir saa seia en mange trur baade for det gudelege livet og for maalreisingi.
Klaus Sletten, Heimhug 2.9.1899, Per Halse,Gudsord og folkemål, 2009, s. 353
 
Såleis nekta biskopen i Tromsø å gje løyve til at salmen ”Gud signe vårt dyre fedreland” kunne syngjast ved gudstenesta 17. mai 1901. […] han såg på initiativet som ein språkpolitisk framstøyt. 
Kjell Haugland, ”’Me syngja skal den nye song!’”, Syn og Segn 1986, s. 348
 
Ved den nasjonale takkefesten i alle norske kyrkjer 7. desember same året hadde Kyrkjedepartementet bestemt at ”Gud signe vaart dyre Fedreland” skulle vere ein av salmane. Og da salmen blei sungen under kroningshøgtida i Nidarosdomen 12. juni 1906, var gjennombrotet definitivt.
Anders Aschim,Ein betre vår ein gong, 2008, s. 410
 
22de juni 1906 vart kongen og dronningi krynt i domkyrkja i Trondhjem. Fraa alle
stormagterne og dei fleste mindre riki i Europa, fraa Nordamerika, og alt fraa Japan og Siam
kom det utsendingar av gjævaste slaget til kryningi, og under dei nyreiste kvelvingar i den
gamle domkyrkja ljoda det nyreiste landsmaal, daa heile det glansfulle møtet song: Gud signe
vaart dyre fedraland.
Steinar Schjøtt,Norigs soga, 1906, s. 226
 
Vi har intet håb om seir denne gang her, for ”målet” er alles forargelse her og liden eller ingen forståelse for Blix betydning utenom hans bror og allernærmeste slegt.
Sokneprest Johannes Ristesund i Gildeskål i brev til Bernt Støylen 22. desember 1906, sitert etter Per Halse,Gudsord og folkemål, 2009, s. 377
 
For mange var desse korte, men stemningsfylte tekstene det første møtet med målet. I bygdeskular som gjekk over til landsmål, begynte gjerne språkskiftet med at læraren let borna syngja Blix-salmar og songar på målet. Overgangen til landsmål var ein tilvenjingsprosess, og i mange tilfelle fungerte salmane som ein brøyteplog.
Kjell Haugland, ”’Me syngja skal den nye song!’”, Syn og Segn 1986, s. 344