Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • IMG_4385.JPG

    Temautstillinga "Menneske og språk på vandring" (står til 24.11.)

    Kva gjer det med folk å måtte gå inn i eit heilt nytt språksamfunn, og kva gjer det med tilhøvet deira til morsmålet? Onsdag 15. juni opna temautstillinga «Menneske og språk på vandring» i Aasen-tunet. Sentralt i utstilling er ein videoinstallasjon der publikum får møte menneske som har eit anna morsmål enn norsk. Med billetten følgjer også inngang til basisutstillinga.

    Ivar Aasen-tunet, basisutstillinga, -
  • Utsnitt frå "Monsterbråk"
    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • Gunnhild Øyehaug, Kaisa Aglen, Tom Roger Aadland, Olav R. Øyehaug og Øystein Orten.

    Boknatta med Dylan på nynorsk

    Tom Roger Aadland syng Bob Dylan på nynorsk, og forfattarane Kaisa Aglen, Øystein Orten, Gunnhild Øyehaug og Olav Øyehaug les frå og snakkar om dei nyaste bøkene sine.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • juleroser 2016.jpg

    Herborg Kråkevik

    Søndag 27. november møter du Herborg Kråkevik og pianist Julian Berntzen i Aasen-tunet. Dei har med ei rykande fersk utgåve av juleheftet Juleroser og julesongar med varme, magi, tradisjonar og klassiske melodiar.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar