Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • iStock-466268301 1280pix.jpg

    Temautstilling: Eg er (står t.o.m. 22.11.)

    Foto- og temautstilling om språk og identitet.

    Ivar Aasen-tunet, -
  • BB_DuuntilSortland.jpg

    Bok og bakverk: Frå Duun til Sortland

    Novella – smakebitar frå 1907 og fram til i dag. Bibliotekar Siri Beate Gjerde presenterer forfattarar frå Nynorsk litteraturhistorie og les litteraturen deira. Fersk bakst og kaffi i kafeen.

    Ivar Aasen-tunet,
  • hovland_mrksommar_992x627.jpg

    Ragnar Hovland: Mørk sommar

    Ingen er som Ragnar Hovland, verken som forfattar eller på scena. No kjem han til Aasen-tunet for å samtale med Jan H. Landro om sin nye roman, som kjem til våren.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • familiedag_freseskyflyet.jpg

    Familiedag: Det forferdeleg geniale freseskyflyet

    Oppfinnaren Snutt er mest interessert i å finne opp geniale ting og merkelege duppedingsar. Når ungdommane i Olsen by bryt seg inn i oppfinnarfabrikken for å få han til å gi dei sol og varme heile året, ser han sjansen til å lage ei genial oppfinning som gjer det umoglege mogleg. Forfattar Rolf Losnegård har skrive ei engasjerande og humoristisk bok om klimaproblematikken og kjem til Aasen-tunet for å lese og fortelje.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • ikkjeverredd_992x627.jpg

    Ikkje ver redd sånne som meg

    Sumaya Jirde Ali skriv at ho ikkje greier å sjå for seg ein annan heim enn Noreg. Kva vil det seie å høyre til når du blir kalla eit problem? Onsdag 17. oktober samtalar ho med forfattar Lars Petter Sveen, som også er aktuell med bok i haust.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • Styringsgruppa for Fairtrade Volda og Ørsta.

    10-års-jubileum for Fairtrade-kommunane Volda og Ørsta

    Historisk tilbakeblikk, talar, kulturinnslag og fingermat. Arr.: Styringsgruppa for Fairtradekommunane Volda og Ørsta. Gratis og ope for alle

    Ivar Aasen-tunet,
  • 1910988_10201726189388629_3543843966000561715_o.jpg

    Sildesølv

    Trompetist Kåre Nymark tek med bandet sitt, vokalgruppa Halv 8 og tekstane til Hilde Myklebust til Aasen-tunet 26. oktober. Nymark har laga verket «Sildesølv» med vare, vakre og ville stemningar. Arrangør: Halv8

    Kjøp billettar