Tromsø

Sitat

Han har en vel ei stærk, men reen Sangstemme, et meget godt Øie og meget gode musikalske Kundskaber.
Dimisjonsattest for Elias Blix 1854, sitert etter Anders Aschim,Ein betre vår ein gong, 2008, s. 70
 
Jeg er desuden saa sjelden ude i Byen, at om der end tildrog sig noget Mærkeligt, saa vidste jeg knapt deraf; uden det skulde være noget ganske Usædvanligt.
Elias Blix i brev til Johan Amundsen 11.11.1857
 
Ein dag kom eg over ei bok som berre var hefta, og heller ikkje skoren opp, på tittelbladet stod ”Det Norske Folkesprogs Grammatik” av Ivar Aasen.
    – Hå, det var noko for meg, det måtte vera ei gild bok. Eg skunda meg heim med henne, og tok til å lesa. Det var så gildt og spanande at eg gav meg ikkje til å skjera opp heile boka fyrst, eg skar etter kvart eg las. Og utpå seine kvelden var eg ferdig med siste sida. Gildare og meir interessant bok hadde eg aldri lese, tykte eg. Men frå den dag var eg ein heilhuga målstrevar.
Elias Blix til Johannes Arneson i 1891, sitert etter Johannes Arneson,100 år og minnest mangt, 1964 s. 91 og 96
 
So gjekk eg heim og tok paa aa lesa, og eg las og las denne Grammatiken med ei Forvitna og ei Spenning, som um det skulde voret den morosamaste Romanbok – eg kunne ikkje slutta, fyrr ho var utlesi. For her kjende eg altsaman att fraa mitt Heimemaal, eg saag, det var mitt eige Morsmaal. […] Fraa den Tid var eg altsaa Maalmann med fullt Medvetande.
Elias Blix, tale i Frimurerlogen i Kristiania 19.5.1901, referert i Den 17de Mai 23.5.1901
 
Jeg saa ham første Gang i Tromsø Kirke strax efter min Ankomst til Seminariet; jeg mindes endnu, hvor jeg syntes, han var vakker i sine graa Benklæder og sin sorte Bonjour.
Anton Christian Bang, Erindringer, 1909, s. 105  
 
Frå ei kystbygd i Nordland flyttar han via regionsenteret Tromsø til hovudstaden. Der blir han buande berre med eit par avstikkarar utanlands. Flyttinga er samtidig uttrykk for ei sosial rørsle, frå fiskarbøndene i kystsamfunnet til høgborgarskapet i hovudstaden, med læraryrket og universitetet som viktige stasjonar på vegen.
Anders Aschim,Ein betre vår ein gong, 2008, s. 12
 
Tromsø er marknadsby, og fisk er den sentrale handelsvaren. Handel og skipsfart gjev byen eit internasjonalt preg, særleg om sommaren.
Anders Aschim,Ein betre vår ein gong, 2008, s. 62