Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • iStock-466268301 1280pix.jpg

    Temautstilling: Eg er (står t.o.m. 22.11.)

    Foto- og temautstilling om språk og identitet.

    Ivar Aasen-tunet, -
  • Ottar Grepstad

    Tor Jonsson-foredraget

    Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum held foredrag om Vinje og Jonsson

    Tor Jonsson-stugu, Lom, Kjøp billettar
  • kantarell_IAA.jpg

    Soppdag

    Etter ein ekstraordinær varm og tørr sommar var det frykta at det skulle bli ein dårleg haust for sopplukkarane, men ekspertane har no avvist desse rykta, og det sprett opp sopp som aldri før! Ivar Aasen-tunet vil tradisjonen tru halde opent for årets soppdag 2. september, med organisert sopptur, påfølgande soppkontroll på utescena og naturlegvis smakfull soppmiddag i kaféen.

  • wolfgang plagge.jpg

    Wolfgang Plagge: Ein lystig kveld som gjer deg klok

    Pianist og komponist Wolfgang Plagge spelar og fortel om musikk i skjeringspunktet mellom inn- og uttrykk. Arrangør: Sunnmøre kammermusikkfestival.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • Program

    Ulvik poesifestival

    Med temaet Ordskifte gjer vi Ulvik poesifestival til ei litterær scene som vågar å engasjere og utfordre. Festivalpoetane Cecilie Løveid, Øyvind Berg, Knut Ødegård og danske Asta Olivia Nordenhof tek på ulikt vis opp aktuelle tema i diktinga si. Festivalen for lyrikk i mange former byd også på musikalske høgdepunkt: Ole Paus, Herborg Kråkevik, 9 grader nord, Tom Roger Aadland – alle kjem dei til Ulvik i september. Sjå poesifestivalen.no for meir informasjon

    - Kjøp billettar
  • VS-hending-2018-foto Hauge-senteret 992.jpg

    Ulvik poesifestival 2018

    Arrangør: Nynorsk kultursentrum / Olav H. Hauge-senteret

    Ulvik, -
  • Berit Opheim, Rolf Lislevand, Benedicte Maurseth og Håkon Stene

    Tidekverv

    Tidekverv er eit nytt folkemusikkverk komponert av Berit Opheim og Benedicte Maurseth, tileigna dei fire merkedagane i kalendaråret: vårjamdøgn, sommarsolkverv, haustjamdøgn og vintersolkverv. Fredag 7. september framfører dei det musikalske verket i tunet.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • BB_VesaastilTiller.jpg

    Bok og bakverk: Frå Vesaas til Tiller

    Romanen – ei litterær reise frå 1940 og fram til i dag. Bibliotekar Siri Beate Gjerde presenterer forfattarar frå Nynorsk litteraturhistorie og les litteraturen deira. Fersk bakst og kaffi i kafeen.

    Ivar Aasen-tunet,
  • Åse Wetås

    Forskingsdagane 2018: Nynorsk digital oppvekst

    NB! Biblioteket ved Høgskulen i Volda (Berte Kanutte-huset)

    Høgskulen i Volda, Biblioteket,
  • torbjrnurke_992x627.jpg

    Gud skapte, Linné ordna, Aasen samla

    I dette foredraget fortel Torbjørn Urke om korleis Ivar Aasen vidareførte det omfattande arbeidet til Carl von Linné. Aasen samla og organiserte hundrevis av planter etter systemet til Linné og la til både norske og sunnmørske namn.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • Periferiens kunnskapshistorie

    Periferiens kunnskapshistorie

    Catharina Kølle (1788–1859) og Niels Herzberg (1759–1841) budde i kvar sin sidearm av Hardangerfjorden, i Ulvik og Ullensvang. Hertzberg var presten som la bort ungdomsdraumen om å bli landmålar. Kølle realiserte i vaksen alder utferdstrongen sin ved å gå til Sverige, Danmark, Tyskland og Italia. Begge har etterlate seg mykje kunnskap i form av kart, tekstar og teikningar.

    Hauge-senteret, Kjøp billettar
  • Trine Skei Grande, Roger Erlandsen, Grete Riise, Ottar Grepstad, Jostein Nerbøvik.

    Nynorsk kultursentrum 25 år

    Gratis og ope for alle. Arrangementet blir strøyma til kafeen, grunna avgrensa plass i salen.

    Ivar Aasen-tunet,
  • Vesaas, Olav foto Cappelen Damm.jpg

    Diktaren Vinje

    Kulturkveld med diktlesing og foredrag ved Olav Vesaas

    Presteenkesetet Sjo, Gran,