Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • nilssen_olaug 2017.png

    Temautstilling: Olaug Nilssens basar

    Vi viser temautstillinga om Bragepris-vinnaren i 2017, forfattar og dramatikar Olaug Nilssen.

    -
  • Tid for ti!

    Lansering av leseaksjonen Tid for ti

    Foreningen !les er ein av Noregs fremste formidlarar av litteratur. Dei står bak fleire årlege leseaksjonar – som skal få barn, ungdom og vaksne til å lese meir. Aksjonen Tid for ti 2018 er skreddarsydd for sjuande klasse, og har som mål å auke det språklege sjølvbiletet til elevane, og etablere betre haldningar til nynorsk. Hjartet i Tid for ti er ein antologi med utdrag frå ti nynorske bøker tilpassa målgruppa. Til kvart tekstutdrag finn ein spennande og kreative lese- og skriveoppgåver. Prosjektleiar for aksjonen, Ole Ivar Burås Storø, kjem til lanseringa på Hauge-senteret 19. januar saman med forfattar Tor Arve Røssland. Burås Storø fortel om aksjonen og Røssland les frå den prislønte grøssaren Glimt. I salen sit sjette- og sjuandeklassingar frå Eidfjord, Granvin og Ulvik.

    Olav H. Hauge-senteret,
  • Barndom_2018_kollasj.jpg

    Temamøte: Ein god barndom

    Ørsta og Volda SV inviterer til ope temamøte i Ivar Aasen-tunet om barndom. Kva verknad har seksårsreforma hatt på barns leik og læring, frie utfalding og aktivitet?

    Ivar Aasen-tunet, Salen,
  • Voggesongar undervegs

    Voggesongar undervegs

    Voggesongar er ein del av folkesjela. Songane går gjerne i arv frå generasjon til generasjon og ber i seg ulike musikalske tradisjonar og identitetar. «Voggesongar undervegs» tek utgangspunkt i utvalde songar som ni innvandrarkvinner, busette i Ulvik og på Voss, har med seg frå sine heimland. Konserten er eit musikalsk møte mellom innvandrarkvinner, songkoret d’kor og Benedicte Maurseth. Etter konserten held niandeklasse ved Brakanes skule kafé. I samarbeid med Voss bibliotek og d’kor.

    Elvatun, Kjøp billettar