Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • Ingvild Nordstoga

    Ingvild Lilletvedt Nordstoga

    Ingvild Lilletvedt Nordstoga, vokal og gitar, og Helge Lilletvedt, piano

    Kjøp billettar
  • Frå framsyninga Draumar

    Draumar (familieframsyning)

    Søndag 8. februar får publikum i Ivar Aasen-tunet vere med på ei magisk reise på leit etter draumefangaren. Familieframsyninga «Draumar» byd på både vare melodiar og rytmisk melodiske krumspring. I denne interaktive framsyninga blir publikum invitert med på dans, song og tromming i ei reise for å finne draumefangaren som skal ta vekk den vonde draumen. Dette er ei musikalsk forteljing med mange innspel og eit visuelt uttrykk.

    Kjøp billettar
  • Fruktdisk. Foto Muammerokumus (CC BY-SA 2.0)

    Grøn mat

    Måndag 9. februar kl. 20.00 inviterer Framtiden i Våre Hender (FIVH) Volda og Ørsta til foredrag om Grøn mat. Foredragshaldar er Christoffer Ringnes Klyve, som er leiar i Klima og miljøavdelinga i FIVH. Han meiner maten vi et har mykje å seie for miljøet, og han vil snakke om kva som eigentleg er miljøvenleg mat. Det handlar m.a.om å ete mindre kjøt, meir fisk og vilt, og han kjem også til å snakke om økologisk- og kortreist mat. Folkemusikar Jorunn Marie Kvernberg deltek med kulturinnslag. Arrangementet er gratis og ope for alle. Arr: Framtiden i Våre Hender Volda og Ørsta