Vi byggjer om resepsjonsområdet i perioden 19. februar til 15. mars. Aasentunet er stengt for publikum i heile ombyggingsperioden. Vi gler oss til å ta imot besøk att når ombygginga er ferdig i mars!
Utstillingane opnar for fleire sansar, med installasjonar om språk og kultur som du både kan sjå, høyre og ta på. Kunnskapsrike omvisarar tek deg med i utstillinga og gir deg forteljingar til undring og ettertanke.
Nynorsk kultursentrum arbeider for å ta vare på tryggleiken til gjester og tilsette ved Aasentunet, og vi følgjer dei nasjonale smittevernråda.
Hugs handvask/handspriting før, under og etter besøket.
Hald minst meters avstand til andre under besøket.
Video- og lydinstallasjonar er stengde, og vi oppmodar gjestar om å ikkje ta på gjenstandar.
Gjester som deltek på omvising eller andre arrangement, må registrere seg med rett namn, e-postadresse og telefonnummer for å sikre ev. smittesporing.
Bruk helst alternativ til kollektivtransport til og frå Aasentunet.
Max 10 personar samstundes i butikken/kaféen.
Servering av alkohol skjer berre ved kjøp av mat i kafeen.
Vi tillét utleige for ti inntil personar inkludert arrangør.
Personar som er smitta av korona, som sit i karantene, eller som har symptom på luftvegsinfeksjon (til dømes feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand), skal ikkje besøkje museet eller vere på arbeid.
Vi oppmodar alle gjester til å halde seg oppdaterte på gjeldande nasjonale råd og retningslinjer, då desse kan endre seg.
Museumsbutikken på nett
På Handlenett.no kan du kjøpe gåver og bøker til deg og dine.
Opplev Digitale festspel 2020 heime i di eiga stove. På nynorsk.no kan du nyte ulike bidrag i form av både tekst, lyd og video når det passar for deg. Det meste er gratis!
Aasentunet byggjer om resepsjonsområdet i perioden 19. februar til 15. mars. I samarbeid med Hille Strandskogen Arkitekter er det lagt planar for ei opnare løysing.
I 2020 var det for første gong over 800 000 besøk på nettsidene til Nynorsk kultursentrum. – Eg er glad vi har vore til stades digitalt i eit år der fysisk nærvær har vore vanskeleg, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.
Hausten 2020 fekk barnehagane rundt Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret og Vinje-senteret invitasjon til å vere med på å lage eigne kunstverk inspirert av boka «Leggetid» av Frode Grytten. Heile 17 barnehagar melde seg på.