Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • 09 Janosch beskore.jpg

    Familiedag: Reiser

    Samlingsstund kl. 13 med høgtlesing frå Janosch-boka "Med tigeren og bjørnen til Panama". Høyr korleis det går når den vesle tigeren og den vesle bjørnen legg ut på ei reise til Panama. Etterpå blir det aktivitetar for borna. Høver best for born frå 4 år.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • Ivar Aasen 1871

    Aasens reiser

    Vi markerer at det denne hausten er 175 år sidan Ivar Aasen la ut på den første reisa si, for å samle prøver frå dei norske talemåla. På programmet står dramatiseringa "Aasen sine reiser på 10 minutt" med Line Starheimsæter, foredraget "Dei gamle fjell i syningom" av Gaute Øvereng og musikkinnslag ved Anne Marta Vinsrygg Vadstein.

    Salen, Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • 891 bok og bakverk 01022017 01 1280pix.JPG

    Bok og bakverk

    Bibliotekar Siri Beate Gjerde les frå "Verda er ein skandale" av Agnes Ravatn, det vil bli song og musikk frå elevar ved musikklina ved Volda vidaregåande skule, og sal av rykande ferskt bakverk i kafeen. Arrangementet vil vare om lag ein time og det er gratis.

    Kafeen, Ivar Aasen-tunet,
  • Klippfboka.jpg

    Kortreistarrangement: Klippfiskboka- maten og historia

    Søndag 8. oktober blir det presentasjon av Klippfiskboka – maten og historia, i kafeen i Ivar Aasen-tunet. Den blir presentert av redaktørane og forfattarane Atle Døssland og Bjørn Gunnar Tafjord, samt medforfattarane Arnljot Løseth og Hans Morten Sundnes. Dei vil også signere bøker til dei som ønskjer det.

    Kafeen, Ivar Aasen-tunet. Arrangementet er gratis,
  • Alfred-Fidjestoel1.jpg

    Å skrive eit liv

    Samtale med Vibeke Lauritsen, som har skrive 292 biografiar i Allkunne, og Alfred Fidjestøl, som lanserer biografi om apa Julius. Samtaleleiar er redaktør i Allkunne Per Magnus Finnanger Sandsmark. I samarbeid med nettleksikonet Allkunne

    Salen, Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • Luther2017_kollasj.jpg

    Luther 2017: Reformasjon med urframføring

    Søndag 15. oktober markerer Ivar Aasen-tunet at det er 500 år sidan reformasjonen. Denne kvelden samtalar teolog og bibelomsetjar Anders Aschim med forfattar Sigrun Høgetveit Berg. Det blir også urframføring av ein nyomsett Luther-salme og kviss med bokpremie.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • STEMT_blandakor_foto_2017.jpg

    Haustkonsert med STEMT

    Tysdag 31. oktober blir det konsert med blandakoret STEMT i Aasen-tunet. Koret med dyktige songarar og dirigent Siv K. Aurdal er stasjonert i Volda/Ørsta. Her er noko for ein kvar smak og for alle aldrar. Arr: STEMT