Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • nilssen_olaug 2017.png

    Temautstilling: Olaug Nilssens basar

    Vi viser temautstillinga om Bragepris-vinnaren i 2017, forfattar og dramatikar Olaug Nilssen.

    -
  • do_illustrasjon_2018_kollasj.jpg

    Familiedag: Do

    Aasen-tunet inviterer nysgjerrige barn og vaksne til familiedag med eit tema som gjeld for oss alle. Søndag 4. februar kan heile familien lære meir om historia til doen og teste kunnskapane sine i aktivitetsverkstaden. Kafeen byr på gode kjeks med tematisk form.

    Ivar Aasen-tunet, Salen, Kjøp billettar
  • Blåmann

    Premiere på dokkeeteater for barnehagar. Av og med Siw Elena Skinnemoen og Eirin S. Skinnemoen Arrangør: Folkeakademiene Landsforbund med støtte frå Vinje kommune Eige turneprogram

    Valle,
  • skulehage_i_barnehage_2018.jpg

    Inspirasjonskurs: skulehage i barnehagen eller på skulen?

    Inspirasjonskurs retta mot tilsette i barnehage og grunnskule, gardbrukarar med Inn-på-tunet-tilbod og andre interesserte.

    Ivar Aasen-tunet, Salen,
  • ferdavinje_plakat_magne.jpg (1190x668).jpg

    Ferda-Vinje m/Magne Skjævesland

    Konsert med noko atåt

    Hamar bibliotek avd, Vang,
  • Konsert_FaSong_2018.jpg

    Konsert med faSong

    Songar frå repertoaret til Dolly Parton, U2, Lars Bremnes, Mariah Carey, Whitney Houston og mange fleire står på programmet når koret faSong innbyd til konsert med «himmelsk pop».

    Ivar Aasen-tunet, Salen,
  • Kunstverkstad_for_vaksne_2018_kollasj.jpg

    Kunstverkstad for vaksne

    Kunstverkstad for vaksne inspirert av bøkene "Norges låver" og "Av stein" av Oddleiv Apneseth og Eva Røyrane.

    Ivar Aasen-tunet, Salen, Kjøp billettar
  • Holmen seniorsenter, Asker,
  • Ferda-Vinje m/Magne Skjævesland

    Konsert med noko attåt

    Ål kulturhus, Ål,
  • Migrasong

    Migrasong

    På 1800-talet emigrerte mange nordmenn til Amerika. Det gjorde også songane deira. Saman med musikarkollegaer gir Reidun Horvei innblikk i eit viktig kapittel i norsk-amerikansk historie. Songane på Elvatun denne kvelden dirrar av heimlengt, men dei ber også i seg fantasiar om det nye tilværet. Ikkje minst speglar songane dei norske emigrantane sine møte med nye kulturar, og slik kastar framsyninga også lys over situasjonen for mange flyktningar i dag. I samarbeid med Ulvik herad

    Elvatun, Kjøp billettar
  • 891 bok og bakverk 34.JPG

    Bok og bakverk

    Aasen-tunet ønsker velkomen til årets første «Bok og bakverk», torsdag 15. februar. Dette er eit gratis arrangement på dagtid med litteratur og fersk heimelaga bakst i kafeen.

    Ivar Aasen-tunet, Kafeen,
  • Morsmålsdagen

    Morsmålsdagen

    Ulvik har mange innbyggjarar frå ulike deler av verda og derfor eit stort språkmangfald. Dette mangfaldet feirar vi på den internasjonale morsmålsdagen. Alle som har flytta til Ulvik frå andre delar av verda, er hjarteleg velkomne til å presentere poesi frå heimlandet sitt, eller dikt dei har skrive sjølve. I samarbeid med Ulvik folkebibliotek.

    Ulvik bibliotek,
  • Reidun Aambø

    Gresk for meg

    I høve den internasjonale morsmålsdagen onsdag 21. februar kjem førstelektor Reidun Aambø til Aasen-tunet. Ho fortel om alfabet og teikn i ulike kulturar, og korleis folketru kjem til uttrykk i språket.

    Ivar Aasen-tunet, Salen, Kjøp billettar