Vangilja etter Lukas.

[Del 5 av 6. Første delen]
 
Niende Hovudstykkjet.
 
(1) Men han kallade saman dei tolv Læresveinarne sine og gav deim Magt og Velde yver alle vonde Andar og til aa heilbrigda Sjukdomar; (2) og sende deim ut til aa preika Guds Rikje og heilbrigda dei Sjuke. (3) Og han sagde til deim: Take ingjen Ting med paa Vegen, ikkje Stav, ikkje Skreppa, ikkje Braud, ikkje Pengar, og have helder ikkje tvo Klædningar! (4) Og i det Huset, som de ganga inn i, drygje der og gange der ifraa vidare! (5) Og der som dei ikkje vilja taka imot dykk, gange daa burt fraa den Byen, og riste Dusti av Føtom dykkar til Vitnesmaal fyr deim! (6) Men dei gingo ut og foro gjønom Byarne, preikade Gledesbodet og heilbrigde alle Stader. (7) Men Fjordungsfyrsten Herodes høyrde alt det, som han gjorde; og han vart tvilen, avdi sume sagde, at Johannes Døyparen hadde riset upp ifraa dei daude, (8) men sume, at Elias hadde synt seg, men sume, at ein Spaamann utav dei gamle hadde riset upp. (9) Og Herodes sagde: Johannes heve eg halshogget; men kven er han, som eg høyrer alt dette um? og han søkte aa faa sjaa honom. (10) Og Apostlarne komo atte og fortalde honom alt, som dei hadde gjort; og han tok deim til seg og gjekk avsides til ein audsleg Stad ved ein By, som heiter Betsaida. (11) Men daa Folket fekk vita det, fylgde dei etter honom, og han tok imot deim og talade til deim um Guds Rikje og heilbrigde deim, som trengde Bot. (12) Men daa det tok til aa kvelda, daa gingo dei tolv fram og sagde til honom: Lat Folket fara, so dei kunna ganga her ifraa til Byom og Bygdom her ikring og faa seg Herbyrgje og faa Mat; for her era me paa ein audsleg Stad. (13) Men han sagde til deim: Gjeve de deim aa eta! Men dei sagde: Me hava ikkje meir enn fem Braud og tvo Fiskar, fyrst me ikkje skal ganga og kaupa Mat aat alt Folket. (14) For der var paa Lag fem tusund Menn. Men han sagde til Læresveinom sinom: Lat deim setja seg ned femti i kvar Hop! (15) Og dei gjorde so, og let alle setja seg ned. (16) Men han tok dei fem Braudi og dei tvo Fiskarne, saag upp mot Himeln og velsignade deim, og braut deim og gav deim aat Læresveinom til aa leggja for Folket. (17) Og dei aato og vorto mette alle; og dei toko upp Leivingarne, som vart att av deim, tolv Korgar.
           
(18) Og det hende, daa han var aaleine og bad, at Læresveinarne hans voro hjaa honom. Og han spurde deim og sagde: Kven segjer Folket eg er? (19) Men dei svarade og sagde: Johannes Døyparen; men andre: Elias, men andre, at ein Spaamann av dei gamle heve riset upp. (20) Men han sagde til deim: Men de, kven segja de, eg er? Men Petrus svarade og sagde: Guds Kristus. (21) Men han baud deim strengt ikkje segja dette ved nokon. (22) Han sagde til deim: Menneskjesonen bør lida mykje og verta reken av dei elste og Yverprestarne og dei skriftlærde og verta ihelslegen og risa upp att paa den tridje Dagen. (23) Men han sagde til alle. Vil nokon koma etter meg, so nekte han seg sjølv og take Krossen sin paa seg kvar Dag og fylgje meg! (24) For den som vil frelsa Livet sitt skal missa det; men den, som misser Livet sitt for mi Skuld, han skal frelsa det. (25) For kvat hjelper det Menneskja, um ho vann heile Verdi, men miste seg sjølv elder gjorde seg sjølv Skade? (26) For den, som skjemmest ved meg og ved Ordi mine, ved honom vil Menneskjesonen skjemmast, naar han kjem i sin Faders og dei heilage Englars Herlegdom. (27) Men eg segjer dykk Sanning: det er nokre, som standa her, som ikkje skal smaka Dauden, fyrr dei faa set Guds Rikje.
           
(28) Men det hende paa Lag aatte Dagar etter denne Tala, at han tok Petrus, Johannes og Jakob og gjekk upp paa Berget for aa beda. (29) Og daa han bad, vart Andlitsbragdet hans eit annat, Klædi hans vart skinande kvite. (30) Og sjaa, tvo Mennar talade med honom, og det var Moses og Elias, (31) som syntest i Herlegdom og talade um Burtgonga hans, som han (skulde fullføra) i Jerusalem. (32) Men Petrus og dei, som voro med honom, vart tyngde av Svevn; men daa dei vaknade, saago dei Herlegdomen hans og dei tvo Mennar, som stodo hjaa honom. (33) Og det hende, daa desse gingo ifraa honom, at Petrus sagde til Jesus: Meistar! her er det godt aa vera for oss; og lat oss setja upp tri Hyttor, ei til deg, ei til Moses og ei til Elias, og han viste ikkje, kvat han sagde. (34) Men daa han sagde dette, kom ei Sky og skygde yver honom; men dei fælte, daa desse gingo um i Skyi, som sagde: denne er den kjære Son min; høyre honom! (36) Og daa Røysti kom, fanst Jesus aaleine; og dei tagde og fortalde ikkje for nokon i dei Dagom det, som dei hadde set. Men det hende Dagen etter, daa dei komo ned av Berget, daa møtte det honom mykjet Folk. (38) Og sjaa, ein Mann ropade or Flokken og sagde: Meistar, eg bed deg: sjaa til Son min; for han er Einbernet mitt. (39) Og sjaa, ein Ande triv honom, og strakst ropar han, og han slit honom so, at han tyggjer Fraud; og han vik med Vande ifraa honom, naar han heve rivet honom. (40) Og eg bad Læresveinarne dine, at dei skulde driva han ut; men dei kunde ikkje. (40) Men Jesus svarade og sagde: du vantru og vrange Ætt! Kor lengje skal eg vera hjaa dykk og tola dykk? Før hit Son din! (42) Men daa han kom til honom, reiv den vonde Anden honom og sleit honom; men Jesus trjugade den ureine Anden, og heilbrigde Guten og gav honom til Fader hans atter. (43) Men dei fælte alle yver Guds Stormagt. Men daa alle undradest yver alt det, som Jesus gjorde, sagde han til Læresveinom sinom: (44) Gøyme desse Ordi i Øyro dykkar, at Menneskjesonen skal verta yvergjeven i Mannahender. (45) Men dei skynade ikkje dette Ordet, og det var løynt for deim, so at dei ikkje skilde det; og dei ottadest aa spyrja honom um det sama Ordet. (46) Men der kom upp ein Tanke i deim, um kven som var størst imillom deim. (47) Men daa Jesus saag den Tanken i Hjartom deira, tok han eit Barn og stelte det hjaa seg. (48) Og han sagde til deim: den, som tek imot dette Barnet i mit Namn, han tek imot meg; og den, som tek imot meg, han tek imot honom, som sende meg ut; for den, som er minst imillom dykk, han skal vera stor. (49) Men Johannes svarade og sagde: Meistar, me saago ein, som dreiv ut vonde Andar i dit Namn, og me forbaud honom det, avdi han ikkje fylgjer oss. (50) Og Jesus sagde til deim: Forbjode ikkje det! for den, som ikkje er imot oss, er med oss.
           
(51) Og det hende, daa dei Dagarne voro ute, at han skulde verta uppteken, daa vende han Andlitet sitt aa fara til Jerusalem, (52) og han sende Bod framfor Andlitet sitt, og dei gingo burt og komo til ein samaritansk By for aa bua til Herbyrgje. (53) Men dei toko ikkje imot honom, avdi han hadde vendt Andlitet sitt til aa ganga til Jerusalem. (54) Men daa Jakob og Johannes, Læresveinarne hans, saago det, sagde dei: Herre, vil du, at me skal segja, at Eld maa koma ned or Himeln og øydeleggja deim, som og Elias gjorde? (55) Men han snudde seg, refste deim og sagde: de vita ikkje, av kvat Ande de era. (56) For Menneskjesonen kom ikkje til aa øydeleggja Manna-Sjæler, men til aa frelsa deim. Og dei gingo til ein annan By.
           
Men det hende, daa dei gingo paa Vegen, sagde ein til honom: Herre, eg vil fylgja deg, kor du gjeng av. (58) Og Jesus sagde til honom: Reverne hava Holor og Himelns Fuglar Reir; men Menneskjesonen heve ikkje nokot aa luta Hovudet sit til. (59) Men han sagde til ein annan: Fylg meg! Men han sagde: Herre, gjev meg Lov til fyst aa ganga heim aa jorda Fader min! (60) Men Jesus sagde: Lat dei daude jorda sine daude; men gakk du av og forkynn Guds Rikje! (61) Men ein annan sagde: Herre, eg vil fylgja deg; men gjev meg fyst Lov til aa beda Farvæl med deim i mit Hus! (62) Men Jesus sagde til ham: Ingjen, som legg Hondi si paa Plogen og ser attende, er væl buen til Guds Rikje.
 
[ Meir]