Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • iStock-466268301 1280pix.jpg

    Temautstilling: Eg er (står t.o.m. 22.11.)

    Foto- og temautstilling om språk og identitet.

    Ivar Aasen-tunet, -
  • BB_DuuntilSortland.jpg

    Bok og bakverk: Frå Duun til Sortland

    Novella – smakebitar frå 1907 og fram til i dag. Bibliotekar Siri Beate Gjerde presenterer forfattarar frå Nynorsk litteraturhistorie og les litteraturen deira. Fersk bakst og kaffi i kafeen.

    Ivar Aasen-tunet,
  • hovland_mrksommar_992x627.jpg

    Ragnar Hovland: Mørk sommar

    Ingen er som Ragnar Hovland, verken som forfattar eller på scena. No kjem han til Aasen-tunet for å samtale med Jan H. Landro om sin nye roman, som kjem til våren.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • Endre Olsen

    Endre Olsen med band

    Då Endre Olsen i vår gav ut første albumet sitt på norsk, «Bøttevis med blått», vart det omtala som ein komande klassikar. Med terningkast fem og seks vert han samanlikna med visesongarar som Tønes og Stein Torleif Bjella. Endre Olsen har sitt eige og energiske lydbilete. Han hentar inspirasjon frå begge sider av Atlanteren: amerikansk køntrinerve i uslåeleg kombinasjon med britisk popteft. Akkompagnert av kjende musikarar frå Bergens musikkscene leverer han velkomponerte tekstlinjer på syngjande storddialekt. Nei, dette vil du ikkje gå glipp av! I samarbeid med Frukt- og siderruta.

    Lekve gard, Kjøp billettar
  • familiedag_freseskyflyet.jpg

    Familiedag: Det forferdeleg geniale freseskyflyet

    Oppfinnaren Snutt er mest interessert i å finne opp geniale ting og merkelege duppedingsar. Når ungdommane i Olsen by bryt seg inn i oppfinnarfabrikken for å få han til å gi dei sol og varme heile året, ser han sjansen til å lage ei genial oppfinning som gjer det umoglege mogleg. Forfattar Rolf Losnegård har skrive ei engasjerande og humoristisk bok om klimaproblematikken og kjem til Aasen-tunet for å lese og fortelje.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • Karsten Alnæs

    Journalisten Vinje

    Kulturkveld med foredrag av Karsten Alnæs

    Prestenkesetet Sjo, Gran,
  • Olav Vesaas

    Olav Vesaas: Foredrag om Vinje

    Arrangør: Sandefjord og Sandar mållag

    Sandefjord,
  • ikkjeverredd_992x627.jpg

    Ikkje ver redd sånne som meg

    Sumaya Jirde Ali skriv at ho ikkje greier å sjå for seg ein annan heim enn Noreg. Kva vil det seie å høyre til når du blir kalla eit problem? Onsdag 17. oktober samtalar ho med forfattar Lars Petter Sveen, som også er aktuell med bok i haust.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • VS-hending-Vegaardshei bygdetun-foto Vegaardshei kommune 992.jpg
    Vegårdshei bygdetun,
  • Styringsgruppa for Fairtrade Volda og Ørsta.

    10-års-jubileum for Fairtrade-kommunane Volda og Ørsta

    Historisk tilbakeblikk, talar, kulturinnslag og fingermat. Arr.: Styringsgruppa for Fairtradekommunane Volda og Ørsta. Gratis og ope for alle

    Ivar Aasen-tunet,
  • Kveld i museet

    Kveld i museet

    Ein mørk haustkveld opnar vi dørene for publikum og byd på ein varmande drykk i koppen. Vi syner fram skjulte skattar frå utstillinga og Hauges boksamling, og medarbeidarane ved Hauge-senteret presenterer utvalde favorittar blant bøkene i museumsbutikken.

    Hauge-senteret,
  • 890 vinje aasmund olavsson finn graff 83_web.jpg
    Det Norske Teatret, - Kjøp billettar
  • Vinje-konsert

    Konsert i samband med 200-årsjubileet for Aasmund Olavsson Vinje

    Universitetets aula, Karl Johans gate 47, Kjøp billettar
  • Åsmund Reistad og Aasmund Nordstoga

    Konsert med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad

    Konsert i høve 200-års jubileet for Aasmund Olavsson Vinje. Arrangør er Sula Mållag

    Friheim, Langevåg,
  • 1910988_10201726189388629_3543843966000561715_o.jpg

    Sildesølv

    Trompetist Kåre Nymark tek med bandet sitt, vokalgruppa Halv 8 og tekstane til Hilde Myklebust til Aasen-tunet 26. oktober. Nymark har laga verket «Sildesølv» med vare, vakre og ville stemningar. Arrangør: Halv8

    Kjøp billettar