Fraa Kyrkjesoga.

[Del 3 av 5. Første delen]
 
(Av O. V.)
 
(Framhald.)
           
Det var um Kvelden, og han hadde lagt seg til aa kvila ovanpaa. Han kunde utan Vande rømt inn i nærmaste Huset, men han vilde inkje. Det vere som Herren vil! sagde han, daa han høyrde dei var der, og so skal han hava gjenget ned og talat med dei. Daa han med det ljosaste og blidaste Andlit, ein nokorsinn kunde sjaa, kom i Mote dei, totte dei det var, som hadde dei aldri set honom fyrr. Det var reint eit Bisn aa sjaa den ørgamle Mannen med den æreverdige faste Aasyni, og inkje kunde dei skyna, kvifyr Folk var so braade paa aa faa Tak i ein slik Mann. Men Polykarp sette paa Timen Mat fram, og ikkje nokot vort haldet for godt. So fekk dei taka til seg av Retterne, og han bad berre um aa faa ein Times Tid til aa beda i Fred. Deira Lov fekk han, og so reis han upp og bad med slik ei Kraft, at alle dei, som var til Stadar, vart reint upp i Under, daa dei høyrde, korleids Guds Naade var uthellt yver honom. Og mange av dei totte alt det var illa, at ein so æreverdig og gudleg gamall Mann skulde avlivast. I Slutten av Bøni mintest han alle han paa ein elder annan Maate hadde voret i Sag med. Og han gløymde helder ikkje aa beda fyr den heile aalmenne Kyrkja, kvar ho so hadde funnet Vegen i Verdi. Men daa Timen var slutt, og dei skulde av Stad, sette dei honom paa Eselryggen og førde honom til Byen. Detta hende den store Sabbaten, Laurdagen fyre Paaske. Paa Vegen møtte dei Fredsdomaren Herodes og Fader hans, som kjøyrde. Dei gav Polykarp Sæte paa Vogni med seg og tok til aa freista honom det beste dei vann. Kvat galet, sagde dei, kann det vera aa kalla Keisaren Herre, og kvifyr kann De daa ikkje ofra, naar det kann frelsa Livet Dykkar? Fyrststundes lest han ikkje høyra desse Spursmaali, men daa dei heldt paa med sitt, svarad han: eg gjerer inkje det De raader meg til. Daa dei soleids merkad, at dei ikkje kunde faa Bugt med honom, vart dei grove i Munnen og skuvad honom so hardt ned av Vogni, at han fekk ei Skraama paa Leggspiki. Men han ansad det ikkje: kvik gjekk han sin Veg, so det var ikkje stor Vanden aa føra honom til Rettarstaden. Paa Torgi var det eit Staak, so ein litet kunde høyra Manna Maal. Men igjenom alt Staaket høyrdest ein Røst: ver sterk, Polykarp, og ver ein Mann! Kven det kom ifraa, visste ingen, endaa mange av dei kristne høyrde det. Det var aalmenn Tru, at Røsten kom fraa Himlen. Daa Polykarp vart førd fram, og det gjekk fraa Mann til Mann, at han var sett fast, staakad Hopen endaa fælare enn fyrr. Men Domaren spurde, um han var Polykarp, og daa han gjekk ved det, vilde han telja honom til aa ganga fraa si Tru. Spar deg sjølv, kom i Hug din høge Alder! sagde Heidningen og heldt paa soleids med dei vanlege Talemaatarne: kann du ikkje sverja ved den gode Lukka aat Keisaren, - kom til deg sjølv! Seg berre: burt med dei gudlause! Daa stirde Polykarp paa heile den store Heidninghopen, slo ut imot honom med Handi, saag upp mot Himlen og sagde med ein Sukk: burt med dei gudlause! Men Domaren klembde paa: sver no, so skal eg lata deg ganga! Seg nokot vondt um Kristus! Polykarp svarad: i 86 Aar heve eg voret i hans Tenesta, og aldri heve han gjort meg nokot vondt, - korleids kann eg daa tala illa um honom, min Konge og min Frelsar! Likevel heldt hin paa og sagde: sver daa ved den goe Lukka aat Keisaren! Polykarp svarad: kvat vil du? Er det Narreskap av deg, at du læst, som um du ikkje visste, kven eg er, og tel meg til aa sverja ved den gode Lukka aat Keisaren, so høyr full Greida: eg er ein kristen! Men vil du, at eg skal gjeva deg Greida paa Kristendomen, so set ein Dag til det, og eg skal gjera det! Vil du prøva dine Taalegaavur, so bruka deg paa Folket! Deg, tok Polykarp uppatter, skyldar eg Rekneskap, for Styremagti, som er skipad av Gud, skal me veita all den Æra, som det sømer seg, soleids heve me lært, og det vil ikkje skada oss. Men hine vyrder eg inkje so mykje, at eg skulde smaaminka meg til aa svara dei. Eg heve ville Dyr: fær du ikkje andre Tankar, so kastar eg deg fyre dei. Lat dei koma! svarad Polykarp. Aa venda vaare Tankar fraa det gode til det vonde, er ikkje Visi vaar, ei onnor Sak er det aa ganga ut av den udygdige Vegen og inn paa den dygderike. Ja ansar du ikkje Dyri, og tek du ikkje til Vitet, trugad no Domaren, so skal Baalet nøyda deg! Baalet, tok Polykarp uppatter, det trugar du med, og det brenn daa berre ei liti Stund, so sloknar det. Men du gav deg Stunder med Trugsmaali dine, dersom du visste um den komande Domselden, den evige Attergjeldselden, som er etlad aat dei gudlause. Men kvifyr tøvrar du? Kom med, kvat du vil! Detta og meir til sagde Polykarp, og Mod og Gleda bar honom, medan han talad. Yver Andlitet hans lagde det seg eit Skin, og det synte godt, at Trugsmaali ikkje rikkad honom. Men Domaren var reint handfallen, daa han gjorde av Stad ein Utropar, som skulde ropa ut tri Gonger midt paa Tingstaden: Polykarp heve stadet ved, at han er ein kristen. Aldri so snart hadde Utroparen sagt det, fyrr heile Hopen, baade Heidningar og Judar, alle dei, som fannst i Smyrna, huad og skreik: det er Læraren i Asia, Fader aat dei kristne, han, som tyner Gurlane vaare! Og so sette dei paa Fyrstepresten i Asia, Filippus heitte han, og bad honom hissa ei Løva paa Polykarp. Filippus kunde ikkje gjera det, sagde han, for Dyrefiktingarne var slutt. Daa fann dei paa, at Polykarp skulde verta brend livande. Og aldri so snart hadde dei fenget det ut or seg, fyrr dei gjorde det. Hopen foor i Veg og fekk i Rappet ruskat i Hop Ved fraa Verkstader og Laugarstovur, stort og smaatt. Og Judarne var beinsame, som dei plagad. Daa so Baalet var ferdugt, avklædde Polykarp seg, løyste Beltet og vilde taka Skorne av seg og, men det plagad han aldri gjera sjølv. Det var reint, so dei truande kappast um vera fyrste Mannen til aa taka paa Likamen hans: so ærad var han av alle, ikkje berre no, daa han var ein graahærd Gamling, men lenge fyrr og, og Grunnen til det var hans gudlege Liv. Men daa han var avklædd, gjorde dei honom ferdug til Baalet paa den vanlege Maaten og vilde negla honom fast og. Lat det berre vera! sagde han. Han, som gav meg Kraft til aa tola Vermen, vil sagte gjeva meg Styrkje og, so eg utan Naglarne dykkar kann halda meg roleg paa Baalet. Han vart daa ikkje negld fast, dei berre batt honom. Der stod han daa bunden til Paalen, og henderne hadde han paa Ryggen. Nett som ein Ver, som er leitt ut or ein stor Bøling og skal vera eit huglegt Offer aat Gud, den allmegtige, - soleids stod han. Daa sagde han:
Fader! Fader aat Jesus Kristus, den elskelege, lovade Son din, som heve gjevet oss Kunnskap um Deg! Du, som er ein Gud yver Englar og Himmelmagter, yver heile Skapningen og fyr heile den rettferdige Ætti, som liver fyre Andlitet ditt! Deg takkar eg, fyrdi Du heve haldet meg verd til denne Dagen og Timen, daa eg som Lutmann i Kristi Kalk, til Reising fyr baade Sjæl og Likam i det evige Livet, ukrenkjande ved Heilaganden, skal blanda meg i Vitneflokken. Lat det henda i Dag, og lat meg i Ditt Auga vera eit Offer, som fagnar Deg med Feita si! Sjølv heve Du etlat meg til det, Du heve fyreaat sagt det til meg og heve fullendat det, Du trufaste og sanntalande Gud! Difyr vil eg og lova og prisa Deg fyr alle Ting og setja Deg høgt i Namnet aat den einfødde Son Din, Jesus Kristus, den evige Øvstepresten. Æra vere Deg ved Honom og med Honom og Heilaganden, no og sidan utan Ende! Amen! Men so kveikte dei Baalet. Logen stod høgt til Vers og skapad seg til som ein Kvelving, ja liksom eit Segl, som er fyllt av Vinden, stod han i ein Boge i kring Likamen aat Sanningsvitnet. Polykarp saag ein i Midten, ikkje som Kjøt dei held paa og steikjer, men som Gull og Sylv dei reinskar i Omnen. Og dei kristne totte dei kjende ein Ange som av angande Offer-Røyk. Endeleg saag daa Heidningarne, at Elden ikkje kunde gjera det av med honom, og so let dei Meistarmannen stinga eit Spjot i honom. Daa blødde han so mykje at Blodet sløkte Elden, og heile Hopen undrast paa, at det kunde vera so stor ein Skilnad paa dei vantruande og dei utvalde.
           
Dei kristne vilde gjerna teket Likamen hans og jordfest honom, men det fekk dei ikkje. Heidningar og Judar talde fyr Domaren og sagde, at dei kristne ikkje maatte faa Liket, for daa vilde dei sleppa Trui paa den krossfeste Kristus og dyrka Polykarp i Staden. Og det var Synd paa dei kristne! Dei visste ikkje, dei Daararne, skreiv Smyrnamenigheiti i det Brevet ho sette upp um Vitnedauden aat Polykarp, at me aldri kann sleppa Kristus, og at me ikkje kann dyrka ein annan helder. Honom dyrkar me som Guds-Sonen, men Sanningsvitni elskar me som Læresveinar og Ettermenn aat Herren. Og dei fortener Kjærleiken vaar fyr den makelause Truskapen sin mot sin Konge og Lærar. Maatte me berre verta Jamlikar og Læresveinar med dei! Desse Fyretolurne aat dei vantruande gjorde daa so mykje, at Høvidsmannen baud, at dei skulde taka Liket aat Polykarp og brenna det, som Visi var. Men me, skriv dei kristne, tok daa Beini hans, som me heldt gjævare enn Gull og Glimssteinar, og gav dei ein sømeleg Kvilestad. Og der vil me, so framt det vert mogelegt Herren gjeve oss det! - koma i Hop med Hugnad og Gleda paa Fødedagen, som gjorde honom til Sanningsvitne. Og daa vil me halda Høgtid baade fyr aa koma i Hug dei, som alt heve stridt og vunnet, og fyr aa styrkja dei, som endaa lyt strida.
 
[ Meir]