Kva skjer
Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.
Temautstillinga "Menneske og språk på vandring" (står til 24.11.)
Kva gjer det med folk å måtte gå inn i eit heilt nytt språksamfunn, og kva gjer det med tilhøvet deira til morsmålet? Onsdag 15. juni opna temautstillinga «Menneske og språk på vandring» i Aasen-tunet. Sentralt i utstilling er ein videoinstallasjon der publikum får møte menneske som har eit anna morsmål enn norsk. Med billetten følgjer også inngang til basisutstillinga.
Ivar Aasen-tunet, basisutstillinga, -Familiedag: Naturen
Søndag 2. oktober er det familiedag i Aasen-tunet. Forteljar Nina Elisabeth Bøe og aktivitetsleiar Line Katrin Moe tek borna med inn i kunstmålar Nikolai Astrups magiske og kreative verd.
Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettarPå liv og død
Aud Farstad les frå boka "På liv og død. Distriktsjordmødrenes historie" og fortel særskilt om jordmødrene frå vårt distrikt.
Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar25 år etter orkanen
For 25 år sidan råka tidenes verste uvêr Vestlandet. Oddgeir Bruaset har snakka med mange av menneska som opplevde katastrofen, korleis hendingane denne orkannatta påverka liva deira. Tysdag 18. oktober kjem han til Aasen-tunet med boka "Orkanen 25 år etter", som nyst er komen ut.
Ivar Aasen-tunet,Barnelitterær formidlingsfest
Torsdag 27.oktober blir den nynorske barnelitteraturen feira i Ivar Aasen-tunet med ein inspirerande og lærerik formidlingsfest. Seminaret er retta mot lærarar på 3.-7. trinn, bibliotekarar, kulturarbeidarar og formidlarar. 450 kr pr. deltakar inkl. lunsj og forfriskingar.
Ivar Aasen-tunet,Tore Renberg: Du er så lys
Tore Renberg gir ut ny roman i haust og legg ut på turné saman med gitarist Alexander Flotve. Søndag 30. oktober kjem dei til Ivar Aasen-tunet og lovar publikum klump i halsen, latter i brystet og varme i føtene.
Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar