Nynorsk og nunorsk

Stemnetale på Ivar Aasen-stemnet, Dei nynorske festspela
Ivar Aasen-tunet søndag 28. juni 2009

Gunhild Berge Stang
leiar Noregs Ungdomslag
 
 
Se på den! ropar dottera mi Agnes når vi kjem inn i butikken og ho ser sjokoladen. Taktikken er å ta ein så begeistra tone at eg let meg rive med og gløymer prinsipp om snop på måndagar. Eg gløymer prinsippa, ja, ikkje fordi eg ikkje gjennomskodar taktikken hennar, men fordi eg blir forfjamsa over at ho sa se  og ikkjesjå! At mi dotter, eg som er leiar i den største organisasjonen i norskdomsrørsla, sunnfjording, styremedlem i Kringkastingsringen, og talar på Dei nynorske festspela til og med: Eg har ei dotter som seierse her! Som mor ser eg draumen om at Agnes blir vinnar av prisen Årets nynorskbrukar, segle av garde. Mitt nynorske ego får ein trøkk, eg blir ganske enkelt sett ut, og det vesle bøllefrøet mitt, Agnes, ho får sjokoladen (i den trua at ho er ein dyktig strateg).
 
Kva kamp er det eigentleg eg prøver å kjempe? Kva slags goliatar er det eigentleg eg står framfor? Bør eg gå heim og legge meg i resignasjon, eller som bestemor mi sa, skyte hjartet fram i brystet? No snakkar eg ikkje om kampen mot karius og baktus i butikkhyllene, men kampen mot kulturell einsretting. Vi ser den kampen på så mange stader, og eg spør: Kvifor er det så vanskeleg å ta vare på mangfaldet? Det burde jo vere motsett. Kvifor er det vanskeleg å fylgje si eiga stemme framfor å la seg kue? Det burde jo vere motsett. Og, kvifor er det så vanskeleg, nesten naturstridig kan det sjå ut som, mellom anna i Iran, å ha eit reelt folkestyre? Det burde jo vere motsett
 
Det er eit tankekors at eg som den 30. i rekka av leiarar i Noregs Ungdomslag føler behov for å stille desse spørsmåla. Ungdomslagsrørsla voks fram på midten av 1880-talet og var eit resultat av den folkelege bygginga av nasjonalstaten og den frilyndte norskdomsrørsla. Organisasjonen voks fram til å bli ei mektig folkerørsle, og bak meg ligg 113 års arbeid for  å byggje ein sjølvstendig og folkestyrt nasjon. Verkemidla har heile tida vore folkeleg opplysningsarbeid og styrking av kulturell identitet gjennom å ta eit ansvar for å fremje kulturutrykk med rot i folkeleg og nasjonal tradisjon; folkedans og folkemusikk, amatørteater, folkedrakter. Og så nynorsken, då. Eg vil her nett få nemne at Noregs Ungdomslag har i si historie knytt sterke band til Ivar Aasen-tunet. For NU er det difor ein merkedag at eg som leiar får vere her og halde stemnetale.
 
Temaet for Festspela i år er ”Med andre ord”.  Tittelen gjev meg assosiasjonar til stikkord som å tenkje annleis, openheit, demokrati, dissens og mangfald. Vi ser av historia til NU at det i nasjonsbyggingstida på 1800-talet rådde ei forståing av samanhengen mellom kulturelt mangfald og demokrati.
 
I dag er kulturelt mangfald eit moteord som dei fleste politikarar smykkar seg med, til dess det står i fare for å misse innhald. Vi skrur tida tilbake til starten av 2008. Regjeringa har sagt at året skal vere eit kulturelt mangfaldsår, og på t-bana i Oslo heng det ein reklameplakat for Mangfaldsåret der det står: ”Dette er ikke norsk kultur – det er bare en bitte liten del av den”, illustrert mellom anna av hardingfele og rosemåla skrin. Med denne kampanjen skal liksom regjeringa sette ein tankevekkar i folket ved å fortelje at tradisjonell norsk kultur er berre ein liten del av den norske kulturen. Reklamekampanjen meiner eg er ein tankevekkjar for heilt andre ting, mellom anna for den kulturforståelsen som ligg til grunn for kampanjen. For, er det dyrkinga av hardingfela som symbol for norsk kultur som trugar det kulturelle mangfaldet?
 
Fekk vi eit mangfaldsår som på ein politisk korrekt måte stigmatiserte det kulturelle mangfaldet gjennom å trekke opp eit skilje mellom ”oss” og ”dei” der våre nye landsmenn blir festlege fargeklattar som gjer livet til oss nordmenn litt rikare, om vi berre kunne legge fela i frå oss?
 
Mangfaldsåret kunne ha vore eit høve til å gå i seg sjølv og arbeide aktivt for likeverd mellom kulturuttrykk. Men reklamekampanjen til mangfaldsåret rettar bakar for smed. Hardingfela står ikkje så sterkt i norsk kultur at ho kan brukast som symbol på kulturell einsretting. Ville det kanskje vere ein større tankevekkar og meir utfordrande om reklamekampanjen brukte ein Idol-deltakar, Hannah Montana eller Frustrerte fruer som illustrasjon på den norske kulturkvardagen? Om ein i det heile tatt skal sjå på kulturfenomen som ein trussel, så er vel denne kulturen ein større trussel mot det kulturelle mangfaldet, både det tradisjonelle norske og andre etniske kulturar som lever i Noreg.
 
Vi har ei regjering som  ynskjer å fremje kulturelt mangfald som ein vesentleg dimensjon i kulturpolitikken. Skal dei lukkast med dette, må dei ha respekt for og kunnskap om korleis kultur blir utøvd og utviklar seg, heilt frå det fyrste møtet med hardingfela i ungdomshuset til operaorkesteret i Bjørvika.  
 
Bygginga av operaen i føyer seg inn i ein lengre tradisjon i Norge. ”Det finst fullt av hus med søyler i Noreg, og dei fleste er i Noregs Ungdomslag. Det osar europeisk tradisjon av dei, humanisme og renessanse. Det er som om ein ikkje blir overraska om du møter Leonardo i døra.” Dette vart treffande sagt av Anders Slaatsveen, dagleg leiar i Norske Kulturbygg.
 
Frå 1890-åra sette ungdomslaga i gong med å byggje hus. Motivasjonen var rett og slett å få eit eige hus der ungdommen kunne samlast! Det er stor variasjon i utforminga av desse husa, men dei har også mange fellestrekk: storsal med scene, kjøkken, ein mindre møtesal, veldig ofte balkong i storsalen, og der preikestolen står i bedehuset, står talarstolen i ungdomshuset.. Arkitekturen i mange av desse bygningane er sterke vitnesbyrd om det idégrunnlaget som ungdomslagsrørsla bygde på, og som ho framleis står på. Desse husa er demokratiske kulturminne og inneheld stor samfunnsdokumentasjon. Dette gjeld ikkje berre dei eldste og stilreine arkitektteikna husa. Like viktige er ”kitsjhusa”, som er ei fin blanding av ulike byggestilar og ulike fasar av ungdomslaget si historie.
 
Husa representerer eit kulturelt og folkeleg mangfald, skapt av engasjerte, vanlege menneske på dugnad. Det er interessant å sjå kva som får folk til nesten å vise større omsut for ungdomshuset sitt enn for sin eigen heim. Det norske Teatret heldt  hus i teatersalen til Bondeungdomslaget i Oslo fram til 1947. Historia fortel at skodespelar Edvard Drabløs i 1913 skreiv til formann i BUL Oslo at dei måtte byggje salen så stor og god at DNT kunne få plass her. Formannen i BUL svara at dei skulle nok byggje bra nok, berre DNT kunne spele godt nok.  Med andre ord, det skulle ikkje stå på ungdomslaget.
 
I år er det kulturminneår. Det slår meg i denne samanhengen at samfunnet brukar pengar på å ta vare på herregardar og kyrkjer som er bygde av kapitalsterke krefter, medan forsamlingshusa som er bygde på dugnadsånd og basarkroner, er lite påakta i vernesamanheng.
 
Ungdomshusa våre var folket si nasjonsbygging nedanfrå. Som regel vart dei bygde i små kår med liten tilgang på økonomiske ressursar, men eg vågar meg likevel på ein påstand: Det viktigaste huset for det norske demokratiet er ikkje Stortinget, men ungdomshuset. Og, når vi no ser at valdeltakinga går ned ved dei siste stortings- og lokalvala, så vågar eg meg til med påstand to:  Ei styrking av den frivillige arenaen er den beste måten å heve valdeltakinga på.
 
No som for 113 år sidan, då NU vart skipa, ser vi at engasjement må lærast, og eg påstår at ungdomshuset som danningsarena har vore minst like viktig som skulehusa. I dag ser vi stadig vekk kor viktig den frivillige arenaen er for læring, fordi ein der lærer av eigen vilje, medan skuletida er obligatorisk og opplevest som plikt. I ungdomslaget fekk ein, og får ein framleis, difor skulering i demokratiske og organisatoriske prosessar både i NU og i samfunnet elles,  ein får engasjere seg i ordskifte, ta ansvar for eige hus, aktivitet og økonomi. Eg veit ikkje korleis de har organisert krusetyet her i Aasen-tunet, men i vedtektene til eitt av dei mange ungdomshusa som heiter Folkvang, står det mellom anna: Det kvinnelige styremedlemmet fører kontroll med krustøy og kjøkkeninventar. (Det er jo greit å vite kvar ein høyrer heime). Uansett, slikt blir det læring av, og engasjement og ansvarskjensle for vårt eige tilvære skaper grunnlag for å kjenne ansvar for den politiske styringa i landet.
 
I fjor på desse tider såg eg ein tv-dokumentar om pallebålet som vert bygd i Ålesund kvart år. Dette er ei fasinerande historie som fortel om ungdommen som byggjer svære pallebål til jonsok og om organiseringa bak dette. Ein av desse ungdommane vart spurd om kva som var drivkrafta til å gjere dette kvart år. Han sa at dersom ein eller annan fann på å gjere dette til eit kommunalt tiltak der  kulturkonsulentar og ungdomsarbeidarar skulle inn og organisere det heile, så ville tiltaket døy. For meg er det pallebålet eit symbol på mykje av det ungdomslagsrørsla byggjer på, nemleg den oppdrifta som ligg i folkedjupet.
 
Eg heiter Gunhild Berge Stang, og i  lys av det som skjer i Iran i desse dagar, så ville eg i dag ikkje snakke om anna enn demokratiet, og det har eg gjort. Takk for meg!