Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • iStock-466268301 1280pix.jpg

    Temautstilling: Eg er (står t.o.m. 22.11.)

    Foto- og temautstilling om språk og identitet.

    Ivar Aasen-tunet, -
  • kantarell_IAA.jpg

    Soppdag

    Etter ein ekstraordinær varm og tørr sommar var det frykta at det skulle bli ein dårleg haust for sopplukkarane, men ekspertane har no avvist desse rykta, og det sprett opp sopp som aldri før! Ivar Aasen-tunet vil tradisjonen tru halde opent for årets soppdag 2. september, med organisert sopptur, påfølgande soppkontroll på utescena og naturlegvis smakfull soppmiddag i kaféen.

  • wolfgang plagge.jpg

    Wolfgang Plagge: Ein lystig kveld som gjer deg klok

    Pianist og komponist Wolfgang Plagge spelar og fortel om musikk i skjeringspunktet mellom inn- og uttrykk. Arrangør: Sunnmøre kammermusikkfestival.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • Berit Opheim, Rolf Lislevand, Benedicte Maurseth og Håkon Stene

    Tidekverv

    Tidekverv er eit nytt folkemusikkverk komponert av Berit Opheim og Benedicte Maurseth, tileigna dei fire merkedagane i kalendaråret: vårjamdøgn, sommarsolkverv, haustjamdøgn og vintersolkverv. Fredag 7. september framfører dei det musikalske verket i tunet.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • BB_VesaastilTiller.jpg

    Bok og bakverk: Frå Vesaas til Tiller

    Romanen – ei litterær reise frå 1940 og fram til i dag. Bibliotekar Siri Beate Gjerde presenterer forfattarar frå Nynorsk litteraturhistorie og les litteraturen deira. Fersk bakst og kaffi i kafeen.

    Ivar Aasen-tunet,
  • Åse Wetås

    Forskingsdagane 2018: Nynorsk digital oppvekst

    NB! Biblioteket ved Høgskulen i Volda (Berte Kanutte-huset)

    Høgskulen i Volda, Biblioteket,
  • torbjrnurke_992x627.jpg

    Gud skapte, Linné ordna, Aasen samla

    I dette foredraget fortel Torbjørn Urke om korleis Ivar Aasen vidareførte det omfattande arbeidet til Carl von Linné. Aasen samla og organiserte hundrevis av planter etter systemet til Linné og la til både norske og sunnmørske namn.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • Trine Skei Grande, Roger Erlandsen, Grete Riise, Ottar Grepstad, Jostein Nerbøvik.

    Nynorsk kultursentrum 25 år

    Gratis og ope for alle. Arrangementet blir strøyma til kafeen, grunna avgrensa plass i salen.

    Ivar Aasen-tunet,