Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • Edvard Hoem

    Edvard Hoem: Slåttekar i himmelen

    Forfattaren les og fortel frå romanen. Søndagsmiddag til sals i kafeen kl. 15.00–17.00.

    Kjøp billettar
  • Fidjestl-Alfred_fra-Asker-til-Eden_utsnitt.jpg

    Frå Asker til Eden. Om dei som endra Noreg

    Foredrag ved forfattar Alfred Fidjestøl.

    Kjøp billettar
  • Maren Esmark

    Levande hav, kyst og vassdrag

    Naturvernforbundet Ørsta Volda inviterer til ope møte om oppdrettsnæring og havmiljø onsdag 4. mars kl. 19.00 i Ivar Aasen-tunet. Maren Esmark, generalsekretær i Naturvernforbundet sentralt og marinbiolog av utdanning, kjem til Sunnmøre for å innleie om temaet. Hit kjem også ein representant frå Marine Harvest for å fomidle deira syn på oppdrett og marin økologi. Møtet er gratis og ope for alle.

  • Gunn Berit Gjerde, Marte Fanneløb Giskeødegård, Maria Dyrhol Sandvik og May Kristin Bolli.

    Kor attraktivt er fylket vårt for kvinner?

    Møre og Romsdal har ein kjønnsdelt næringsstruktur og det største underskotet av unge kvinner av alle fylka i landet. Søndag 8. mars møtest fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde, forskar Marte Fanneløb Giskeødegård og rektor May Kristin Bolli til samtale i Ivar Aasen-tunet om kjønnsbalansen i fylket. Maria Dyrhol Sandvik leier samtalen.

  • Ottar Grepstad
  • Tett på

    Tett på. Ein intim kabaret

    Ei framsyning frå Sogn og Fjordane Teater med Linda Øvrebø og Kyrre Eikås Ottersen. Tett på er spekka med songar, bittersøt humor, blodig alvor og publikumsflørt i ei fri fabulering som dei fleste kan kjenne seg att i. Songar av blant andre Marianne Faithfull, Marlene Dietrich, Marilyn Monroe, Edith Piaf og Maria Callas. (Gruppebillettar må tingast på tlf. 70047570 eller billett@aasentunet.no)

    Kjøp billettar
  • Ein super gjeng etter vel gjennomført konsert på kulturskulen!.jpg

    Ørsta kulturskule og Vartdalstranda generasjonskorps

    Grupper og solistar frå kulturskulen vil framføre folketonar, klassisk musikk og popmusikk og publikum kan også sjå fram til fengjande potpourriar frå det 40-"manns" store korpset. Born gratis, vaksne kr 50

  • Egil Olsen

    Egil Olsen

    Konsert med plateslepp av albumet «ooo what happened». Publikum får også høyre nynorske omsetjingar av nokre av tekstane undervegs i konserten.

    Kjøp billettar
  • lurivar3_maria.jpg

    Lurivar og jakta på songskatten

    Hjelp tunkatten Lurivar å løyse eit påskemysterium! Med skodespelar Maria Halseth (Lurivar) og Anna Elise Vadset. Høver for barn frå 5 år og oppover. (Familiebillettar må tingast på telefon 70047570 eller billett@aasentunet.no)

    Kjøp billettar
  • lurivar_maria.jpg

    Lurivar og jakta på songskatten

    Hjelp tunkatten Lurivar å løyse eit påskemysterium! Med skodespelar Maria Halseth (Lurivar) og Anna Elise Vadset. Høver for barn frå 5 år og oppover (Familiebillettar må tingast på telefon 70047570 eller billett@aasentunet.no)

    Kjøp billettar