Fotballmagasin på nynorsk
Fotballmagasinet Josimar

Fotballmagasin på nynorsk

Fotballmagasinet Josimar i Oslo har fått 220 000 kroner frå Vinje-fondet for å lage internasjonal fotballjournalistikk på nynorsk.

Magasinet har vore utgitt sidan 2009 og har lenge hatt stoff på nynorsk, men no kan redaktør og utgivar Håvard Melnæs satse meir. Også fire andre prosjekt får i år støtte frå Vinje-fondet, som blir forvalta av Nynorsk kultursentrum.

– Dei tiltaka som har fått støtte i år, tener til å forbetre bruken av nynorsk og styrkje bruken av nynorsk på område der språket er for lite brukt i dag, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. – Gledeleg i år var det også at større mediebedrifter no ser til Vinje-fondet for å delfinansiere nye satsingar,

Vinje-fondet er ei årleg løyving frå Kulturdepartementet som skal fremje meir bruk av nynorsk i pressa. I år fekk Vinje-fondet 12 søknader på til saman 2,3 millionar, og 650 000 kroner blei fordelte på fem prosjekt. Frå og med den første utdelinga i 2010 har Vinje-fondet løyvt 4,3 millionar til 15 tiltak for meir nynorsk i pressa. Informasjon om desse er å finne på Vinjesenteret.no.

Som i fjor fekk nettavisa Framtida.no støtte til sitt treårige arbeid med meir forskingsjournalistikk på nynorsk for unge lesarar. Løyvinga i år er på 250 000 kroner

Avisa Nordhordland i Lindås fekk midlar til å utvikle journalistikk for unge lesarar, og avisene Nordre i Brattvåg og Romsdals Budstikke i Molde har fått midlar til å gjere journalistane sine tryggare i nynorsk.

650 000 kroner frå Vinje-fondet 2016:
Nordre, Brattvåg 50 000
Romsdals Budstikke, Molde  50 000
Framtida.no, Oslo/Stord 250 000
Josimar, Oslo 220 000
Nordhordland, Lindås 80 000