Reidar Sandal: Opningstale ved Dei nynorske festspela 24. juni 2009

Gode festspeldeltakarar
Det er gledeleg å kunne vere til stades under opninga av Dei nynorske festspela. Ramma rundt arrangementet er blitt den aller beste. Takk for at eg fekk sjansen til å komme og tale under opningsseremonien. Det varmar, og det inspirerer.
 
Festspela blir avvikla i eit kjerneområde for nynorsken. Her blei det teoretiske grunnlaget lagt og den faglege inspirasjonen utforma. Nettopp i Ørsta og Volda har ein gjennom mange tiår evna å føre ein stolt tradisjon vidare. Det har ein makta sett frå både ein språkleg og kulturhistorisk synsvinkel. Det fortener folk og eldsjeler i desse lokalmiljøa stor ros for. Ein har til fulle sett merke etter seg på det nasjonale planet. Tradisjonen etter Ivar Aasen er blitt godt teken vare på. Her har ein evna å heidre minnet hans.
 
Stiftinga Nynorsk kultursentrum har vore og er ei drivkraft i arbeidet for nynorsken i landet vårt. Den same stiftinga er ein motor for Dei nynorske festspela òg. Vi må glede oss over det. Visjonen deira er eit samfunn der det er sjølvsagt å vere og bli verande nynorskbrukar. Det blir lagt stor vekt på at nynorsken kan brukast i alle talesituasjonar.
 
Språkbruken vår fortel omverda kven vi er, og kva vi står for. Vi fortel andre kva for verdiar vi har. Når du og eg snakkar dialekt og skriv nynorsk, er vi ekte og viser viktige sider ved identiteten vår. Ja, det handlar i stor grad om sjølvrespekten vår.
 
Dei siste tiåra har det skjedd stor endringar til det betre på det språklege området. Mindreverdskjensla er rydda av vegen i stor grad. Slik er det særleg for dei som er språkbevisste, og dei som er trygge på språkføringa si. Men mange lever framleis i den villfaringa at knoting i talemålet og bokmål eller riksmål som skriftspråk er vegen til lykke.
 
Nynorskbrukarar møter mange hinder sjølv no til dags, trass i at det formelt sett ikkje skal vere slik. I nasjonalforsamlinga vår, av alle stader, er det heller trange vilkår for nynorskbrukarar. Partigrupper og Stortinget som system har ein lang veg å gå før det kan seiast å vere likeverdige vilkår for nynorsk- og bokmålsbrukarar. Det ytrar seg i det daglege arbeidet: Svak eller manglande kompetanse i bruk av nynorsk mellom tilsette som skal yte service til dei folkevalde. Til tider kan vi møte ei nedlatande holdning til bruken av nynorsk generelt. Liknande erfaringar finn ein mange stader i forvaltninga òg, dessverre.
 
Derfor er det avgjerande at vi har aktørar i samfunnet vårt som held fana høgt som formidlar av nynorsk identitet og sjølvtillit. Lykkast ein i dette arbeidet, vil det utan tvil vere med på auke den allmenne toleransen og respekten for nynorskbrukarane.
 
Eg vil gi sterk honnør til Nynorsk kultursentrum for det solide arbeidet som stiftinga utfører. Leiinga evnar å vere målbevisst og offensiv. Det ideologiske grunnlaget for arbeidet er det aldri grunn til å tvile på. Den praktiske gjennomføringa er av høg kvalitet. Stiftinga har utvikla seg til å bli ein treffsikker, målretta og realistisk pådrivar for nynorsk språk og kultur. Saman med gode krefter på Det Norske Teatret er dei dynamitt. Det har både parlamentarikarar og regjeringsmedlemmer fått erfare.
 
Dei Nynorske Festspela 2009 har eit svært variert og spennande program. Her har ein tanke for ulike målgrupper. Det er flott at det kvar dag er sett av tid til program for dei aller yngste; konsert, skodespel, opplesing, historisk vandring og omvising. Slikt kan vekkje språkleg og kulturhistorisk interesse hos den oppveksande slekt. Det kan vere med på å styrkje rekrutteringa til ei god sak.
 
Festspela har sin soleklare styrke i breidda og variasjonen. Det skal spelast på mange strengar, i ord og tonar. Her får vi møte velkjende utøvarar med solid omdømme. Vi får òg treffe aktørar som er på eit tidlegare stadium i karrièren sin. Det blir ei fin oppleving å møte dei alle. I år her festspela eit meir internasjonale preg enn det som har vore vanleg. Festspeldiktaren er nemleg omsetjar og gjendiktar. Det gir spela ein ny og spennande dimensjon. Vi gleder oss til store dagar i vakre sunnmørsbygder og i kjerneområdet for nynorsk språk og kultur.
 
Med desse orda har eg gleda av å erklære Dei nynorske festspela 2009 for opna.
 
(24.06.09)