Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • iStock-466268301 1280pix.jpg

    Opning av tema- og fotoutstillinga "Eg er. Ei utstilling om språk og identitet"

    Det blir stundom sett likskapsteikn mellom språk og identitet. Men betyr språk like mykje for sjølvbiletet som ein skulle tru? Den nye temautstillinga frå Aasen-tunet utforskar dette, og blir i år supplert av både fotoutstilling utandørs og ein videoinstallasjon der Linda Eide er sentral.

  • Vinje, vår mann

    «Du les vitet av deg», vart det sagt til Aasmund O. Vinje, då han voks opp. Tilhøvet mellom bokleg lærdom og lærdom frå livets skule er ei hovudsak for Vinje, i både liv og verk. Han var nok ein av dei mest lærde i si tid, men praktisk lærdom såg han aldri bort ifrå. - Vinje er min mann, seier forfattaren Lars Amund Vaage. Vaage er mellom våre tyngst prislønte og omtykte nynorsk-forfattarar. Vi er stolte over å kunne invitere til denne framsyninga der han bidreg både litterært og musikalsk: Lars Amund Vaage vil fortelje om korleis Aasmund Vinje har kome til å bety så mykje for han, og reflektere over alt han har å seie til oss i vår tid, framleis. Vaage akkompagnerer tenor Aasmund Kaldestad i nokre av Grieg/Vinje-songane på piano. Skodespelar Kyrre Eikaas Ottesen frå Sogn og Fjordane teater les tekstar av Aasmund Olavsson Vinje.

    Gamlebanken, Førde,
  • Pilegrimledens dag

    Diktlesing og song på vegen Vi startar frå Café Oscar kl. 10.00 og har stopp ved foten av Brubakka, St. Petri og Korshagan Karjolen med «Vinje» køyrer frå St. Petri til Granavollen Vandrarane er framme kl. 13.00, der blir det servering og markering Arrangørar: Kirken i Gran, Pilegrimssenter Granavollen og Pilegrimsfellesskapet RiHaTo

    Vandring frå Røykenvika til Granavollen,
  • Jubileumskonsert med Guten - songar av Aasmund Olavsson Vinje

    Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad Aasmund Nordstoga fortel om poeten, journalisten, målmannen og fjellturisten som både forarga og gledde i si samtid Arrangør: Hadeland dialekt- og mållag

    Tingelstad kirke, Gran,
  • Fjellvandraren Vinje

    Opning av den gamle kyrkjevegen Ekersgutua som tursti Vandring frå Granavollen til Sølvsberget Arrangør: Den Norske Turistforening Hadeland

    Oppmøte på Kjørkjevangen,
  • Olav Vesaas: Foredrag om Vinje

    Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad: Vinje-songar Kaffi og kaker på kyrkjebakken Tilskiparar: Maridalen menighet og Oslo Mållag

    Maridalen kirke, Oslo,
  • InderøyFest 2018

    Innslag om A.O. Vinje

    Inderøy,
  • Marit Eikemo
    Kjøp billettar
  • Perspektivdagen 2018: litteraturpolitikk

    Nye perspektiv på nynorsk skriftkultur Arrangør: Nynorsk kultursentrum

    Møre folkehøgskule, Ørsta,
  • Dei nynorske festspela

    Festspeldiktar: Marit Eikemo Arrangør: Nynorsk kultrsentrum / Ivar Aasen-tunet Programmet er i arbeid

    Ørsta og Volda, -
  • Møre folkehøgskule, Ørsta,
  • Ferdaminne

    Tingingsverk av Tord Gustavsen fritt etter A.O. Vinje Tord Gustavsen (flygel), Tore Brunborg (saksofon), Jarle Vespestad (trommer), Cecilie Jørstad (resitasjon) Med støtte frå Kulturrådet

    Ivar Aasen-tunet, Ørsta, -
  • Kjærleik med rette song

    Bygdelagskoret Blåne er eit blandakor frå Oslo som blei stifta i 1929. På repertoaret har vi i hovudsak folkemusikk, dei fleste songar på nynorsk eller dialekt. Koret har i mange år lagt stor vekt på norske folketonar og arbeider med å vidareutvikle folketoneklangen i koret. På konserten vår vil du få høyre viser, stev og folkesongar frå ulike delar av landet. Tema vil vere knytta til kjærleik, vår, liv og lengt. Sidan vi feirar Aasmund Olavsson Vinjes 200 års jubileum i år vil programmet ha innslag av songar med Vinje-tekstar og telemarkstradisjon. Les meir om koret her: http://bygdelagskoret.org/ eller facebook: https://www.facebook.com/bygdelagskoret.blaane/

    Eidsborg, Tokke,
  • Økland_Einar_utsnitt_foto_ToveKBreistein.jpg

    Diktardagen på Utne

    Laurdag 16. juni deler Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum ut lyrikkprisen Diktartavla for 26. gong. Diktartavla for 2018 går i til Einar Økland. Når Økland får si diktartavle på Diktarstien på Utne i juni, er nok eit viktig lyrisk forfattarskap på plass i rekka av sentrale poetar i vår tid.

    Hardanger folkemuseum, Utne,
  • lurivar_maria.jpg

    Orda rundt med Lurivar

    Tunkatten Lurivar er klar for sommarferie og vil gjerne fortelje borna om årets reisemål. Han leitar fram kofferten, men oppdagar at innhaldet ikkje stemmer med det han har planlagt. Bli med Lurivar på vandreteater i Aasen-tunet kl. 13.00, kvar dag i veke 26 og 30.

    Ivar Aasen-tunet,

  • Nordstoga-Aasmund-pressefoto.jpg

    Vinje på fjellet

    Aasmund Nordstoga med band. Fottur. Foredrag

    Fondsbu, Eidsbugarden,