Enkeltsalmar

Sitat

”Gud signe vårt dyre fedreland”: Norsk i hver fiber er salmen, men ydmyg til sjelens grunn. Festfylt og bedende, nøktern og stigende, natursterk og trossterk.
Eivind Berggrav,Elias Blix, 1936, s. 16
 
”Gud signe vårt dyre fedreland”: ”Fedralandet” er evangelium, reinspikka guddommeleg nåde.
Anders Aschim,Ein betre vår ein gong, 2008, s. 409
 
”No koma Guds englar”: I denne salmen gjer han óg sitt dristigaste melodival nokon gong. Han nyttar ein folketone som i folkeleg song er knytta til ein tekst av Petter Dass. Landstad og hans musikalske partnar L.M. Lindeman har folketonane, men vågar ikkje ta dei i bruk. Først i den generasjonen salme- og koralbøker som kjem på 1920-talet, får dei religiøse folketonane godkjenningsstempel frå dei kyrkjelege autoritetane.
Anders Aschim,Ein betre vår ein gong, 2008, s. 179
 
”No livnar det i lundar”: Landsmålet er i siste instans ikkje eit verk av Ivar Aasen, men av Den heilage ande, og målrørsla er ei pinserørsle. Først når ein finn sitt eige språk, kan ein nå fram til og formulere ei fulltonande tru. ”No livnar det i Lundar” er i røynda ein pinsesalme, og Elias Blix er først og fremst pinsediktar, ein Grundtvig på norsk.
Anders Aschim,Ein betre vår ein gong, 2008, s. 227
 
”Upp, gledjest alle”: Med M. B. Landstads salmebok frå 1869 gjekk ein del Kingo-salmar ut av tradisjonen. ”Op, glædes alle” levde derimot vidare. I desember 1890 prenta avisa Nordmannen i Grimstad salmen omsett til nynorsk, utan å namngi omsetjaren.
Ottar Grepstad, ”Julesongen 2009”, Dagens Næringsliv 24.12.2009
 
”Upp, gledjest alle”: I fjor la ei nemnd i Den norske Kyrkja fram forslag til ei ny salmebok som skal vedtakast i 2010. Dei rydda fælt i bunkane for å få plass til sine 874 prioriterte salmar. Ryddesjauen gjekk mellom anna ut over Elias Blix. Mange av salmane hans blir ikkje lenger brukte, sa dei. Julesalmen av Kingo hadde vore med i nesten alle salmebøker i 300 år. No blei ”Upp gledjest alle” stroken av lista.
    Få månader seinare fekk manager Bjørn Nessjø ein smart forretningsidé om kva som ville vere den perfekte Juleturneen. Resten gjorde Odd Nordstoga, denne gåverike tonekunstnaren som er like sofistikert i det enkle som i det komplekse.
Ottar Grepstad, ”Julesongen 2009”, Dagens Næringsliv 24.12.2009
 
”Å, eg veit meg eit land”: Eg las det hastigt igjenom, og vart raudare di lenger eg las; eg kom ihug allekleinedikti eg hadde late faa rom i bladet. Og her kom denne mannen med dette meisterverket og spurde om det var noko aa prenta!
Rasmus Steinsvik, Den 17de Mai 17.5.1902
 
”Å, eg veit meg eit land”: Så skjer det. Da publikum begynner å sige mot utgangene, er det at en liten gruppe stanser og begynner å synge ”Å eg veit meg eit land”. Fleire stopper opp og faller inn i koret, og til slutt står 200–300 nordlendinger der i den grå augustkvelden og synger.
Terje Brantenberg mfl., ”Myter om Nord-Norge og nordlendingane gjennom tidene”,
Nordnorsk kulturhistorie, band I, 1994, s. 388 om då Frigg slo Bodø/Grimt 1–0 i 4. runde i noregsmeisterskapen på Bislett stadion i 1963