Fraa Kyrkjesoga.

[Del 1 av 5]
 
(Av O. V.)      
 
Me veit ikkje rett mykje um alle desse Menn og Kvinnur, som var store i Kristi Tru i den gamle Kyrkja. Og der var mange store. Eusebius, som me heve det meste ifraa, fortel ein Stad, at det i dei Tider var mange Ettermenn aat Apostlarne i fyrste Led, som viste seg som vyrdande Læresveinar av sine store Lærarar. Dei hadde fatat Gudsordet inderleg og aatte den friskaste Hug til den Visdom, som avsegjer det verdslege. Difyr gav dei ut Godset sitt til dei fatige og foor ut i den vide Verdi, forkynnte Trusordet og strøydde ut det sælgjerande Himmeriks-Sædet. Og mange merkjelege Storverk gjorde dei, for dei underfulle Krafterne aat Gudsanden, verkad gjenom dei. Desse Evangelistar og Hyrdingar kann Eusebius ikkje eingong segja Namnet paa, fortel han. Han lyt halda seg til Bisperekkjurne og slike, som heve latet etter seg Skrifter. Tidi var ung og frisk og tenkte ikkje paa aa skriva si Soga. Det var ein Eldhug og eit Arbeid, som Verdi aldri hadde set Liken til. Og som jamt i sterke Arbeidstider visste dei ikkje annat, enn at dei hadde si Soga i sine Gjerningar, liksom Kristendomen og hadde sine beste Vitnemaal i dei. I Skrifterne fraa den Tidi fær ein ikkje vita stort um Livet, men mykje meir um Dauden og Fraafallet, for det meste er Strids-Skrifter. Skulde ein halda seg til dei, laut ein tru, at Kristendomen var svært illa faren: at den var vorten ein Kastekjepp fyr heidne og kristne Vismenn. Men naar dei lærde slost, heldt Menigheiti trufast paa Livsordet, som hadde gjenget fraa Munn til Munn, og som dei kristne vitnad um baade i Liv og i Daude. Og var det nokot dei livande kristne var i Uvissa um, so heldt dei seg til dei, som hadde set og høyrt Apostlarne. For Vismennerne kom tidtmed græsk Visdom i Staden fyr Kristendom. Men kann desse Skrifterne ikkje segja oss annat, so fær me daa vita, at Kristi Brur hadde faarlegare Motmenn i dei, som vilde taka hennar Tru, enn i dei, som tok Livet aat dei kristne.
           
Det vilde voret gildt no, um me hadde fenget visst, korleids Menneskjurne vart dregne fram mot Kristendomen, men me veit ikkje stort. Det er reint eit Høve, at me fær vita nokot slikt. Dei fleste møter me, naar dei vitnar um si Tru i Dauden, og det er ei stutt Soga, men ho fortel nok.
                                   
I.
             
Polykarp.
           
Polykarp var Bisp i Smyrna i Litleasia. I sine unge Dagar hadde han set Apostlarne, og han vert endaa til kallad Læresveinen deira. Og dei hadde sett honom til Hyrding. Men ein Stod segjest det berre, at han var vorten innsett av dei, som hadde set Herren med sine eigne Augo, og som hadde tent Honom. Apostelen Johannes hadde han voret mest i Hop med. Og det er trulegt og, for han budde i Efesos paa dei Tider. Polykarp svipad mykje paa den namngjetne Læraren sin baade ved sin Kjærleike og si fredsame Framferd. Ei liti Forteljing syner oss, korleids Minnet um Johannes var livande hjaa honom. Eingong møtte han den vantruande Marcion, som vilde nøyda honom til aa gjeva seg den kristne Broderhelsingi, og han sagde: du kjenner meg daa! Men Polykarp svarad: eg kjenner deg, du Satans Frums Unge. Det hadde runnet honom i Hugen, kvat Johannes gjorde, daa han kom inn i Laugarstova i Efesos fyr aa lauga seg og raakad Cernith der. Denne Cernith lærde, at Kristi Rike skulde verta eit jordiskt Rike, der ein skulde eta og drikka i Kvendelag og fylgja alle sine Loster. Daa Apostelen saag honom, snudde han seg til dei, som var med, og sagde: lat oss skunda oss burt, Laugarstova kunde sturta i Hop yver Cernith, den Fienden av Sanningi.
           
Polykarp gjorde ei Ferd til Rom fyr aa tala med Bispen der, Anicetus heitte han. Dei kristne var usamde um Tidi, daa Paaskehelgi burde haldast. Dei Judekristne i Litleasia heldt Paaske den 14. nisan 1) liksom Judarne, men dei kristne av Heidningarne vilde plent hava Paaskedag paa ein Sundag. Polykarp stod paa 14. nisan, for paa den Dagen hadde hanhaldet Paaske saman med Apostelen Johannes. Dei tvo Hyrdingarne kunde ikkje semjast um dette, men til Merkje paa, at dei var samde um Kristi Tru, let Anicetus den andre vigja Nattverden i Kyrkja si.
           
I Rom førde Smyrnahyrdingen mange vantruande inn i Guds Kyrkja atter, for han forkynnte, at Kyrkjetrui, som han hadde fraa Apostlarne sjølve, var sann, og alt annat var Paafund av dei vantruande. Heime i Litleasia hadde han stor Vyrdnad i alle Menigheiterne, og han vart halden fyr det beste Vitne baade, medan han livde, og daa han var gjengen burt. Jamt lærde han det han hadde fenget av Apostlarne, og som endaa vert yvergjevet oss av Kyrkja, segjer Irenæus, liksom der helder ikkje er nokor onnor sann Læra. Han hadde visst mange Læresveinar. Irenæus var ein av dei fremste. Han nemner tidt Polykarp i sine Bøker, og han er allstødt det mest paalitande Vitne um Trui, som ellest gjekk fraa Mann til Mann. - Polykarp skreiv ikkje stort, me veit ikkje um meir enn eit Brev til dei kristne i Filippi, men det vart haldet svært gjævt, kann ein sjaa. Og det er boret av den same Anden som Apostelskrifterne, men det gjev ikkje nye Tankar og Syner. Polykarp var ein kristnad Menneskja, men ikkje nokot annat helder. Og Kyrkjegrunnen var lagd fyrr, so dei kristne hadde berre aa byggja paa den.
           
Han kjenner ingen annan Visdom enn Kristi Tru. Og Kjærleiken er den ypparste av alle Dygder, Kjærleiken til Gud, til Kristus og til Næsten, for den, som heve Kjærleike, er langt ifraa all Synd. Prestarne skal vera milde og hava Samhug med alle, - dei, som er komne ut i Villa, skal dei leida heimatter, alle sjuke i si Menigheit, alle Ekkjur, farlause og fatige skal dei lydast um, og dei skal hjelpa alle. Gir, Mannemun og Snikjesykja skal de ikkje hava.                           
 
( Meir.)
           
 
1) Judarne hadde Maanemaanadar, so nisan kunde koma baaade nokot fyrr og noket seinare enn April.