Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • Milan Ilic og Karine Munch inviterer til krimkveld

    Krimkveld

    Forfattarane Magnhild Bruheim, Thore E. Helland og Rune Timberlid med bøkene "Det som er sant", "Farleg kreditt" og "Sanct Svithuns gåte". Graskarsuppe med foccacia i kafeen frå kl. 20.00.

    Kjøp billettar
  • Terje Kjøde, Terje Aarset og Roar Goksøyr Lillebø

    Symra

    Terje Aarset fortel og samtalar om boka "Symra" med Terje Kjøde. Musikalsk tonefølgje av Roar Goksøyr Lillebø. Nysteikte vaflar i kafeen.

    Kjøp billettar
  • Aasen-tunet med flagg

    Ottar Løvoll: "Stikkvegar"

    Ottar Løvoll lanserer den andre diktsamlinga si, "Stikkvegar". Musikalsk tonefølgje av Stig Ulv. Meir informasjon kjem.

  • Frøya_kulturskulen_2013.jpg

    Ørsta kulturskule, konsert

    Variert program frå om lag 55 elevar og 8 lærarar.

  • Aasen-tunet med flagg

    5-årsmarkering for Volda og Ørsta som Fairtradekommunar

    Styringsgruppa for Fairtradekommunane Volda og Ørsta inviterer til 5-årsjubileum i Aasen-tunet. Det vert ein kort historikk, foredrag og helsingar frå ordførarane i Volda og Ørsta.

  • flakk_kippersund.jpg

    Enok Kippersund, Liv Randi Bjørlykke og Edith Flakk

    Kortreist i tunet: Gje far ei god oppleving på farsdag. I Aasen-tunet blir det kjærleikserklæring til Volda, humoristiske kåseri og vakker musikk med bilete når Enok Kippersund, Liv Randi Bjørlykke og Edith Flakk møter publikum søndag ettermiddag. Kaféleiar Milan Ilic freistar med farsdagskake og kortreist tapastallerken, med mellom anna Aasen-tunet si eiga tunpølse.

  • ragnhild-og-ingrid--FOTO_Sven-arne-tolls-SALT-STUDIO.jpg

    Nært og viktig om Downs

    I oktober gav Ragnhild Tunheim Huse frå Ørsta ut boka Får eg lov? Ein vals med Ingrid, verdas beste storesøster. Boka handlar om storesøstera Ingrid som har Downs syndrom. Søndag les forfattaren frå boka i Aasen-tunet, og fortel om kvifor ho måtte skrive den. Ingrid Karin Tunheim les dikt og Miriam Hammarstrøm syng songar av svenske Lina Sandell. I butikken vert det utstilling og sal av boka og ko:ko-kjolen med vers av Ivar Aasen.

  • Hovland-Ragnar-2006-2--Herborg-Pedersen.jpg

    Boknatt

    Ragnar Hovland med "Frå Ragnar til alle", Øystein Orten med "Rasmus rebellen" og Agnes Ravatn med "Fugletribunalet". Musikalsk innslag med Jorun Marie Kvernberg, kjent frå Majorstuen.

    Kjøp billettar
  • Ein-god-dag-kjem-aldri-for-tidleg_plakat_utsnitt.jpg

    Ein god dag kjem aldri for tidleg

    Ein leiken kabaret – frå Ivar Aasen til Odd Nordstoga

    Kjøp billettar